Burmesisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Burmesisk språk)
Burmesisk
ဗမသ

[bama sa]

Klassifisering sinotibetanske språk

 tibetoburmesiske språk
  burmesisk

Bruk
Tala i Myanmar, Thailand, Bangladesh, Malaysia, USA, Storbritannia, Laos og Singapore
Område Søraustasia
Burmesisktalande i alt 22 million
Rangering 42
Skriftsystem Burmesisk
Offisiell status
Offisielt språk i Myanmar
Normert av -
Språkkodar
ISO 639-1 my
ISO 639-2 bur (B) / mya (T)
ISO 639-3 mya

Burmesisk (ဗမာစာ, eller bama sa) er det offisielle språket i Myanmar/Burma. Sjølv om den engelske utgåva av den burmesiske grunnloven offisielt definerer språket som the Myanmar language (det myanmarske språket),[1] blir det internasjonalt framleis referert til som Burmese eller burmesisk - etter Burma, det eldre namnet på Myanmar.

Burmesisk er eit medlem av den tibeto-burmesiske språkfamilien, som høyrer til blant sino-tibetanske språk. Burmesisk blir snakka av 22 millionar som førstespråk, og som andrespråk av språklege minoriteter i Myanmar, til dømes av kinesarar, indarar, og karen, mon og shan-folk. Burmesisk blir skrive med det burmesiske skriftspråket. Dette er avleidd av mon-skrifta, som på si side byggjer på pali-skrift. Burmesisk er eit tonespråk og har fire tonar.

Inndelingar[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til dialektskilnader, er det i burmesisk også eit skilje mellom formell og uformell burmesisk. Skiljet er ikkje så mykje eit klasseskilje som eit skilje mellom ulike talesituasjonar, der det blir brukt ulike språkvariantar i litterære samanhengar og offentleg på den eine sida, og i private på den andre.

Skriftsystem[endre | endre wikiteksten]

Dikt på burmesisk.
For meir om dette emnet, sjå burmesisk skrift.

Det burmesiske skriftsystemet er avleidd frå mon-skrifta, som var dominerande i nedre Burma. Karakteristikkar ved burmesisk skrift er mellom anna:

  1. Skriftsystemet er eit stavingsbasert alfabet, ein abugida. Umodifiserte konsonantsymbol har a som inherent vokal, slik at k + e-modifikator gjev [ke], men k utan modifikator gjev [ka].
  2. Den runda forma til bokstavane kjem av at dei tidlegaste tekstane vart skrive på palmeblad.
  3. Burmesisk er eit tonespråk, og tone er markert med diakritika.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Konsonantane i burmesisk er:

Bilabial Dental Alveolar Postalveolar
og palatal
Velar og
labiovelar
Glottal Arkefonem
Plosivar og affrikatar p b t d tʃʰ k g ʔ  
Nasalar m n ɲ̥ ɲ ŋ̊ ŋ   N
Frikativar   θ (ð) s z ʃ   h  
Approksimantar   (r) j (ʍ) w  
Laterale approksimantar   l  

Approksimantane /r/ og /ʍ/ er sjeldne, det same er [ð] bortsett frå som stemt allofon av /θ/.

Arkefonemet /N/ er realisert som nasalisering av føregåande vokal eller som nasal homorganisk med neste konsonant, slik at /mòuNdáiN/, 'storm', er uttalt [mõ̀ũndã́ĩ].

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Vokalane i burmesisk er:

Monoftongar Diftongar
i u ei ou
e o ai au
ə
ɛ ɔ
a

Monofongane /e/, /o/, og /ɔ/ førekjem berre i opne stavingar (det vil seie stavingar utan stavingskoda). Diftongane /ei/, /ou/, /ai/, og /au/ førekjem berre i lukka stavingar (stavingar som har stavingskoda).

Tonar[endre | endre wikiteksten]

Burmesisk er eit tonespråk, det vil seie at det er ein meiningsberande kontrast mellom ordformer på bakgrunn av grunntonevariasjonen til vokalen. Det er fire kontrastive tonar i Burmese. I denne tabellen er tonane vist på vokalen /a/, dei fonetiske skildringane er frå Wheatley (1987).

