Deceptionøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 62°58′37″S 60°39′0″W
Deceptionøya
Deception Island
øy
none  Innløpet til Deceptionøya med Livingston Island i bakgrunnen.
Innløpet til Deceptionøya med Livingston Island i bakgrunnen.
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Antarktis
 - koordinatar 62°58′37″S 60°39′0″W
Høgaste punkt Mount Pond
 - høgd 576 moh
Lengd 12 km
Breidde 12 km
Areal 72 km²
Folketal Ingen fast busetnad  men to sommarbusette forskingsstasjonar
Administrert under Antarktistraktaten
Type Kaldera
Sist utbrot 1970
Ile de la Deception.svg
Deceptionøya is located in Antarktis
Deceptionøya (Antarktis)

Deceptionøya eller Deception Island ('den bedragerske øya') er ei aktiv vulkanøy i øygruppa Sør-Shetlandsøyane. Deceptionøya har ei av dei sikraste hamnene i Antarktis og var ein viktig base for kvalfangst frå 1906 til 1931. Vulkanutbrot i 1967 og 1969 gjorde store skadar på forskingsstasjonane på øya, og det er no berre Argentina og Spania som har basar der.

Deceptionøya er utpeikt som eit spesielt forvaltingsområde i Antarktis for å sørgje for omsyn til natur, forsking, turisme og kulturvern. På grunn av den vulkanske aktiviteten har øya ein unik flora i antarktisk samanheng. Ho er samtidig mellom dei mest besøkte stadene i Antarktis.

Det er uvisst kven som oppdaga Deceptionøya, men Sør-Shetlandsøyane vart observert av William Smith den 19. februar 1819. Deceptionøya inngår kravområda til både Storbritannia, Argentina og Chile i Antarktis.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Deceptionøya er mellom dei minste av dei elleve hovudøyane i Sør-Shetlandsøyane, og ho ligg sørvest i øygruppa. Øya ligg om lag 100 km nord for Antarktishalvøya, skild av Bransfield Strait, og 1 000 km frå hamnebyen Ushuaia i Argentina som er utgangspunktet for dei fleste cruisa til Antarktis.

Øya er ringforma med ein diameter på omtrent 15 km. Over 57 % av øya er dekt av isbrear, og det høgste punktet er Mount Pond (539 moh.) på den austlege delen av øya. Det totale landarealet inkludert omliggjande øyar er 98,5 km².

Neptunes Bellows, innseglinga til Port Foster.
Foto: Jerzy Strzelecki (2000)

Senteret på øya er ein kaldera som vart forma av eit gigantisk (VEI-6) vulkanutbrot og seinare overfløymd. Dette har skapt hamnebassenget Port Foster som er omkring ni km langt og seks km breitt, med ei utstrekning på over 30 km² og ei djupn på rundt 180 meter. Det einaste innløpet til Port Foster ligg i søraust, er berre eit par hundre meter breitt og vert kalla Neptunes Bellows («Blåsebelgen til Neptun»). Midt i Neptunes Bellows på 2,5 meters djup ligg undervasskjeret Ravn Rock, oppkalla etter kvalskuta «Ravn». Chr. Salvesen sin kvalbåt «Southern Hunter» grunnstøytte her i 1956, og restar av akterspegelen ligg framleis på stranda vest for Neptunes Bellows.

Fleire maarar finst langs stranda ved kalderaen, og enkelte inneheld kratersjøar. Andre dannar dei mindre buktene Whalers Bay rett innanfor Neptunes Bellows, Pendulum Cove, Telefon Bay og Fumarole Bay. Kroner Lake er den einaste geotermiske laguna i Antarktis.

På den austlege kysten frå Macaroni Point i nordaust til Baily Head i søraust finn ein den åtte kilometer lange og nesten snorrette stranda Costa Recta, ei av fleire svarte lavasandstrender på øya, og fleire av dei er dampande grunna den termiske aktiviteten.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Kalderaveggen.
Foto: PhilWolpe (2006)

Deceptionøya er ein aktiv basaltvulkan og det største av dei tre vulkanske sentra på Sør-Shetlandsøyane. Ho har ein nedsøkkt basal diameter på omtrent 30 km og reiser seg 1 500 meter over havbotnen.

