John Rawls

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Rawls
John Rawls (1971 photo portrait).jpg
Fødd21. februar 1921
Baltimore
Død24. november 2002
Lexington
NasjonalitetUSA
Områdepolitisk filosofi, statsvitskap
Yrkefilosof, pedagog, universitetslærar, politikar
InstitusjonarPrinceton University
Harvard University
Massachusetts Institute of Technology
Cornell University
Alma materPrinceton University
Kent School
Calvert School
DoktorgradsrettleiarWalter Terence Stace
EktefelleMargaret Warfield Fox
BarnAnne Warfield Rawls
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
American Philosophical Society
British Academy

John Rawls (21. februar 192124. november 2002) var ein amerikansk filosof. Han er mest kjent for hovudverket sitt 'Ein teori om rettferd' (A Theory of Justice) frå 1971, der han kom med eit kontraktteoretisk alternativ til utilitarismen. Dette verket revolusjonerte den politiske filosofien i USA, og sette i gang ein debatt mellom kommunitaristar og liberalistar. Debatten handla om kvar sterkt fellesskapsband som må til for at eit demokrati skal fungera. Rawls ynskja å skapa prosedyrar som skulle hjelpa menneske å løysa konfliktar. Sentralt for samarbeid mellom menneske er sosiale institusjonar, som er basisstrukturen i samfunnet.

Rawls rettleidde den norske filosofen Andreas Føllesdal til doktorgraden sin.[1]

Politisk filosofi[endre | endre wikiteksten]

Rawls var ein forsvarar av liberal egalitarismen, og var inspirert av dei klassiske kontraktsteoretikarane, Hobbes, Locke og Kant. Rawls moderniserte den kontraktsteoretiske argumentasjonen og delte han inn i tre delar:

  1. den opphavleg posisjon
  2. rettferdsprinsipp
  3. reflektiv likevekt.

Den opphavlege posisjon[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste delen, den opphavlege posisjonen, var eit tankeeksperiment der ein skulle førestilla seg eit samfunn utan ein stat, der representantar frå samfunnet skulle verta samde om ein samfunnskontrakt. Rettferd stod sentralt i Rawls sitt idealsamfunn, som innebar at alle individa var like mykje verde og dimed viktig at kvart individ hadde sin rett på dei same primærgodane (politiske, økonomiske og sosiale godar), desse kunne ein nytta for å oppnå andre og fleire godar.[2] Menneske av natur var styrt av sine eigeninteresser, og hadde dimed eit ynske om å tilegna seg flest godar sjølv. Utfordringa med individa sine eigeninteresser var at ein ville skapa urettferd, då nokon ville ha fleire godar enn andre, og dimed ha større mogleik til positiv sosial mobilitet. For å unngå at samfunnskontrakten medførte forfordelte godar, skulle partane ha ei «slør av vankunne» (veil of ignorance) når dei laga kontrakten. I denne posisjonen var partane uvitande om eins eigen sosiale bakgrunn (status, religion, hudfarge, inntekt osv.). Den einaste informasjonen dei hadde bak uvitandesløret, var ein grunnleggjande informasjon om mennesket og samfunnet. Utan denne informasjonen, ville ein ikkje kunne vera i stand til å gjera val i det heile. Bak dette sløret av vankunne skulle ein velja dei rettferdsprinsippa som basisstrukturen – politiske, økonomiske og rettslege institusjonar – skulle forhalda seg til. Ettersom ein ikkje visste noko om seg sjølv og si framtid, meinte Rawls at ein ville velja på ein slik måte at ein ikkje sjølv ville hamna i fattigdom ved å maksimera eins utfall sjølv om ein kom dårlegast ut, ein såkalla maksimin-strategi.[3][4]

Rettferdsprinisipp[endre | endre wikiteksten]

Rawls meinte at alle individ skulle ha like mogleikar til å utvikla seg uavhengig av deira sosiale bakgrunn. I boka A Theory of Justice gav John Rawls ein teori om sosial fordeling basert på tre prinsipp: prioriteringsprinsippet, fridomsprinsippet og forskjellsprinsippet.

Prioriteringsprinsippet[endre | endre wikiteksten]

Rawls meinte fridomsprinsippet alltid skulle vera ein prioritet, og at dette måtte vera oppfylt før forskjellsprinsippet.[4] Likevel var det eitt unntak dersom dei dårlegast stilte i samfunnet leid så stor nød at dei ikkje kunne gjera seg notne av fridomsprinsippet.

