Heroes av Måns Zelmerlöw

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Heroes»
Song av Måns Zelmerlöw
20150516 ESC 2015 Måns Zelmerlöw 9989.jpg
Land Sverige
Språk Engelsk
Utgjeve 28. februar 2015
Sjanger Pop, Dance-Pop, House
Lengd 03:11
Selskap Warner Music
Låtskrivar(ar) Anton Malmberg Hård af Segerstad, Joy Deb og Linnea Deb

«Heroes» (norsk omsetjing: heltar) er ein svensk popsong som vann Eurovision Song Contest 2015 for Sverige. Songen vert framført av artisten Måns Zelmerlöw og er skriven av Anton Malmberg Hård af Segerstad, Joy Deb og Linnea Deb. Songen vart sloppen for digital nedlasting 28. februar 2015.[1] Dette var den sjette sigeren til Sverige i tevlinga, og «Heroes» toppa singellistene i blant anna Sverige, Austerrike og Sveits.[2] I Noreg nådde «Heroes» ein fjerdeplass på VG-lista.

Melodifestivalen[endre | endre wikiteksten]

«Heroes» var eit av bidraga som vart plukka ut til å deltake i Melodifestivalen, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest. Måns Zelmerlöw framførte songen i den fjerde semifinalen, som gjekk av stabelen i Örebro laurdag 28. februar 2015. Der kvalifiserte han seg direkte til finalen i Globen i Stockholm laurdag 14. mars.

I finalen var «Heroes» førehandsfavoritt. Songen var det sjette bidraget på scena av ti bidrag i finalen, og han vann Melodifestivalen med 122 poeng frå dei internasjonale juryene og 166 poeng fra dei svenske tv-sjåarane. Med 288 poeng sammenlagt vann «Heroes» den klaraste sigeren med det dåverande poengsystemet i Melodifestivalen149 poeng foran andreplassen.[3]

Det uvanlege sceneshowet fekk også mykje merksemd. Zelmerlöw sit foran ein videoskjerm der ein liten teikneserie-gutt dukkar opp. Underveis i framføringa samhandlar dei to, blant anna ved at dei dunkar knokane mot kvarandre. Figuren måtte justerast noko foran Eurovision Song Contest, på grunn av strid om rettar.[4]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«Heroes» var ein av favorittane i forkant av tevlinga, og Sverige deltok i den andre semifinalen i Wien torsdag 21. mai 2015. Songen vann semifinalen og sikra seg ein plass til finalen laurdag 23. mai. Der var «Heroes» bidrag nummer 10 av 27 på scena. I avrøystinga fekk Sverige 365 poeng og vann Eurovision Song Contest med god margin foran Russland og Italia.

Sverige vann juryavrøystinga med god margin, men vart berre nummer tre i telefonavrøystinga. Dette var fyrste gongen ein Eurovision-vinnar ikkje vann telefonavrøystinga. Samtlege vinnarar frå 2009 til 2014 vann også telefonavrøystinga.[5]

Sigeren gjorde at Sverige fekk arrangere Eurovision Song Contest 2016.

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

«Heroes» vart ein stor salgssuksess og kom inn på fleire europeiske hitlister. I Noreg nådde songen ein fjerdeplass på VG-lista og vart også sertifisert med gull i Noreg, noko som inneber at songen vart lasta ned eller strøymd minst 2 millioner gongar i Noreg.[6]

Liste (2015) Høgaste
plassering
Flag of Austria.svg Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[7] 1
Flag of Australia.svg Australia (ARIA Charts)[8] 19
Flag of Belgium (civil).svg Belgia, Flandern (Ultratop)[9] 1
Flag of Belgium (civil).svg Belgia, Vallonia (Ultratop)[10] 6
Flag of Denmark.svg Danmark (Tracklisten)[11] 7
Flag of Europe.svg Europa (Euro Digital Songs)[12] 6
Flag of Finland.svg Finland (Suomen virallinen lista)[13] 5
Flag of France.svg Frankrike (SNEP)[14] 33
Flag of Greece.svg Hellas (Digital Songs Billboard)[15] 1
Flag of Iceland.svg Island (Tónlist)[16] 1
Flag of Ireland.svg Irland (Irish Singles Chart)[17] 10
Flag of Israel.svg Israel (Media Forest) 2
Flag of Italy.svg Italia (FIMI)[18] 87
Flag of Luxembourg.svg Luxembourg (Digital Songs Billboard)[19] 3
Flag of the Netherlands.svg Nederland (Single Top 100)[20] 12
Flag of Norway.svg Noreg (VG-lista)[21] 4
Flag of Poland.svg Polen (Airplay Top 100)[22] 5
Flag of Romania.svg Romania (Airplay 100)[23] 58
Flag of Russia.svg Russland (2M)[24] 3
Flag of Slovakia.svg Slovakia (IFPI Slovakia Rádio Top 100)[25] 48
Flag of Spain.svg Spania (PROMUSICAE)[26] 3
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia (UK Singles Chart) 11
Flag of Switzerland.svg Sveits (Schweizer Hitparade)[27] 1
Flag of Sweden.svg Sverige (Sverigetopplistan)[28] 1
Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkia (Hitparáda Singles Top 100)[29] 69
Flag of Turkey.svg Tyrkia (Number One Top 40)[30] 3
Flag of Germany.svg Tyskland (Offisiell singelliste)[31] 3
Flag of Hungary.svg Ungarn (Single Top 40)[32] 12

