Samo shampioni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Samo shampioni»
Singel av Elitsa og Stoyan
Land Bulgaria
Språk Bulgarsk
Låtskrivar(ar) Elitsa Todorova og Kristian Talev

«Samo shampioni» (bulgarsk for Berre vinnarar) er det bulgarske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framførd på bulgarsk av Elitsa Todorova og Stoyan Yankoulov. Songen er skriven av Elitsa Todorova og Kristian Talev.

Nedelya x 3[endre | endre wikiteksten]

10. februar 2013 annonserte Bŭlgarska natsionalna televiziya (BTN) at dei hadde valt Elitsa Todorova og Stoyan Yankoulov til å representere Bulgaria i Eurovision Song Contest 2013.[1] Tre songar vart presentert på fjernsynsprogrammet Nedelya x 3 17. februar 2013, og 3. mars 2013 vart songane sendt direkte på fjernsyn slik at fjernsynssjåarane samt ein jury fekk røyste fram ein vinnar som ville representere Bulgaria i Eurovision Song Contest 2013.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer tre, etter «Kismet». Bidraget fekk tre poeng frå juryen og sju poeng frå fjernsynssjåarane, medan «Kismet» fekk sju poeng frå juryen og tre poeng frå fjernsynssjåarane. Båe songane fekk ti poeng, men «Kismet» vann av di songen hadde fått flest poeng av fjernsynssjåarane. 11. mars 2013 vart «Kismet» trekt attende og bytta ut med «Samo shampioni» av di rettane til songen braut med reglane i Eurovision Song Contest.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

«Samo shampioni»
Eurovision Song Contest 2013
Land Bulgaria
Artist(ar) Elitsa Todorova og Stoyan Yankoulov
Språk Bulgarsk
Komponist(ar) Elitsa Todorova og Kristian Talev
Låtskrivar(ar) Elitsa Todorova og Kristian Talev
Resultat
Bulgaria i Eurovision Song Contest
«Love Unlimited»
(2012)
«Samo shampioni»

Av di «Kismet» vart trekt attende og «Samo shampioni» enda på andreplass i den bulgarske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 får songen representere Bulgaria. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Bulgaria vart tildelt ein plass i den andre semifinalen 16. mai 2013 i Malmö Arena.

Semifinale 2[endre | endre wikiteksten]

Songen vil starte som nummer sju, etter Malta med «Tomorrow» av Gianluca Bezzina og før Island med «Ég á líf» av Eythor Ingi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Elitsa & Stoyan to represent Bulgaria! (engelsk). Eurovision.tv (10. februar 2013). Vitja 23. mars 2013.

Mal:Bulgarske songar i Eurovision Song Contest