Yehiam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yehiam
יְחִיעָם
kibbutz
Land  Israel
Region Vest-Galilea
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 32°59′45″N 35°13′14″E / 32.99583°N 35.22056°E / 32.99583; 35.22056
Folketal 596 (2015)
Grunnlagd 1946
 - Grunnlagd av Hashomer Hatzair Nahal Members, Hungarian Aliya
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Kart
Yehiam
32°59′45″N 35°13′14″E / 32.995697222222°N 35.2205°E / 32.995697222222; 35.2205
Wikimedia Commons: Yehiam
Nettstad: www.yechiam.org.il

Yehiam (יְחִיעָם) er ein kibbutz i Israel, vest i Øvre Galilea, 13 km aust for kystbyen Nahariya og 20 km søraust for grenseovergangen til Libanon. Yehiam ligg kring 365 meter over havet og høyrer til Matte Asher regionale kommune. I 2015 hadde Yehiam 450 innbyggjarar, av desse var 150 kibbutzmedlemmar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Forsyningar droppa frå fly til Yehiam i 1948

Kibbutz Yehiam vart grunnlagd den 27. november 1946 av 50 medlemmar av den sionist-sosialistiske ungdomsrørsla Hashomer Hatzair, som omgjorde ruinane av ei osmansk borg over ruinane av ei krossfararborg ved Khirbat Jiddin til ein militær treningsleir.[1] Han vart kalla opp etter Yehiam Weitz, sonen av sionistleiaren Yosef Weitz, som vart drepen «natta for bruene», som var ein Palmach-operasjon den 16.-17. juni 1946. Dei britiske mandatstyresmaktene støtta opprettinga av kibbutzen, trass i at det var i mot offisiell britisk politikk.[2]

Delingsplanen til SN i 1947 sette Yehiam innafor grensene til den arabiske staten, og ikkje den jødiske.

Den 20. januar 1948 gjekk 200-300 soldatar frå den arabiske frigjeringsarmeen til åtak mot Yehiam, væpna med bombekastarar, maskingevær og rifler. Styrken kringsette kibbutzen frå alle sider og blokkerte vegane inn. Ein tropp britiske soldatar utveksla eld med det arabiske regimentet, som trekte seg attende og prøvde å angripe igjen natta etter, men vart drivne attende av ei forsterking av Haganah-soldatar.[3]

Den 27. mars 1948 vart ein Haganah-konvoi send for å føre forsyningar til kibbutzen, då han vart kringsett av arabiske styrkar. Yehiam-konvoien bestod av fem lastebilar og eit pansra kjøretøy og var angripen av 250 arabarar nær Al-Kabri.[4]

Grunnleggjarane av kibbutzen Yehiam budde i telt mellom ruinane. Dei lagde mat i eit lite kjøken med forsyningar som vart flydd inn. Dei var særs synlege for dei arabiske troppane som var stasjonerte på åsane, og vart stadig skoten på av desse. Kommunikasjonen med verda utafor føregjekk gjennom bål, blinklys og duer til Nahariya og Kiryat Haim. Yehiam-medlemmane dyrka grønsaker, druer og fersken.

Under Operasjon Dekel erobra og avfolka den israelske hæren beduinlandsbyen Khirbat Jiddin den 10. og 11. juli 1948. Fleire operasjonar seinare var heile Galilea erobra av jødiske styrkar under Operasjon Hiram den 29-31. oktober 1948.

Etter den arabisk-israelske krigen 1948, vart det bygd nye hus, inkludert det første barnehuset. Hashomer Hatzair-grupper kom til frå forskjellige stader i Israel, i tillegg til Aliya frå Cuba, Frankrike, Uruguay, Argentina, Mexico og Colombia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Israel and the palestinske Territories, Rough Guides , Rough Guides 1998 p.235.
  2. U. Milstein, Historie of Israel's War of Independence, Vol III, University Press of America, pp. 46-47.
  3. Haim Levenberg,Military Preparations of the Arab Community in Palestine, 1945-1948, p.193.
  4. The Scotsman, Monday 29 March 1948. Reporter: Eric Downton

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]