Durra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sorghum


Durra
Durra

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Liliopsida
Orden: Poales
Familie: Poaceae
Slekt: Sorghum
Artar
  • Rundt 20 artar, mellom anna:
    Sorghum almum
    Sorghum bicolor
    Sorghum caffrorum
    Sorghum caudatum
    Sorghum cernuum
    Sorghum halepense
    Sorghum nervosum
    Sorghum nigricans
    Sorghum nitidum
    Sorghum propinquum
    Sorghum roxburghii

    Hybridar:
    Sorghum × almum
    Sorghum × drummondii

Kornslaget durra, sorghum eller sorgum (Sorghum bicolor eller Sorghum vulgare) er ein gammal kulturplante av slekta Sorghum i grasfamilien.

Planten er særleg viktig i tropiske område ettersom han toler tørke svært godt. Framfor alt er han ein viktig mat- og fôrplante i Afrika. Ein dyrker òg durra i tempererte område.

Dyrking[endre | endre wikiteksten]

Ein reknar med at menneske tok til å dyrka vill durra fann for rundt 2 000 år sidan i Aust-Afrika, truleg i Etiopia, Sudan eller øvre Egypt. I India og på den arabiske halvøya har ein likevel gjort mykje eldre funn av durra som kan ha vore dyrka.

Afrikanske slavar tok planten med seg til Nord-Amerika tidleg på 1600-talet. USA er i dag verdas største durraprodusent, med 12 mill. tonn av en verdensproduksjon på 56 mill. tonn (2004). Deretter kjem Nigeria og India med 8 og 7 mill. tonn.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Dei mange ulike durratypane blir vanlegvis delte inn i fire grupper etter bruksområde:

  • Korndurra
  • Grasdurra, som blir brukt til beiting og høy
  • Søtdurra, som blir brukt til å laga sirup
  • Sortar som blir brukt til å laga kostar og børster

I fleire regionar i India lagar ein eit ugjæra brød av durra som blir kalla bhakri. I Nigeria bryggar ein øl og i Kina lagar ein eit brennevin, maotai, av durra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]