Beach Boys' Party!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Beach Boys' Party!
Studioalbum av The Beach Boys
Utgjeve 8. november 1965
Innspelt 8. til 27. september 1965
Sjanger Rock
Lengd 31:10
Selskap Capitol
Produsent Brian Wilson
Kritikk
The Beach Boys-kronologi
Summer Days (And Summer Nights!!)
(1965)
Beach Boys' Party! Pet Sounds
(1966)

Beach Boys' Party! er eit album med av det amerikanske popbandet The Beach Boys som berre består av akustiske utgåver av andre sine songar. Albumet var det ellevte studioalbumet til bandet og det tredje dei gav ut i 1965. Sjølv om albumet vart spelt inn i eit studio, vart det marknadsført som ei innspeling frå ein fest.[1]

I august, etter at Summer Days (and Summer Nights!!) kom ut, planla leiaren av The Beach Boys, Brian Wilson, det neste studioalbumet deira, som skulle verte Pet Sounds. Capitol Records kravde eit nytt album til jul. Sidan dei hadde gjeve ut eit konsertalbum året før, Beach Boys Concert. I tillegg hadde dei alt spelt inn eit julealbum og dei meinte at eit samlealbum ville signalisere at bandet var på hell. Dei valde derfor i staden for å gjere ein «live fest». Bandet og venene deira øvde no og då på andre sine songar i september 1965. Sjølv om albumet vart presentert som ei live-innspeling, vart alle songane nøye spelt inn og latter og bakgrunnsprat vart lagt på i ettertid.[2]

Albumet inneheld utgåver av The Beatles sine «Tell Me Why», «You've Got To Hide Your Love Away» og «I Should Have Known Better», The Everly Brothers sin «Devoted To You», Phil Spector sin «There's No Other (Like My Baby)», samt utgåver av deira eigne «I Get Around» og «Little Deuce Coupe». Beach Boys' Party! var meint som eit gøyalt album utan singlar, sidan Wilson gjorde klar «The Little Girl I Once Knew» samstundes med at albumet kom ut.

Det siste sporet på albumet, ei utgåve av The Regents sin «Barbara Ann», vart spelt ein del på radio rundt om i landet då albumet kom ut og fekk god respons hos lyttarane. Capitol gav derfor raskt ut songen på singel og han nådde andreplassen i USA tidleg i 1966.[2]

Beach Boys' Party! nådde sjetteplass i USA (men selde aldri til gullplate) og singelen vart den største suksessen bandet hadde i Storbritannia med ein tredjeplass. Singelen var òg den første Beach Boys-songen som nådde toppen på singellista i Noreg.

Beach Boys' Party! finst i dag på CD i lag med Stack-O-Tracks og instrumentale bonusspor.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Solovokal Lengd
1. «Hully Gully» (Fred Smith/Cliff Goldsmith) Mike Love 2:22
2. «I Should Have Known Better» (John Lennon/Paul McCartney) Carl Wilson og Al Jardine 1:40
3. «Tell Me Why» (John Lennon/Paul McCartney) Carl Wilson og Al Jardine 1:46
4. «Papa-Oom-Mow-Mow» (Carl White/Al Frazier/Sonny Harris/Turner Wilson Jr.) Brian Wilson og Mike Love 2:18
5. «Mountain of Love» (Harold Dorman) Mike Love 2:51
6. «You've Got to Hide Your Love Away» (John Lennon/Paul McCartney) Dennis Wilson 2:56
Side to
# Tittel Solovokal Lengd
7. «Devoted To You» (Boudleaux Bryant) Mike Love og Brian Wilson 2:13
8. «Alley Oop» (Dallas Frazier) Mike Love 2:56
9. «There's No Other (Like My Baby)» (Phil Spector/Leroy Bates) Brian Wilson 3:05
10. «Medley: I Get Around/Little Deuce Coupe» (Brian Wilson/Mike Love/Roger Christian) Heile bandet 3:12
11. «The Times They Are a-Changin'» (Bob Dylan) Al Jardine 2:23
12. «Barbara Ann» (Brian Wilson og Dean Torrence frå Jan and Dean) Fred Fassert 3:23

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Beach Boys' Party!» frå Wikipedia på engelsk, den 30. august 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • "The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys og the Southern California Experience", Timothy White, c. 1994.
    • "Wouldn't It Be Nice - My Own Story", Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991.
    • "Top Pop Singles 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002.
    • "Top Pop albums 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002.
  1. www.allmusic.com[1]
  2. 2,0 2,1 Leaf, David (1990) The Beach Boys' Party!/Stack-O-Tracks (1990 CD-hefte)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]