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Heroes – Single by Måns Zelmerlöw». Apple Music. Henta 13. januar 2017. 
  2. «'Heroes' på singellister i diverse land». austriancharts.at. Henta 2. mars 2017. 
  3. Emma Petersson (14. mars 2015). «Måns Zelmerlöw är vinnaren i Melodifestivalen 2015». svt.se. Henta 13. januar 2016. 
  4. Robin Scott (30. april 2015). «Sweden: Meet Måns’ new backdrop video friend». esctoday.com. Henta 13. januar 2017. 
  5. Dennis Van Ee (24. mai 2015). «Vienna 2015: Italy wins televote, Sweden wins jury vote». ESCDaily.com. Arkivert frå originalen 2017-06-19. Henta 13. januar 2017. 
  6. «Måns Zelmerlöw – Heroes (søkbar database)». IFPI Norge. Henta 13. januar 2017. 
  7. austriancharts.at – Måns Zelmerlöw – Heroes
  8. «ARIA Australian Top 50 Singles Chart». Australian Recording Industry Association. 1. juni 2015. Arkivert frå originalen 2015-05-30. Henta 30. mai 2015. 
  9. ultratop.be – Måns Zelmerlöw – Heroes
  10. ultratop.be – Måns Zelmerlöw – Heroes
  11. [1] Arkivert 23. mars 2015 på Wayback Machine.
  12. «Måns Zelmerlöw». Billboard.com. Arkivert frå originalen 2017-01-18. Henta 13. januar 2017. 
  13. «Jamala 1944». ifpi.fi. Henta 13. januar 2017. 
  14. lescharts.com – Måns Zelmerlöw – Heroes
  15. «Greece Digital Songs: 13 June 2015». Billboard. Henta 7. juni 2015. (krev abonnement (help)).  Arkivert 7. november 2015 på Wayback Machine.
  16. Måns Zelmerlöw – Heroes Arkivert 4. mars 2016 på Wayback Machine.
  17. «Top 100 Singles, Week ending 28 May 2015». GfK Chart-Track. Arkivert frå originalen 7. oktober 2016. Henta 13. januar 2017. 
  18. https://web.archive.org/web/20170203161858/http://www.italiancharts.com/forum.asp?todo=viewthread&id=44567&pages=. Arkivert frå originalen 2017-02-03. 
  19. «Luxembourg Digital Songs: 13. juni 2015». Billboard. Henta 7. juni 2015. (krev abonnement (help)).  Arkivert 7. november 2015 på Wayback Machine.
  20. dutchcharts.nl – Måns Zelmerlöw – Heroes
  21. «VG-lista for 'Heroes'». VG Nett. Henta 13. januar 2017. 
  22. «AirPlays - Top - Archiwum». bestsellery.zpav.pl. Henta 13. januar 2017. 
  23. «Airplay 100, Podcast (21 Jun), cca. minute 90» (på rumensk). Kiss FM. 
  24. «Lenta.ru: Песня Гагариной на «Евровидении»». Lenta.ru (på russisk). Rambler Media Group. 27. mai 2015. Henta 29. mai 2015. 
  25. IFPI Slovakia Rádio Top 100
  26. spanishcharts.com – Måns Zelmerlöw – Heroes Arkivert 23. mars 2015 på Wayback Machine.
  27. hitparade.ch – Måns Zelmerlöw – Heroes
  28. swedishcharts.com – Måns Zelmerlöw – Heroes
  29. Hitparáda Singles Top 100
  30. «Digital Singles Charts - Turkey». Number One Top 40. Arkivert frå originalen 25. mai 2015. Henta 25. mai 2015.  Arkivert 8. april 2015 på Wayback Machine.
  31. offiziellecharts.de – Måns Zelmerlöw – Heroes
  32. «2016/20. heti Single (track) Top 40 lista». Hivatalos magyar slágerlisták. Henta 13. januar 2017.