Solayoh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Solayoh»
Singel av Alena Lanskaja
Land Kviterussland
Språk Engelsk
Utgjeve 2013
Låtskrivar(ar) Marc Paelinck og Martin King
Alena Lanskaja-kronologi
«Rhythm of Love»
(2012)
«Solayoh»

«Solayoh» vil vere det kviterussiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framførd på engelsk av Alena Lanskaja. Songen er skriven av Marc Paelinck og Martin King.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

«Solayoh»
ESC2013 - Belarus 15.jpg
Eurovision Song Contest 2013
Land Kviterussland
Artist(ar) Alena Lanskaja
Språk Engelsk
Komponist(ar) Marc Paelinck og Martin King
Låtskrivar(ar) Marc Paelinck og Martin King
Resultat
Kviterussland i Eurovision Song Contest
«We Are the Hero»
(2012)
«Solayoh»

Lanskaja vann Eurofest 2013 og vart valt ut til å representere Kviterussland. Ho vann med songen «Rhythm of Love», men 5. mars 2013 annonserte Nayjanalhaja dziarzjaunaia teleradyjokampanija Respubliki Belarus (NDTRK RB) at songen vart bytta ut med «Solayoh».[1] Sidan berre Frankrike, Italia, Spania, Storbritannia og Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Kviterussland vart tildelt ein plass i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 i Malmö Arena.

Semifinale 1[endre | endre wikiteksten]

Songen vil starte som nummer elleve, etter Litauen med «Something» av Andrius Pojavis og før Moldova med «O mie» av Aliona Moon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Belarus at the Eurovision Song Contest 2013 (engelsk). ESCKaz. Vitja 6. mars 2013.