Eit valdsamt og eksplosivt vulkanutbrot for bortimot 10 000 år sidan fjerna omtrent 30 km³ steinmassar frå Deceptionøya. Vulkanen kollapsa og danna ein kaldera, nemleg Port Foster. Påfølgjande oskenedfall og tsunamiar hadde stor miljøinnverknad på området rundt den antarktiske halvøya, og utbrot frå dei siste 8 700 åra er daterte frå oskelag i innsjøsediment i området.[1]

Vulkanen var særleg aktiv på 17- og 1800-talet. På 1900-talet var det utbrot i to periodar – omkring 1906–1910 og frå 1967 til 1970. 4. desember 1967 førde eksplosive utbrot i Telefon Bay i nordenden av Port Foster til danninga av den nye øya Yelcho Island, 900 m lang, 250 m brei og 120 m høg. Tefravolumet frå utbrota vart rekna til å vere 50 millionar kubikkmeter. 21. februar 1969 førde eksplosive utbrot vest for Mount Pond til is- og gjørmestraumar som øydela forskingsstasjonane til Chile og Storbritannia. Tefravolumet var om lag 30 millionar kubikkmeter, og det vart registrert jordskjelv med styrke 5,3 på Richters skala i samband med utbrota. Det førebels siste utbrotet fann stad nord for Telefon Bay 12. august 1970 og spreidde oske over store delar av Antarktishalvøya og Sør-Shetlandsøyane. I 1992 utløyste aukande seismisk aktivitet deformasjonar i grunnen og høgare vasstemperaturar. Botnen av Port Foster hevar seg raskt i geologisk perspektiv, om lag 30 cm per år, og kalderaen er klassifisert som uroleg med rimeleg stor vulkansk risiko.[1][2]

Store delar av isbreane på øya er delvis dekte av vulkansk oske, og morenevollar finst ved ytterkantane på breane. Ein nesten komplett ring av fjell omkransar Port Foster og utgjer vasskiljet på øya. Efemeriske (kortvarige) bekker renn mot den indre og den ytre kysten, og fleire innsjøar ligg på innsida av vasskiljet.

Den spanske forskingsstasjonen Gabriel de Castilla overvakar seismografane på øya årleg frå slutten av november til slutten av februar, perioden med størst menneskeleg aktivitet på øya. Det er etablert eit varslingssystem og ein evakueringsstrategi i tilfelle aukande fare for vulkansk aktivitet.[3]

Biologi[endre | endre wikiteksten]

Planteliv[endre | endre wikiteksten]

Antarktisk perleurt
(Colobanthus Quitensis)

Deceptionøya har ein sparsam flora, som likevel er eksepsjonell i antarktisk samanheng. Mellom anna finst det på øya minst 18 artar mose og lav som ikkje er observerte andre stader i Antarktis, og to av dei er endemiske. Av spesiell viktigskap er plantelivet på dei geotermiske områda på øya, der den største kjende førekomsten av den moseliknande nellikblomen antarktisk perleurt finst mellom Baily Head og South East Point. Planta vart nesten utrydda av dei siste vulkanutbrota i perioden 1967–1970, men har teke seg opp att, og har no ein del større utbreiing enn før utbrota. Viktige er også områda der overflata vart danna av desse utbrota, og som har vorte raskt koloniserte. Kroner Lake inneheld ein unik koloni med brakkvassalgar.

Elleve område av spesiell botanisk interesse vart i 2005 vedtekne som spesielt verneområde i Antarktis (Antarctic Specially Protected Area, ASPA) nr. 140, medan ASPA nr. 145 dekkjer delar av Port Foster, der det økologiske miljøet er påverka ganske mykje av vulkansk aktivitet og sedimentering.[4]

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Ringpingvin
(Pygoscelis antarctica)
Weddellsel
(Leptonychotes weddelli)

Åtte artar av sjøfuglar hekkar på øya. På Baily Head finn ein den største kolonien i verda med ringpingvinar. Bestanden var omkring 100 000 par i 1989, men har seinare sokke til truleg under 75 000 par.[5] Totalt hekkar det mellom 140 000 og 191 000 par ringpingvinar på øya, i tillegg til eit mindre tal gulltoppingvinar.

