Hegg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hegg


Status i Noreg: LC Livskraftig

Prunus racemosa a1.jpg

Systematikk
Orden: Rosales
Familie: Rosaceae Rosefamilien
Slekt: Prunus Kirsebærslekta
Art: P. padus
Vitskapleg namn
Prunus padus
Hegg
Namn på andre språk
Norrønt Heggr
Nordsamisk Ávža
Svensk Hägg
Dansk Hæg, Almindelig Hæg, Majtræ
Engelsk Bird Cherry, Hackberry
Tysk Gewöhnliche Traubenkirsche, Ahlkirsche, Sumpfkirsche, Elsenkirsche
Fransk Merisier à grappes, cerisier à grappes, bois-puant, putier, putet
Spansk cerezo de racimos, cerezo aliso, cerezo pado
Russisk Tsjerjomukha (Черёмуха) Tsjerjomukha obyknovennaja (черёмуха обыкновенная)
Illustration Prunus avium0.jpg

Hegg (Prunus padus) er eit lauvtre som veks over heile Noreg. Prunus er eit gammalt namn på plommetre, padus var namnet på ein busk i det gamle Hellas. Treet er vanleg i Europa og store delar av Asia. Hegg kan bli opp til 18 meter høg, har mørk stamme, langsmale og dropeforma mørkegrøne blad og kvite blomar som seinare blir til bær. Det er ofte fleire stammar som tilsaman dannar eit tre. Bæra blir svarte når dei er mogne, og har bitter smak. Blomane sit fleire i lag på ein 10-15 cm lang stilk. Dei er kvite og har ei aromatisk duft.

Heile treet blomstrar kraftig om våren etter lauvsprett (mai og juni). Seinare blir blomstrane til svarte bær som er store som erter med ein stein i midten. I juli-august er bæra mogne og dei har ein bitter smak. Treet formeirar seg ved hjelp av fuglar som spreier bæra. Hegg kan dessutan formeira seg både ved rot- og stubbeskot.

Innhaldsliste

[endre] Veksestad

Treet veks nær elver, bekkar og vatn. Det trivst i fuktig, næringsrik og basisk gjørme- og leirjord. Hegg veks helst i område med halvskugge. I Sør-Noreg kan det følgja elvedalar opp til 1200 meters høgd.

[endre] Bruk

  • Hegg vert nytta som prydbusk i hagar.
  • Bæra kan brukast til gelé, saft, vin og likør.
  • Treet er brukbart som ved.
  • Treverket er sterkt, seigt og fint til dreiearbeide. Hegg er nytta til skaft, sløydemne, smørbuttar og rivetindar. Dei seige stubbeskota blir nytta til tønneband.
  • Hegg blir òg nytta som element i møblar og musikkinstrument.

[endre] Tru og folketru om hegg

  • Hegg vart nytta som spådomstre. Mange blomster ville gi mykje skogsbær. Dersom rogna blomstra like etter heggen, vart kornet tidleg mogent.
  • Når heggen blomstrar, er det varmt nok i jorda til å ta til med såinga, og ein kan begynne å fiske etter nokre fiskeslag.
  • Heggekvistar skulle kunne beskytte mot hekser, tjuvar og torevêr.
  • Heggebarken vart nytta som medisin mot gikt, hevingar, brannsår og sår som ikkje ville gro. Avkoket kunne òg nyttast mot skabb.

[endre] Sjukdommar

Hegg angripen av heggspinnmøll

Lokkrustsopp kan finnast på hegg. Dette er ein soppart som er vertvekslande mellom hegg og gran, og gran smittast alltid av infisert hegg.

Heggspinnmøll (Yponomeuta evonymella) et i somme år opp alle blada på heggen og etterlet tre som spøkelse dekka av spinn.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hegg
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk