Lohamey HaGeta'ot
Lohamei HaGeta'ot | |||
לוֹחֲמֵי הַגֵּיטָאוֹת | |||
kibbutz | |||
Namneopphav: Ghettokjemparane | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Vest-Galilea | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Mateh Asher | ||
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 1949 | ||
- Grunnlagd av | Overlevande kjemparar frå ghettoopprøret i Warszawa, tidlegare jødiske partisanar og andre Holocaust-overlevande. | ||
Tilhøyrsle | Kibbutz-rørsla | ||
![]() Lohamey HaGeta'ot | |||
Wikimedia Commons: Lohamei HaGeta'ot | |||
Lohamei HaGeta'ot (לוֹחֲמֵי הַגֵּיטָאוֹת, tyder Ghettokjemparane) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg vest i Galilea, og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 467.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Kibbutzen vart grunnlagd i 1949 langs kysthovudvegen mellom Akko og Nahariya, der den tidlegare arabiske landsbyen Al-Sumayriyya låg.[1] Nybyggjarane var mellom anna overlevande frå ghettooppreisten i Warszawa (mellom anna Icchak Cukierman, nestleiar i ŻOB), og tidlegare jødiske partisanar og andre Holocaust-overlevande. Han er namngjeven til minne om jødane som kjempa mot nazistane.
Arkeologi[endre | endre wikiteksten]
Like ved kibbutzen ligg det store ruinar etter ein akvedukt som gav vatn til Akko, kring 6 km unna, fram til 1948. Akvedukten vart opphavleg bygd mot slutten av 1700-talet av Jezzar Pasha, den osmanske herskaren av Akko, men vart ferdigbygd av sonen hans, Suleiman, i 1814.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Lohamey HaGeta'ot» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ pp 30-31, All That Remains, ed. Walid Kalidi, publ. Institute for Palestine Studies, Washington, DC, ISBN 0-88728-224-5
- ↑ Moreh Derech trip report
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Ghetto Fighters' House
- Kibbutz Lohamei HaGeta'ot Arkivert 2009-02-01 ved Wayback Machine. (he)