Aleksandr Jakovlev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1917
Fiolinist, 1915

Aleksandr Jevgenijevitsj Jakovlev[1] (25. juni 188712. mai 1938) var ein russisk nyklassisistisk målar, teiknar og formgjevar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Jakovlev var son av ein marineoffiser frå St. Petersburg, der også han sjølv vart fødd. Mellom 1905 og 1913 studerte han ved St. Petersburgs kunstakademi under Kardovskij. Samstundes som han var student teikna han for kunstmagasina Apollon, Satiricon, Niva og Nye Satiricon. Under studietida vart han og ein annan akademi-student, Vladimir Sjukhajev, bestevenner. Dei var nærast uskiljelege og fekk tilnamnet tvillingane. Jakovlevs store gruppeportrett På akademiets datsja vart utstilt på Østersjøutstillinga i Malmö i 1912, og vart prisa av kritikarar som var til stades, der i mellom Aleksandr Benois. Same året, 1912, vart Jakovlev med i kunstrørsla Mir iskusstva.

I 1913 fekk Jakovlev tittelen kunstnar. Samstundes fekk han stipend for å studere utanlands, basert på dei to måleria hans, Bading (Купание) og I Banjaen. Han reiste då til Italia og Spania saman med Sjukhajev. Her måla dei to eit dobbelt sjølvportrett og kalla seg for Harlekin og Pierrot. Eit anna viktig verk frå den perioden er Fiolinist, måla i 1915. Jakovlev prøvde på den tid å integrere renessansekunst med primitivisme, i særleg grad med russisk lubok.

Jakovlev returnerte i 1915 til Petrograd. Same året vart arbeida hans vist ved ei Mir iskusstva-utstilling som hausta delte kritikkar. Nokre kritikarar prisa bileta, medan kunstakademiet avviste dei. Jakovlev måla mange sangvinske verk, der i mellom eit portrett av Fjodor Sjaljapin. Han dekorerte Firsanov sitt herskapshus i Moskva med fresker, og han designa kulissar og kostyme til kabareten Prival Komediantov i Petrograd. Han underviste også på Kvinnene sitt arkitektkurs og organiserte si eiga kunstrørsle, saman med Sjukhajev, Radlov og Kardovskij. Rørsla fekk namnet Målarlauget til evangelisten Lukas (Цех Живописцев имени Святого Луки).

Sommaren 1917 fekk Jakovlev eit stipend for å studere kunst i den fjerne austen. Han reiste til Mongolia, Kina og Japan i åra 1917-19. Deretter slo han seg ned i Paris og fekk fransk statsborgarskap. Åra 1924 og 1925 var han med på ein ekspedisjon til Sahara og Ekvatorial-Afrika organisert av forretningsselskapet Citroën. Måleria hans frå Afrika vart ein stor suksess og Jakovlev vart tildelt Æreslegionen av Frankrikes regjering i 1926. To år seinare stod Jakovlev bak ei stor utstilling av eigne verk i Moskva.

1931 og 1932 var han kunstnarisk rådgjevar til ein annan Citroën-ekspedisjon, denne gongen kryssa ein Asia. Jakovlev reiste gjennom Syria, Iran, Afghanistan, Mongolia og Kina, og laga eit større tal måleri.

Frå 1934 til 1937 var Jakovlev direktør for måleriavdelinga ved School of the Museum of Fine Arts i Boston i Massachusetts. Siste månadene av livet tilbringa han i Paris og på den italienske øya Capri. Han døydde i Paris i 1938, etter ein mislukka operasjon.

Verk[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aleksandr Jakovlev

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. kyrillisk skrift Александр Евгеньевич Яковлев