Undo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Undo»
Eurovision Song Contest 2014
Land Sverige
Artist(ar) Sanna Viktoria Nielsen
Alias Sanna Nielsen
Språk Engelsk
Komponist(ar) Fredrik Kempe, David Kreuger og Hamed «K-One» Pirouzpanah
Låtskrivar(ar) Fredrik Kempe, David Kreuger og Hamed «K-One» Pirouzpanah
Resultat
Semifinalepoeng 131
Semifinaleplass 2
Finalepoeng 218
Finaleplass 3
Sverige i Eurovision Song Contest
«You»
(2013)
«Undo» «Heroes»
(2015)

«Undo» (norsk omsetjing Gjere om) er ein svensk popballade frå 2014, komponert av Fredrik Kempe, David Kreuger og Hamed «K-One» Pirouzpanah. Songen blei framført av Sanna Nielsen og vann svenske Melodifestivalen i 2014 og var det svenske bidraget i Eurovision Song Contest same år i København. Der enda han på tredjeplass i finalen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Undo» var eit av bidraga i Melodifestivalen 2014 og var komponert av låtskrivarveteranane Fredrik Kempe, David Kreuger og Hamed «K-One» Pirouzpanah. Kempe hadde tidlegare vunne Melodifestivalen tre gongar: «Hero» (2008), «La voix» (2009) og «Popular» (2011). Til å framføre låten hadde låtskrivarane henta Sanna Nielsen som sjølv hadde delteke i Melodifestivalen seks gongar tidlegare. Dette blei fyrste gongen ho vann Melodifestivalen.

«Undo» deltok i den andre delfinalen i Linköping 8. februar 2014, der han vann og kvalifiserte seg til finalen i Friends Arena i Stockholm laurdag 8. mars. Etter juryavrøystinga låg songen på andreplass, men vann telefonavrøystinga og vann samanlagt – berre to poeng framfor Ace Wilder og «Busy Doin' Nothin'». Dette var den knappaste sigeren i Melodifestivalen på mange år.[1] Med sigeren blei «Undo» det svenske bidraget til Eurovision Song Contest 2014 i København.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I Eurovision Song Contest 2014 i København deltok Sverige i den fyrste semifinalen tysdag 6. mai 2014. Der enda songen på andreplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 10. mai 2014. I finalen var «Undo» det 13. bidraget ut på scena av 26 bidrag. I avrøystinga fekk «Undo» 218 poeng og enda på tredjeplass. Sverige fekk tre 12-poengarar, frå Danmark, Romania og Ukraina.[2]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

«Undo» nådde ein på andreplass på den svenske singellista og toppa Svensktoppen. Songen gjekk også inn på fleire europeiske hitlister og den australske hitlista etter Eurovision Song Contest.[3]

Liste (2014) Høgaste
plassering
Flagget til Austerrike Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[4] 12
Flagget til Australia Australia (ARIA Charts)[5] 81
Flagget til Belgia Belgia, Flandern (Ultratop)[6] 25
Flagget til Belgia Belgia, Vallonia (Ultratop)[7] 48
Flagget til Danmark Danmark (Tracklisten)[8] 5
Flagget til Finland Finland (Digital nedlastning – Latauslista)[9] 7
Flagget til Frankrike Frankrike (SNEP)[10] 131
Flagget til Island Island (RÚV)[11] 11
Det irske flagget Irland (IRMA)[12] 21
Det nederlandske flagget Nederland (Single Top 100)[13] 21
Flagget til Skottland Skottland (Official Charts)[14] 39
Det britiske flagget Storbritannia (UK Singles Chart)[15] 40
Flagget til Sveits Sveits (Schweizer Hitparade)[16] 11
Flagget til Sverige Sverige (Sverigetopplistan)[17] 2
Flagget til Tyskland Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[18] 32

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sweden, Sveriges Television AB, Stockholm, (2018). «Melodifestivalen 2014». svt.se (på svensk). Henta 17. juni 2018. 
  2. «Sveriges poeng i Eurovision Song Contest 2014». eurovision.tv. EBU. Arkivert frå originalen 17. juni 2018. Henta 17. juni 2018. 
  3. «Undo av Sanna Nielsen». NostalgiListan (på svensk). Henta 17. juni 2018. 
  4. Hung, Steffen. «Sanna Nielsen - Undo». austriancharts.at. Henta 17. juni 2018. 
  5. «Justice Crew Spend Second Week At ARIA No 1». www.noise11.com (på engelsk). Henta 17. juni 2018. 
  6. «Sanna Nielsen - Undo». ultratop.be. Henta 17. juni 2018. 
  7. «Sanna Nielsen - Undo». ultratop.be. Henta 17. juni 2018. 
  8. Hung, Steffen. «danishcharts.com - Sanna Nielsen - Undo». danishcharts.com. Arkivert frå originalen 17. juni 2018. Henta 17. juni 2018. 
  9. «Musiikkituottajat - Tilastot - Suomen virallinen lista - Artistit». www.ifpi.fi (på finsk). Henta 17. juni 2018. 
  10. Hung, Steffen. «lescharts.com - Sanna Nielsen - Undo». lescharts.com. Henta 17. juni 2018. 
  11. «Undo». RÚV (på engelsk). 11. april 2016. Henta 17. juni 2018. 
  12. «TOP 100 SINGLES, WEEK ENDING 15 May 2014». www.chart-track.co.uk (på engelsk). GFK Chart-Track. Arkivert frå originalen 5. oktober 2016. Henta 17. juni 2018. 
  13. Hung, Steffen. «Sanna Nielsen - Undo». hitparade.ch. Henta 17. juni 2018. 
  14. «Official Scottish Singles Sales Chart Top 100 | Official Charts Company». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 17. juni 2018. 
  15. «SANNA NIELSEN | full Official Chart History | Official Charts Company». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 17. juni 2018. 
  16. Hung, Steffen. «Sanna Nielsen - Undo - hitparade.ch». hitparade.ch. Henta 17. juni 2018. 
  17. Hung, Steffen. «swedishcharts.com - Sanna Nielsen - Undo». swedishcharts.com. Henta 17. juni 2018. 
  18. «Sanna Nielsen – Undo – Offizielle Deutsche Charts». www.offiziellecharts.de (på tysk). Offizielle Deutsche Charts. Henta 17. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]