Bladformer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bladformer viser til korleis den ytre forma på blada til ulike plantar. Ein skil i fyrste omgang mellom enkle blad og samansette blad. Enkle blad har ei einaste heil eller flika bladskive. Samansette blad er delte i fleire bladskiver (småblad) der ein tydeleg kan sjå skaft mellom småblada.[1]

Ulike typar enkle blad.[endre | endre wikiteksten]

Ulike typar av enkle blad.

a. sylforma, nåleforma (t.d. saltarve)

b. jamnbrei (t.d. butt-tjønnaks)

c. jamnbrei

d. lansettforma (t.d. korgpil)

e. akuminat

f. elliptisk (t.d. blokkebær)

g. smal oval

h. omvendt eggerund (breiare mot spissen)

i. skeiaktig, eggerund (breiare mot skaftet) med smal bladbase

j. eggerund (breiare mot skaftet) med runda bladbase

k. rund, skjoldforma (skaftet festa midt på skiva) (t.d. skjoldblad)

l. nyreforma (t.d. hasselurt)

m. omvendt hjarteforma

n. hjarteforma (t.d. lind)

o. (t.d. dunbjørk)

p. parflika (t.d. svensk asal)

r. spydforma (med tvert utståande basale flikar) (t.d. småsyre)

s. pilforma (med nedoverretta basale flikar) (t.d. engsyre)

t. trekanta

Ulike typar samansette blad[endre | endre wikiteksten]

Ulike typar sammansatte blad.

a. trefingra (t.d. kvitkløver)

b. kopla (t.d. lupin)

c. svært uvanleg form (t.d. klokkejulerose)

d. parbladig utan pynteblad (t.d. knollerteknapp)

. parbladig med pynteblad (t.d. ask, rogn) (ikkje avbilda)

e. parbladig med pyntebladet forvandla til rankar (t.d. gjerdevikke)

f. gjentatt parbladig med pynteblad (t.d. kvitrot)

Overgang frå handflika til parflika[endre | endre wikiteksten]

Ulike typar av enkle, flika blad.

a. handflika (t.d. lønn)

b. parflika (t.d. eik)

c. djupt handflika (t.d. naverlønn)

Bladnervatur[endre | endre wikiteksten]

Ulike typar bladnervatur.

a. fjørnerva (t.d. hegg)

b. nettnerva (t.d. plomme)

c. parallellnerva (t.d. tulipan)

d. handnerva (t.d. spisslønn)

e. viftenerva (t.d. tempeltre)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Krok, Thorgny O.B.N.; Sigfrid Almquist (2001). Svensk flora: fanerogamer och ormbunksväxter (28. omarbeidd utg., bearbeidd av Lena Jonsell og Bengt Jonsell utg.). Liber Utbildning. s. 12-15. ISBN 91-47-04992-8. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bladformer