Det greske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det greske riksvåpenet
Church decorated with the national emblem with flags for Independence Day, 25 March

Det greske riksvåpenet er ein sølvkross på blå botn, omgjeve av ein laurbærkrans. Det blei innført som riksvåpen i Hellas den 7. juni 1975. Fram til 1978 var det greske flagget ein lik kross; no er denne i øvre hjørnet av flagget. Det greske presidentflagget har våpenet som hovudmotiv.

Krossen er eit teikn på kristendommen, men blir også rekna som eit minne om keisar Konstantin den store. Blåfargen er eit symbol for den greske himmelen. Laurbærkransen står for den greske stordommen Krossvåpenet blei opphavleg teke i bruk av den bayerskfødde kong Otto av Hellas i 1833. Laurbærkransen blei lagt til seinare.

Historisk utvikling[endre | endre wikiteksten]

Hellas fekk sitt første riksvåpen ved grunnloven av 1822. Det var eit sirkelforma symbol med gudinnna Atene og ugla hennar som sentralmotiv. Under Ioannis Kapodistrias blei dette motivet bytta med ein føniks, eit symbol for gjenfødsle, under ein kross.

Kongevåpen[endre | endre wikiteksten]

Etter at Otto var vald til konge, blei det innført eit riksvåpen etter mønster av det bayerske kongevåpenet: To opprette løver som skjoldhaldarar og ein hermelinskappe rundt eit kongekrona skjold med sølvkross på blå botn, med hjarteskjold med det skrått blå- og sølvruta slektsvåpenet til fyrstehuset Wittelsbach.

Då danske prins Vilhelm blei vald til konge under namnet Georg blei riksvåpenet endra med tillegg av det dåverende danske riksvåpenet. Hovudskjoldet har sølvkrossen på blå bon, men no med eit midtskjold og eit hjarteskjold frå det tidlegare danske riks- og kongevåpenet. Skjoldet har ei kongekrone på toppen og skjoldhaldarane er to mannsfigurar («villmenn») som skal førestilla Herakles oppå eit postament. Eit blått ordensband med kross frå Frelsar-ordenen heng rundt og ned frå skjoldet. Eit tekstband nedst har valspråket til Glücksburg-dynastietgresk: «Ισχύς μου η Αγάπη του Λαού» ('Folkets kærlighed min styrke'). Våpenet har ei hermelinfora blå våpenkappe eller «våpentelt». Dette svært samansette våpenet blei nytta på myntar og i offisielle dokument i kongedømet frå rundt 1880 til 1973, bortsett frå under den andre republikken 1924-1935. Det er framleis brukt av den greske kongefamilien i eksil.

Etter monarkiet[endre | endre wikiteksten]

Militærjuntaen som tok makta i 1967 gjeninnførte føniksen som sentralmotiv i sitt emblem. Fuglen i gull på blå bakgrunn stig opp av raude flammar. Framfor fuglen står ein soldat i silhuett med rifle og bajonett på ryggen. Over fuglen står ordet «Ελλας» (Hellas). Under fuglen står datoen 21. april 1967.

Republikken blei gjeninnført i 1974, og eit nytt riksvåpen med det gamle krossmotivet og laurbærkrans innført ved lov (Lov 48, ΦΕΚ Α΄ 108/7.6.1975) året etter. Dette riksvåpenet var utforma av kunstnaren Kostas Grammatopoulos. Det offisielle riksvåpenet brukt av greske styresmakter bruker einsfarga våpen i blått eller svart. I andre samanhengar finst også utformingar av våpenet med fargelagde laurbærblad.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Det greske riksvåpenet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]