Electric Warrior
| Electric Warrior Studioalbum av T. Rex |
||
| Utgjeve | 24. september 1971 | |
| Innspelt | Mars-juni 1971 Trident Studios i London; Advision Studios i London; Wally Heider Studios i Los Angeles; Media Sound Studios i New York |
|
| Sjanger | Glamrock, rock and roll, protopunk, hardrock | |
| Lengd | 39:02 | |
| Selskap | Fly (UK); Reprise (US) | |
| Produsent | Tony Visconti | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
|
||
| T. Rex-kronologi | ||
| T. Rex (1970) |
Electric Warrior | The Slider (1972) |
Electric Warrior er det sjette albumet til det britiske rockebandet T. Rex og vert rekna som eit av dei viktigaste glamrock-albuma. Electric Warrior nådde 32. plass i USA, men låg fleire veker på toppen av albumlista i Storbritannia og vart det mestseljande albumet der i 1971. I 2003 vart det rangert på 160. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.
Albumet inneheld nokre av dei mest populære songane til T. Rex, «Get It On» og «Jeepster». I USA vart tittelen på hitsingelen endra til «Bang a Gong (Get It On)» for å skilje han frå ein song med same namn av Chase, som òg kom ut seint i 1971. «Get It On» vart den einaste hitten til T. Rex i USA og nådde 10. plass der.
Bolan sa i eit intervju i 1971 om albumet: «Eg syns Electric Warrior, for meg, er det første albumet som er eit bodskap frå 1971 for oss i England. Eg meiner at, om nokon ønskjer å vite kvifor me var store i andre delar av verda, så fortel dette albumet kvifor, for meg.»
Plateomslaget vart designa av den britiske kunstnargruppa Hipgnosis. I november 2001 i Vanity Fair valte den amerikanske musikaren Beck dette som eit av favorittomslaga sine.[2]
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Marc Bolan.
| # | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Mambo Sun» | 3:40 |
| 2. | «Cosmic Dancer» | 4:30 |
| 3. | «Jeepster» | 4:12 |
| 4. | «Monolith» | 3:49 |
| 5. | «Lean Woman Blues» | 3:02 |
| 6. | «Get It On» | 4:27 |
| 7. | «Planet Queen» | 3:13 |
| 8. | «Girl» | 2:32 |
| 9. | «The Motivator» | 4:00 |
| 10. | «Life's a Gas» | 2:24 |
| 11. | «Rip Off» | 3:40 |
| Bonusspor på Rhino Records-utgåva | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 12. | «There Was a Time» | 1:00 | |||||||
| 13. | «Raw Ramp» | 4:16 | |||||||
| 14. | «Planet Queen» (akustisk versjon) | 3:00 | |||||||
| 15. | «Hot Love» | 4:59 | |||||||
| 16. | «Woodland Rock» | 2:24 | |||||||
| 17. | «King of the Mountain Cometh» | 3:57 | |||||||
| 18. | «The T. Rex Electric Warrior Interview» | 19:35 | |||||||
| Bonusspor på 30th Anniversary Special Edition | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 12. | «Rip Off [Work in Progress]» | 2:30 | |||||||
| 13. | «Mambo Sun [Work in Progress]» | 3:57 | |||||||
| 14. | «Cosmic Dancer [Work in Progress]» | 5:15 | |||||||
| 15. | «Monolith [Work in Progress]» | 4:47 | |||||||
| 16. | «Get It On [Work in Progress]» | 4:43 | |||||||
| 17. | «Planet Queen [Work in Progress]» | 0:56 | |||||||
| 18. | «The Motivator [Work in Progress]» | 4:19 | |||||||
| 19. | «Life's a Gas [Work in Progress]» | 3:14 | |||||||
Medverkande [endre]
- Marc Bolan – vokal, gitarar
- Mickey Finn – congatrommer, bongotrommer
- Steve Currie – bassgitar
- Bill Legend – trommer
- Howard Kaylan – korvokal
- Mark Volman – korvokal
- Rick Wakeman – klaverinstrument på «Get It On»
- Ian McDonald – saksofon
- Burt Collins – flugelhorn
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Electric Warrior» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Electric Warrior (Bonus Tracks)». buy.com. http://www.buy.com/prod/elektrisk-warrior-bonus-tracks/q/loc/109/60589462.html. Henta 30. mars 2011.
- ↑ sleevage.com
|
|
|||||
|---|---|---|---|---|---|
| Marc Bolan · Mickey Finn · Steve Currie · Bill Legend Steve Peregrin Took · Miller Anderson · Herbie Flowers · Jack Green · Gloria Jones · Davey Lutton · Tony Newman · Dino Dines |
|||||
| Studioalbum |
|
||||
| Samleplater | Born to Boogie · Hits! - The Very Best of T. Rex | ||||
| Singlar | «Ride a White Swan» · «Hot Love» · « Get It On» · «Jeepster» · «Telegram Sam» · «Metal Guru» · «Children of the Revolution» · «Solid Gold Easy Action» · «20th Century Boy» · «Teenage Dream» | ||||