Fridomsprinsippet[endre | endre wikiteksten]

Fridomsprinsippet handla om at einkvar skulle ha den same retten til det mest omfattande systemet av grunnleggjande fridomar som var i samsvar med eit tilsvarande system av fridomar slik alle andre hadde.[5] Dei grunnleggjande fridomane skulle liggja til grunn i grunnlova til staten. Alle individa hadde krav på dei same og like mange sosiale og politiske rettane (m.a. ytringsfridom, religionsfridom og røysterett) og retten til personleg eigedom og val av yrke. Fridomsprinsippet innebar òg at staten skulle tilbyda borgarane velferdsgodar (t.d. retten til helsehjelp og utdanning) som var finansiert igjennom skattar.

Forskjellsprinsippet[endre | endre wikiteksten]

Forskjellsprinsippet handla om at sosiale og økonomiske forskjellar skulle oppfylla to vilkår:

  1. Sjanselikskap: stillingar og posisjonar med mykje makt og som var godt betalte var berre rettferdig dersom dei var tilgjengelege for alle, og at alle individa hadde reelt like mogleikar, uavhengig av familiær og sosial bakgrunn, til å oppnå desse stillingane.
  2. Differanseprinsippet: økonomisk og sosial ulikskap var berre rettferdig dersom det gagna dei dårlegaste stilte medlemane i samfunnet.[4][6][7]

Ifylgje Rawls var ein stat politisk legitim dersom han hadde oppfylt det fyrste prinsippet – fridomsprinsippet – men for at han skulle vera rettferdig måtte han oppfylla både fridomsprinsippet og forskjellsprinsippet. Ein rettferdig stat måtte vera ein omfattande stat som syrgde for å omfordela godane frå dei som hadde mest til dei dårlegast stilte i samfunnet.

Reflektiv likevekt[endre | endre wikiteksten]

I ein reflektiv likevekt er det samsvar mellom rettferdsprinsippa og dei moralske intuisjonane våre. Reflektiv likevekt kan, saman med rettferdsprinsippa og den opphavlege posisjonen, vera hjelpemiddel som vi kan nytta oss av for å skapa samanheng mellom våre eigne motstridande oppfatningar.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Rawls sin politiske filosofi vart mellom anna kritisert av Robert Nozick. Nozick meinte differanseprinsippet tillét urettferd, då det tillét ufriviljug kontinuerleg omfordeling av godar. Han meinte dei som arbeidde lite hadde mykje fritid, medan dei som arbeidde hardt og på overtid, missa fritida si og fekk ikkje nyta dei ekstra pengane dei hadde tent, ettersom ein vart skattlagd meir. Ved skattlegging av personar, for dernest å omfordela dei økonomiske ressursane til dei dårlegast stilte var ei form for tvangsarbeid, «tvinga ein annan person til å arbeida n timar for eit anna føremål».[4]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Norsk
  • Rettferd som rimelighet : en reformulering. Innleiing ved Andreas Føllesdal, omsett av Kai Swensen (Originaltittel Justice as fairness) Basert på ei førelesingsrekke ved Harvard, 1980-1989 Pax 2003 ISBN 8253024320
Engelsk
  • A Theory of Justice. Cambridge, Massachusetts: Belknap Press of Harvard University Press, 1971.
  • Political Liberalism. New York: Columbia University Press, 1993.
  • The Law of Peoples. Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press, 1999.
  • Collected Papers. Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press, 1999.
  • Lectures on the History of Moral Philosophy. Cambridge, Massachusetts, Harvard University Press, 2000.
  • Justice as Fairness. A Restatement. Cambridge, Massachusetts: Belknap Press, 2001.
  • Lectures on the History of Political Philosophy. Cambridge, Massachusetts, Harvard University Press, 2007.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ole Peder Giæver (3. desember 2002). «Rawls tanker lever videre». Universitas. Arkivert frå originalen 2022-01-15. 
  2. Wenar, Leif (2021). Zalta, Edward N., red. «John Rawls». Metaphysics Research Lab, Stanford University. 
  3. «ethics - Objections to consequentialism | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 19. november 2022 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Premchand, L., (2017) “Social Justice and Rawls’ Difference Principle”, Essex Student Journal 9(1). doi: https://doi.org/10.5526/esj17
  5. Aanesen, K.H. «Kva er ei rettferdig fordeling?» (nynorsk). NDLA. Henta 30. november 2022. 
  6. «Fair Equality of Opportunity | Equality of Opportunity and Education», edeq.stanford.edu (på engelsk), henta 30. november 2022 
  7. «Constitutional Rights Foundation», www.crf-usa.org, henta 19. november 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]