Gravity av Zlata Ognevitsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Gravity»
Singel av Zlata Ognevitsj
Land Ukraina
Språk Engelsk
Låtskrivar(ar) Mikhail Nekrasov og Karen Kavaleryan

«Gravity» (engelsk for Gravitasjon) er det ukrainske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framførd på engelsk av Zlata Ognevitsj. Songen er skriven av Mikhail Nekrasov og Karen Kavaleryan.

Evrobachennya 2013 - Natsionalyni vidbir[endre | endre wikiteksten]

20 bidrag vart valt ut av Natsionalna Telekompaniya Ukrayiny (HTKY) til å delta i Evrobachennya 2013 - Natsionalyni vidbir, den ukrainske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013. Mellom desse var «Gravity» av Zlata Ognevitsj.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer seks, etter «Delayu Shag» av Inesh og før «Saviour» av Duet Emotion. Bidraget fekk totalt 40 poeng, 50 frå fjernsynssjåarane og 20 frå juryen, og vann tevlinga. «Gravity» får dimed representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2013.[1]

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

«Gravity»
ESC2013 - Ukraine 04.jpg
Eurovision Song Contest 2013
Land Ukraina
Artist(ar) Zlata Ognevitsj
Språk Engelsk
Komponist(ar) Mikhail Nekrasov
Låtskrivar(ar) Karen Kavaleryan
Resultat
Ukraina i Eurovision Song Contest
«Be My Guest»
(2012)
«Gravity»

Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Ukraina vart tildelt ein plass i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 i Malmö Arena.

Semifinale 1[endre | endre wikiteksten]

Songen vil starte som nummer sju, etter Russland med «What If» av Dina Garipova og før Nederland med «Birds» av Anouk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Eurovision Song Contest 2013 (engelsk). Eurovision.tv. Vitja 29. mars 2013.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Zlata Ognevich is a happy winner in Ukraine (engelsk). Eurovision.tv (23. desember 2012). Vitja 23. mars 2013.

Mal:Ukrainske songar i Eurovision Song Contest