Bill Legend

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bill Legend
Fødd 8. mai 1944
Barking i Essex
Instrument Trommer
Tilknytte artistar T. Rex

Bill Legend (fødd William Fifield8. mai 1944) er ein engelsk trommeslagar, mest kjend som medlem av glamrockbandet T. Rex i den mest suksessrike perioden deira.

Han spelte med det verkelege namnet sitt i ei gruppe kalla Legend, med Mickey Jupp som frontmann, då Marc Bolan, frontmannen i T. Rex, såg han og bad produsent Tony Visconti om å snakke med han. T. Rex hadde akkurat byrja å spele musikk med elektriske instrument og trong ein trommeslagar for den nye musikalske retninga. Den første songen Legend spelte på var «Hot Love», som nådde førsteplassen av den britiske singellista.

Legend spelte trommer for T. Rex på fire album (Electric Warrior, The Slider, Tanx og Zinc Alloy) fram til 1973, då bandet byrja å bryte saman etter at hittane byrja å ta slutt. Dei oppnådde fire førsteplassar og fire andreplassar på den britiske singellista medan Legend spelte trommer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]