Aurèle Nicolet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aurèle Nicolet (fødd 22. januar 1926) er ein sveitsisk fløytist fødd i Neuchâtel.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Aurèle Nicolet studerte ved konservatoriet i Zürich. Her studerte han teori og tonesats under Willy Burkhard og fekk fløyteundervisning av André Jaunet. Frå 1945 - 1947 spelte han i eit orkester i byen. Seinare studerte han ved konservatoriet i Paris under Marcel Moyse. I 1947 vann han sin fyrste pris ved Paris-konservatoriet, i 1948 vann han fyrsteplassen i den internasjonale musikktevlinga i Genéve. Frå 1948 - 1950 var han solofløytist ved symfoniorkesteret i Winterthur. Deretter spelte han for Berlin filharmoniske orkester frå 1950 til 1959.

Frå 1952 til 1965 var Aurèle Nicolet professor ved musikkhøgskulen i Berlin. I same perioden underviste han i fløyte og kammermusikk ved Mozarteum i Salzburg. Frå 1965 til 1981 var han leiar av «Meisterklassen» ved eit universitet i Freiburg im Breisgau. Her underviste han særskilt dyktige elevar i fløytespel. I desse åra spelte han ofte med Münchener-Bach-orkesteret under dirigenten Karl Richter.

I 1963 vart Aurèle Nicolet tildelt Deutscher Kritikerpreis - den tyske kritikarprisen. I 1966 spelte han eigenkomponerte verk for fløyte og talerøyst saman med forfattaren Günter Grass i gamlekyrkja i Boswil. Nicolet dukkar også opp som litterær figur i Günter Grass-romanen «Mein Jahrhundert» (1999).

Musikar[endre | endre wikiteksten]

Som musikar har Nicolet vunne ry som ein stilsikker tolkar av barokkmusikk og klassisistisk musikk. Samtidig har mange samtidskomponistar skrive verk som er spesielt tileigna Nicolet. Dette gjeld m.a. Toru Takemitsu, György Ligeti, Krzysztof Meyer, Aribert Reimann, Wolfgang Hufschmidt og Edison Denisov. Aurèle Nicolet har dessutan urframført verk av komponistane Cristóbal Halffter, Heinz Holliger, Klaus Huber og Rudolf Kelterborn.

Opp gjennom åra har Nicolet undervist mange dyktige fløytistar, m.a. sveitsarane Emmanuel Pahud, Kaspar Zehnder og Thierry Fischer, samt Pedro Eustache (Venezuela), Carlos Bruneel (Belgia) og Irena Grafenauer (Slovenia).

Aurèle Nicolet har gjort ei rekkje innspelingar av klassisk fløytemusikk i karrieren sin. Han har spelt inn J.S. Bach sine komplette fløytesonater samt fløytekvintettane hans Luigi Boccherini og Joseph Martin Kraus. Av fløytekvartettar har han innspelt komposisjonar av François Joseph Gossec, Mozart og Anton Reicha. Dessutan har han spelt inn fløytemusikk av Louis Spohr og Antonio Vivaldi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]