Tonenamn Symbol
(vist på a)
Skildring
Låg à Normal fonasjon, medium varigheit, låg intensitet, låg (ofte litt stigande) frekvens
Høg á No og då luftfylt, relativt lang, høg intensitet, høg tone (grunnfrekvens); ofte med eit fall før ein pause
Knirkete Stram (tense) eller knirkete fonasjon (ofte med (glottal plosiv), medium varigheit, høg intensitet, høg (ofte litt fallande) tonehøgd
Stoppa (Checked) Glottal plosiv-ending, kort durasjon, høg tone i tydeleg tale, kan variere i kontekst

Dei følgjande orda representerer minimale par etter tone:

  • Low /kʰà/ 'riste'
  • High /kʰá/ 'vere bitter'
  • Creaky /kʰa̰/ 'avgift'
  • Checked /kʰaʔ/ 'dra vekk frå'

I stavingar som sluttar på /N/ er berre tre tonar mogleg. Stoppa tone er ikkje mogleg i slike stavingar:

  • Low /kʰàN/ 'gå gjennom'
  • High /kʰáN/ 'tørke'
  • Creaky /kʰa̰N/ 'peike ut'

Stavingsstruktur[endre | endre wikiteksten]

Stavingsstrukturen i burmesisk er C(G)V((V)C), det vil seie at onset består av ein konsonant, eventuelt ein glidelyd, og at rimet inneheld ein monoftong, ein monoftong med konsonant, eller ein diftong med konsonant. Dei einaste konsonantane som kan stå i codaen er /ʔ/ og /N/. Jf. desse døma:

  • CV /mè/ 'jente'
  • CVC /mɛʔ/ 'turva'
  • CGV /mjè/ 'jord'
  • CGVC /mjɛʔ/ 'auge'
  • CVVC /màuN/ (helsingsord for unge menn)
  • CGVVC /mjáuN/ 'grøft'

Ei staving med schwa (/ə/) som vokal har visse fonotaktiske restriksjonar:

  • Det må vere ei open staving (ingen kodakonsonant)
  • Ho kan ikkje vere toneberande
  • Ho har berre ein enkel (C) opptakt (ingen glidelyd etter konsonanten)
  • Det kan ikkje vere den siste stavinga i ordet

Nokre ord som inneheld stavingar med /ə/:

  • /kʰə.louʔ/ 'knott, knapp'
  • /pə.lwè/ 'fløyte'
  • /θə.jɔ̀/ 'å erte'
  • /kə.lɛʔ/ 'vera laussluppen'
  • /tʰə.mə.jè/ 'ris-vatn'

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Adjektiv[endre | endre wikiteksten]

Adjektiv kjem før substantiv i nominalfrasen. Superlativ blir uttrykt med prefikset a + adjektiv + suffikset zonh.

Verb[endre | endre wikiteksten]

Substantiv[endre | endre wikiteksten]

Substantiv blir ikkje delt inn i genusklasser, og ikkje bøygd i numerus eller kasus.

Syntaks[endre | endre wikiteksten]

Ordstillinga i burmesisk er subjekt-objekt-verb (SOV-språk).

Ordforråd[endre | endre wikiteksten]

Mykje av ordforrådet er frå pali og sanskrit, og etter 1800-talet frå engelsk.

Klassifikatorsystemet[endre | endre wikiteksten]

Burmesisk har ikkje genus, i staden har det, som ein del andre sørasiatiske språk, eit klassifikatorsystem. Substantiv er delt opp i klasser etter ulike kriteria, og når dei får kvantorar framfor seg, vil det for kvar klasse vere ulike former av same kvantor å velje frå. Ordet for «mengde» er ku for ting, kaung for dyr, og yao for menneske. «Tre personar» er til dømes lu donh yao ('person tre mengde').

Nokre fraser[endre | endre wikiteksten]

  • Mingalaba - formelt hallo
  • Jieh zu tinba dhe - tusen takk
  • Nei kaun la? - har du det bra?
  • Thuo duo mhe - No fer eg.
  • Kaun da buo - Det er fint.
  • Ingleizaga puo la? - Snakkar du engelsk?
  • Hoke kei - Ja

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Constitution of the Republic of the Union of Myanmar (2008), Chapter XV, Provision 450

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ko, Taw Sein (1924). Elementary Handbook of the Burmese Language. Rangoon: American Baptist Mission Press.
  • Wheatley, Julian K. (1987). Burmese. In Handbook of the World's Major Languages, red. B. Comrie, 834-54. Oxford: Oxford University Press. ISBN 0-19-520521-9.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipediaburmesisk