Arab al-Aramshe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°5′24.18″N 35°13′43.06″E
Arab al-Aramshe
עַרַבּ אל-עַרָמִשָׁה, عرب العرامشة, Arab al-Aramisha, Aramisha, Aramsha
landsby
Mosque in Arab al Aramsha, Israel.JPG
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Øvre Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Mateh Asher
Koordinatar 33°5′24.18″N 35°13′43.06″E
Folketal 1 437 (2011) [1]
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Arab al-Aramshe

Arab al-Aramshe (arabisk عرب العرامشة, עַרַבּ אל-עַרָמִשָׁה), offisielt Aramisha (עַרָמִשָׁה, עראמשה), er ein beduinsk landsby i Vest-Galilea i Israel, like sør for den libanesiske grensa, ikkje langt frå Middelhavskysten. Landsbyen høyrer til Mateh Asher regionale kommune.

Aramshe, som han vert kalla på folkemunne, vart grunnlagd som ein permanent busetnad for beduinar i området. I 2011 hadde han 1 437 innbyggjarar.[1]

I løpet av åra har innbyggjarane i Aramshe fleire gonger vorte angripne av Katyusha-rakettar frå Sør-Libanon av Hizbollah. Under Libanonkrigen i 2006 mista ei mor og to av døtrene hennar livet då ein rakett fall ned på huset deira den 5. august.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israel Central Bureau of Statistics. 2011. Henta 8. mars 2015. 
  2. Einav, Hagai (5. august 2006). «Bedouin Village Suffers Great Disaster». Ynetnews.