Steve Peregrin Took

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Steve Peregrin Took
Verkeleg namn Stephen Ross Porter
Fødd 28. juli 1949
Død 27. oktober 1980 (31 år)
Instrument Vokal, gitar, bassgitar, trommer, perkusjon
Sjanger Undergrunnsmusikk
Aktive år 1967–1980
Yrke Musikar
Tilknytte artistar T. Rex, Shagrat & Steve Took's Horns

Steve Peregrin Took (fødd Stephen Ross Porter28. juli 194927. oktober 1980) var ein engelsk musikar. Han er mest kjend som medlem av bandet T. Rex i lag med Marc Bolan. Etter han forlet gruppa konsentrerte han seg om sin eigen karriere og som frontmann i fleire band.

Han tok namnet sitt frå hobbiten Peregrin Took i Ringenes herre av J. R. R. Tolkien. 17 år gammal byrja han å spele trommer for modbandet The Waterproof Sparrows, då han svarte på ei annonse i Melody Maker for det bandet Marc Bolan ønskte å danne etter at han hadde gått frå John's Children. I lag med Bolan starta dei eit akustisk band og spelte på gata med Bolan på akustisk gitar og Took på bongotrommer. Tyrannosaurus Rex vart derimot godt likt av John Peel som spelte platene deira på radio. Took spelte mange perkusjonsinstrument og var viktig i omforminga av musikken til Bolan frå vanleg rock til den meir eksotiske blandinga som songane bestod av.

Took starta å skrive sine eigne songar og tidleg i 1969 ønskte at han at Tyrannosaurus Rex skulle spele inn nokre av songane hans. Bolan avslo dette og forholdet deira vart stadig dårlegare.[1] I tillegg vart Took ven med «idolet» til Bolan, Syd Barrett, og dei delte begge interesse i både LSD og «rare musikalske lydar». Medan han var i Tyrannosaurus Rex song Took òg som korvokalist på ei innspeling for David Bowie, noko ein kan høyre på BBC-albumet Bowie at the Beeb.

Took gav to av songane sine til tidlegare Tomorrow/The Pretty Things-trommeslagar Twink for soloalbumet hans Think Pink i 1969.[2] sjølv om dødsfallet til Took ofte vert rekna som ei doprelatert ulukke.[3]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1970 – Mick Farren – Mona – The Carnivorous Circus med Steve Took som 'Shagrat the Vagrant' (Transatlantic Records)
  • 1971 - Twink: Think Pink (LP feat. To Took-songar, spelt inn sommaren 1969) (Sire Records)
  • 1990 - Shagrat: Amanda (b/w Peppermint Flickstick) Singel
  • 1992 - Steve Took's Shagrat: Nothing Exceeds Like Excess 12" EP,
  • 1995 - Steve Peregrine Took: The Missing Link to Tyrannosaurus Rex
  • 2001 - Steve Peregrine Took's Shagrat: Lone Star
  • 2001 - Shagrat: Pink Jackets Required CD
  • 2004 - Steve Took's Horns: Blow It!!! The All New Adventures Of Steve Took's Horns

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Days in the Life: Voices from the English Underground, 1961-71 av Jonathon Green
  2. http://www.steve-took.co.uk
  3. http://www.portobellofilmfestival.com/talkpics/talk-babylon5.html Tom Vague’s Hollywood Babylon W11

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]