The Slider

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Slider
Studioalbum av T. Rex
Utgjeve 21. juli 1972
Innspelt Mars–april, 1972 i Rosenberg Studios i København; Château d'Hérouville i Paris; og Elektra Studios i Los Angeles
Sjanger Glamrock
Lengd 53:51
Selskap EMI Records
BLN 5001
Reprise
MS 2095
Fat Possum Records
FP1232
Produsent Tony Visconti
Kritikk
T. Rex-kronologi
Electric Warrior
(1971)
The Slider Tanx
(1973)

The Slider er det sjuande studioalbumet til det britiske glamrockbandet T. Rex. Det kom ut 21. juli 1972 og var produsert av Tony Visconti. Det var det andre albumet til bandet i den nye glamrockstilen.

Singlane «Telegram Sam» og «Metal Guru» vart gjeven ut for å marknadsføre albumet. The Slider nådde 4. plass i Storbritannia, 8. plass i Noreg og 17. plass i USA. Albumet vart hylla av kritiakwrane og Allmusic omtalar albumet som «utført utan feil, og er minst like klassisk som føregjengaren.»[1]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Etter anbefaling av Elton John, vart The Slider innspelt utanfor Paris i Château d'Hérouville for å unngå skattereglane i Storbritannia.[5] Innspelinga starta i mars 1972 og grunnlaget vart spelt inn i Strawberry Studios på fem dagar.[5][6] Ein av songane som vart spelt inn i Château d'Hérouville var «Metal Guru».[6] Bolan sklidra songen som ein «livsfestsong».[7]

Ytterlegare opptak vart gjort mot slutten av mars i Rosenberg Studio i København.[6] Korvokal av Flo & Eddie vart spelt inn i Elektra Studios i Los Angeles i april.[6]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

To singlar vart gjevne ut for å marknadsføre The Slider. Den første var «Telegram Sam» som kom ut i januar 1972 og nådde førsteplassen i Storbritannia.[8][9] «Telegram Sam» nådde 67. plass i USA.[10] Den andre singelen var «Metal Guru» som kom ut i mai 1972 og nådde førsteplassen i Storbritannia.[8][9] Han gjekk ikkje inn på lista i USA.[10]

The Slider var ein av dei bestseljande albuma til T. Rex og låg 18 veker på den britiske albumlista med ein 4. plass som høgaste plassering.[11] I USA nådde albumet 17. plass.[12]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Marc Bolan

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Metal Guru»   2:25
2. «Mystic Lady»   3:09
3. «Rock On»   3:26
4. «The Slider»   3:22
5. «Baby Boomerang»   2:17
6. «Spaceball Ricochet»   3:37
7. «Buick Mackane»   3:31
Side to
# Tittel Lengd
1. «Telegram Sam»   3:42
2. «Rabbit Fighter»   3:55
3. «Baby Strange»   3:03
4. «Ballrooms of Mars»   4:09
5. «Chariot Choogle»   2:45
6. «Main Man»   4:14

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]