I Should Have Known Better

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«I Should Have Known Better»
Singel av The Beatles
frå albumet A Hard Day’s Night
B-side «Tell Me Why»"
Utgjeve Hausten 1964
Innspelt Abbey Road Studios
25.26. februar 1964
Sjanger Pop
Lengd 02:44
Selskap Parlophone
Låtskrivar(ar) John Lennon/Paul McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
«A Hard Day’s Night»
(1964)
«I Should Have Known Better» «If I Fell»
(1964)

«I Should Have Known Better» er ein song av John Lennon[1][2] (kreditert til Lennon/McCartney) og opphavleg gjeve ut av The Beatles på albumet A Hard Day’s Night i 1964. Songen vart gjeve ut på singel i Europa og gjekk til topps på VG-lista i Noreg[3].

I januar 1964 medan Beatles spelte tre veker på Olympia Theatre i Paris vart the Beatles kjend med musikken til den amerikanske visesongaren Bob Dylan og fekk tak i albumet hans Freewheelin’ Bob Dylan.[4] Den amerikanske journalisten Al Aronowitz introduserte dei for Dylan då Beatles vitja New York i februar 1964 og Dylan vart vidare ei stor inspirasjonskjelde for gruppa, særleg på Lennon.[5] Ein av følgjene av dette var songen «I Should Have Known Better».[6]Paul McCartney sa at Dylan sine songane hadde flotte tekstar[7] og Lennon sa at Dylan inspirerte han til å skrive tekstar med meir meining.[8]

Ein orkester-versjon av songen dirigert av George Martin er på B-sida av den amerikanske utgåva av albumet.

Songen vart spelt inn over to dagar 25. og 26. februar 1964 ved Abbey Road Studios. Mono- og stereoutgåvene har noko forskjellig munnspelintroar.[9]

Songen vart først gjeve ut på albumet A Hard Day’s Night i Storbritannia den 10. juli 1964. Her vart han ikkje gjeve ut på singel før han kom som B-side på ei singelutgåve av «Yesterday» i 1976.[10][11]. I USA vart songen gjeven ut 13. juli 1964 som B-sida til singelen «A Hard Day’s Night».[12][13]. I Europa vart songen gjeve ut på singel og gjekk mellom anna inn på listene i Vest-Tyskland og i Noreg.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • John Lennon — vokal, akustisk rytmegitar, munnspel
  • Paul McCartney — bassgitar
  • George Harrison — 12-strengar sologitar
  • Ringo Starr — trommer

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songarn vart spelt av The Beach Boys i 1965.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. David =Sheff (2000) All We Are Saying: The Last Major Interview with John Lennon og Yoko Ono, s. 194 – St. Martin's Press, New York. ISBN 0-312-25464-4.
  2. Barry Miles (1997) Paul McCartney: Many Years From Now, s. 164 – Henry Holt & Company, New York. ISBN 0-8050-5249-6.
  3. VG-lista
  4. The Beatles (2000) The Beatles Anthology, s. 112 – Cassell& Co, London. ISBN 0-304-35605-0.
  5. Bill Harry (2000) The Beatles Encyclopedia: Revised og Updated, s. 357-359 – Virgin Publishing, London. ISBN 0-7535-0481-2.
  6. Ian MacDonald (1994) Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties, s. 85 – Henry Holt and Company, New York. ISBN 0-8050-2780-7.
  7. Barry Miles (1997) Paul McCartney: Many Years From Now, s. 195 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  8. David Sheff (2000) All We Are Saying, s. 179 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  9. Craig Cross (2005) The Beatles: Day-by-Day, Song-by-Song, Record-by-Record, s. 384 – iUniverse, Inc.. ISBN 0-595-34663-4.
  10. Craig Cross (2005) The Beatles: Day-by-Day, Song-by-Song, Record-by-Record, s. 592 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  11. Mark Lewisohn (1988) The Beatles Recording Sessions, s. 200 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  12. Craig Cross (2005) The Beatles: Day-by-Day, Song-by-Song, Record-by-Record, s. 530-531 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  13. Mark Lewisohn (1988 side =201) The Beatles Recording Sessions – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.