Alloa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Alloa

skotsk-gælisk Allmhagh
Alloa frå Clackmannan Tower med Ochil Hills og Wallace-monumentet i bakgrunnen
Alloa frå Clackmannan Tower med Ochil Hills og Wallace-monumentet i bakgrunnen
Plassering
Alloa is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Clackmannanshire
Tradisjonelt grevskap Clackmannanshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

18 989
Koordinatar 56°7′″N 3°48′″WKoordinatar: 56°7′″N 3°48′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer FK10
Telefon-retningsnummer 0 1259
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alloa

Alloa (skotsk-gælisk Allmhagh Mòr) er ein by i regionen Clackmannanshire i Skottland. Han har kring 19000 innbyggjarar og ligg i underkant av 10 km austom Stirling på nordsida av elva Forth. Byen var ein burgh og var i si tid ein viktig handelsstad.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Glssproduksjon har lenge vore ein tradisjon i Alloa, i dag enno ved United Glas factory.

Det har vore busetjing i Alloa sidan førhistorisk tid. Arkeologiske utgravingar avdekte ei «krigargrav» i 2003.

I løpet av 1700-talet blomstra Alloa som ei hamn ved elva der produkta til fabrikkane i Glasgow vart eksportert til det kontinentale Europa. På denne tida og fram til 1950-talet var hovudindustrien på nord- og austsida av byen koldrift, og eit omfattande nett av vogner på skinnar eksisterte for å frakte kolet til hamna. Jarlane av Mar åtte mange av kolgruvene og Robert Bald, ein uvanleg oppfinnsam lokal ingeniør var medverkande til å skaffe vasskraft frå Gartmorn-dammen for å betene både gruvene og annan industri som blant anna veving. Mange spor etter vognene og Gartmorn-dammen er enno synleg i dag, og sjølv om dammen ikkje lenger blir nytta for energiproduksjon, eller vassforsyning, er han ein eigna stad for fisking og fritidssyslar.

Byen i seg sjølv var kjent for veve- og glasindustrien. Alloa var lengje assosiert med bryggeriindustri med minst ni større bryggeri som produserte ølprodukt. Denne industrien har mellombels gått ned i løpet av slutten av 1900-talet.

Byen har lidd under dårlege transportsamband sidan jernbanesambandet Stirling-Alloa-Dunfermline vart stengt i 1968. Likevel vart jernbanesambandet Stirling-Alloa-Kincardine fullført i mai 2008 [1] Dette har òg involvert bygginga av ein ny omkøyringsveg og bru slik at ein stor del av transporten gjennom byen har vorte omdirigert. Den nye jarnbana vart offisielt opna tidleg i april 2008 av transportminister Stewart Stevenson.

Forballklubben Alloa Athletic FC er basert ved Recreation Park i byen.

Folketalet på midten av 1800-talet rundt 6 440.

Kjende menneske frå byen er mellom andre fotballspelaren og kommentatoren Alan Hansen og biletkunstnarane Lys Hansen og Emma Scott-Smith. Den kanadiske politikaren George Brown vart fødd i Alloa i 1818. Grunnleggjaren av Forte Holdings som seinare vart slått saman med Trust House for å bli Trust House Forte, lord Charles Forte, voks opp i Alloa.

Interessante stader å vitje i nærleiken av Alloa er blant anna Alva, Tillicoultry, Dollar, Rumbling Bridge, Culross og Falkirk.

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

Alloa Tower.

Det mest mest kjende landemerke i Alloa er Alloa Tower frå 1300-talet, som blir administrert av National Trust for Scotland, og er ein verna del av nedarva mellomaldersk bustad for Erskine-familien, jarlane av Mar. Sjølv om det er særs endra både innvending som utvendig, har tårnet halde sitt mellomalderske tretak og brystvern omfram òg ein del av det opphavlege indre vesenet sitt. Det er éit av dei største og tidlegaste av dei skotske tårnhusa.

Byen hadde tidlegare ei rekkje bygningar frå 1600- og 1700-talet, men dei vart uheldigvis fjerna som «slumområde» på slutten av 1800-talet og framover. Alloa har likevel enno mykje historisk arkitektur i form av Alloa Tower, Inglewood House, Gean House og Greenfield House.

Alloa rådhus og bibliotek vart teikna av arkitekten Alfred Waterhouse og bygd i 1886-1889 og kosta då £18,008[2].

Alloa blir betjent av supermarknadane Iceland, Tesco, ALDI, LIDL, Morrisons og ASDA. Sistnemnde er nytt og ligg ved sida av den nye jernbanestasjonen som nyleg vart opna og no går kvar time til Glasgow via Stirling.

Kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Alloa jernbanesasjon mot Sterling.

Alloa har tre soknekyrkjer for den skotske kyrkja; North Parish Church, West Parish Church og St Mungo's Parish Church, sistnemnde den største av dei tre. I 1978 vart pastor Peter Brodie (då prest ved St Mungo's) valt som moderator av generalforsamling til den skotske kyrkja.

I tillegg har den Den sameinte frie kyrkja av Skottland i sentrum av byen gjennom forsamlinga i kyrkja Moncrieff U.F. Church i Drysdale Street.

Det er kyrkjer for andre trusretningar i byen, blant anna ei katolsk kyrkje som òg heiter St Mungo's. Det er òg kyrkjelydar i Siste Dagars Heilage og Jehovas vitne i Alloa.

Hovudkvarteret til Action of Churches Together in Scotland (ACTS), den økumeniske organisasjon som knyt saman dei største kyrkjene i Skottland, er lokalisert i Inglewood House, Alloa.

Bryggeri i Alloa[endre | endre wikiteksten]

Det var minst ni bryggeri i Alloa i løpet av 1900-talet som produserte ei rekkje typar øl for lokalt sal og for eksport. Alloa var godt posisjonert med god vasstilgang, nær lokal tilgjenge av bygg og gode samband til sjøtransport. Alloas øl vart sendt til London og George Younger hadde ein omfattande eksporthandel i Karibia, Egypt og Det fjerne austen. Alloa var òg kjent for lagerølet sitt, Alloa Brewery Co framstilte merket Graham’s Golden Lager i 1925, omdøypt til Skol på 1950-talet. Nedleggingar og samanslåingar på 1950- og 1960-talet reduserte mengda bryggeri til to og 1999 var det berre eitt tilbake, The Forth Brewery

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]