Mickey Finn
| Mickey Finn | |
Finn spelar med T Rex i Musikhalle Hamburg, januar 1972 |
|
| Verkeleg namn | Michael Norman Finn |
| Fødd | 3. juni 1947 Thornton Heath i Surrey |
| Død | 11. januar 2003 (55 år) Croydon i Surrey |
| Instrument | Bongotrommer, conga, trommer, bass, vokal |
| Sjanger | Psykedelisk folk, glamrock |
| Aktive år | 1970–2003 |
| Yrke | Musikar |
| Tilknytte artistar | T. Rex Hapshash and the Coloured Coat Mickey Finn's T. Rex The Blow Monkeys The Soup Dragons |
| Plateselskap | Fly Records/Reprise, EMI, Casablanca, Demon Music Group, Track |
Mickey Finn eller stundom Micky Finn (fødd Michael Norman Finn, 3. juni 1947–11. januar 2003) var perkusjonist og sidemannen til Marc Bolan i bandet hans Tyrannosaurus Rex (på eitt album, A Beard of Stars), og seinare glamrockgruppa T. Rex. Etter at T. Rex vart oppløyst arbeidde han som studiomusikar for The Blow Monkeys og The Soup Dragons.
Det gjekk rykte om at Bolan hyrte Finn på grunn av utsjånaden hans og at han likte motorsykkelen hans, og ikkje at han var ein dyktig musikar. Finn klarte ikkje å gjenskape dei komplekse rytmane som føregjengaren Steve Peregrin Took hadde. BBC kommenterte dette og sa: «Marc Bolan skal visstnok ha sagt om Finn: 'Han kan ikkje synge... men han ser flott ut.'»[1]
Etter kvart som musikken til T. Rex vart meir og meir elektrisk-basert, og dei trengde ein «skikkeleg» trommeslagar, Bill Legend, vart det ikkje lenge trong for bongotrommene til Mickey og han forlet bandet etter fem år.[1]
Finn døydde av alkoholrelaterte leverproblem den 11. januar 2003.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Mickey Finn (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «T Rex band member dies». BBC news entertainment section. BBC news MMIII. 13 January 2003. http://news.bbc.co.uk/2/hi/entertainment/2651733.stm. Henta 31. mars 2011.
|
|
|
|---|---|
| Marc Bolan · Mickey Finn · Steve Currie · Bill Legend Steve Peregrin Took · Miller Anderson · Herbie Flowers · Jack Green · Gloria Jones · Davey Lutton · Tony Newman · Dino Dines |
|
| Studioalbum | |
| Samleplater | Born to Boogie · Hits! - The Very Best of T. Rex |
| Singlar | «Ride a White Swan» · «Hot Love» · « Get It On» · «Jeepster» · «Telegram Sam» · «Metal Guru» · «Children of the Revolution» · «Solid Gold Easy Action» · «20th Century Boy» · «Teenage Dream» |