Shomrat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°57′4.32″N 35°5′44.15″E
Shomrat
שָׁמְרַת
kibbutz
Shomrat water tower 2011.jpg
Shomrat vasstårn
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Vest-Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Mateh Asher
Koordinatar 32°57′4.32″N 35°5′44.15″E
Grunnlagd 29 May 1948
 - Grunnlagd av Hashomer Hatzair-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Shomrat
Nettstad: www.at-shomrat.com

Shomrat (שָׁמְרַת) er ein kibbutz i Vest-Galilea i Israel. Han ligg på kysthovudvegen like nord for Akko, og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 347.

Kibbutzen ligg på landområdet til den avfolka palestinske landsbyen Al-Manshiyya, nord for landsbyen.[1]

Grunnleggjarane budde opphavleg på ein stasjon nytta for jordbrukseksperiment ved Akko. Etter eit væpna åtak av palestinarar frå Al-Manshiyya mot medlemmar i Shomrat på veg til jobb. Sekretæren i kibbutzen vart drepen. Haganah-styrkar vart kalla inn for fjerne angriparane.

Kibbutzen vart grunnlagd i 1948 av Hashomer Hatzair-medlemmar frå Slovakia og Romania. Somme av grunnleggjarane kjempa med motstandsstyrkar mot nazistane i Europa, medan dei fleste kom frå forskjellige nazistiske konsentrasjonsleirar. Dei fleste av grunnleggjarane av kibbutzen kom til Palestina som ein del av organisasjonen Aliya Bet, og vart internert i leirar på Kyrpos. Kibbutzen ligg i området til Asher-stammen, og er kalla opp etter Shomer, ein av sønene til Asher.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Khalidi, 1992, p. 23

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]