Andre sjøfuglar som hekkar i området er sørhavsjo, taremåse, flekkpetrell, wilsonstormsvale, sørhavsterne og antarktisslirenebb.[6]

Det er òg store førekomstar av sel, men dei ynglar ikkje på øya. Antarktisk pelssel, weddellsel, elefantsel og leopardsel trekkjer opp på strendene både på den indre og ytre kysten.[6] Også krabbeetarsel oppheld seg sporadisk ved Baily Head.[5]

Av virvellause landdyr og ferskvassdyr er det registrert éin flugeart, 18 artar midd, 14 rundormar, ni artar spretthalar, fem artar hjuldyr, tre artar bjørnedyr, tre artar krepsdyr og éin art Gastrotricha.[6]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Deceptionøya har ifølgje Köppen si klimaklassifisering eit tundraklima, karakterisert ved ein temperaturnormal under 10 °C i alle månadene, men over 0 °C i dei varmaste månadene. LongyearbyenSvalbard ligg i same klimasone.

Øya ligg like langt frå ekvator som Færøyane, men nærleiken til Antarktis medfører at klimaet er mykje kaldare. Lufttemperaturen varierer mellom 11 °C og –28 °C med ein årsnormal på –3 °C, og årleg nedbør er om lag 500 mm. Dei rådande vindretningane er frå nordvest og frå aust. Port Foster frys til frå juni til midten av november. Det er registrert aukande temperaturar i regionen, spesielt sommartid.[3]

Ekstremt mikroklima finst rundt dampande fumaroler og geotermisk oppvarma vatn, der temperaturar opp mot 70 °C er registrerte.[7]

Klimadata for Deceptionøya
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 3 3 2 -1 -3 -5 -6 -6 -3 -1 0 2 −1 3
Normal min. temp. °C -1 -1 -2 -4 -7 -10 -12 -11 -8 -5 -4 -1 -12
Nedbør (mm) 58 53 69 51 5 8 15 25 23 109 97 51 564
Kjelde: Weatherbase [8]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oppdaginga av øygruppa[endre | endre wikiteksten]

Det er uvisst kven som observerte Deceptionøya fyrst, men Sør-Shetlandsøyane vart oppdaga av kaptein William Smith på handelsskipet «Williams» 19. februar 1819. Han fekk auge på det som i dag heiter Williams Point, den nordaustlegaste spissen av Livingston Island, etter å ha kome ut av kurs sør for Kapp Horn. Han returnerte seinare same år og steig i land på King George Island 16. oktober 1819 og gjorde krav på øyane for kong Georg III. Den britiske marinen sende deretter ein ekspedisjon som var leidd av Edward Bransfield med Smith som kaptein på «Williams» for å utforske og kartleggje øyane. 22. januar 1820 vart det igjen gått i land på King George Island, og 4. februar vart det stige i land på Clarence Island. Øyane vart igjen gjorde krav på, men no for den nye kongen, Georg IV. Deretter vart fleire øyar utanfor den antarktiske halvøya kartlagde.[9]

Selfangst[endre | endre wikiteksten]

Frå slutten av 1700-talet dreiv britiske og amerikanske selfangarar ein intensiv fangst på antarktisk pelssel i Sørishavet. Etter oppdaginga av Sør-Shetlandsøyane tok det ikkje lang tid før dei fyrste selfangarane var på plass – allereie 25. desember 1820 var ein av mannskapsmedlemmene frå «Williams» tilbake for å gjere forteneste.

I sesongen 1820–1821 var det ikkje mindre enn 91 selfangstskuter som opererte ved Sør-Shetlandsøyane. Deceptionøya vart då brukt som hamn av den amerikanske selfangaren Nathaniel Palmer, truleg fyrstemann som brukte kalderaen som hamn. William Smith deltok også i seljakta dette året, og returnerte med 60 000 skinn. Det gjekk ikkje meir enn eit par sesongar før pelsselen var nærast utrydda i området, og det skulle gå eit halvt hundreår før eit større tal selfangarar oppsøkte øyane att. I perioden 1871–1874 fanga ei handfull amerikanske selfangarar omkring 33 000 pelssel frå den langsamt aukande bestanden. I 1888–1889 rapporterte ei skute om berre 39 skinn, to år seinare 41.[9]

Kvalfangst[endre | endre wikiteksten]

Restar av landstasjonen i Whalers Bay.
Foto: Jerzy Strzelecki (2000)

I 1906 byrja Adolf Amandus Andresen og det chilenske kvalfangstføretaket hans Sociedad Ballenera de Magallanes å bruke Whalers Bay som base for det flytande kokeriet «Gobernador Bories».[10] Andre føretak tok etter, og i 1914 låg det 13 kvalkokeri oppankra side om side i bukta, dei fleste av dei norske. Whalers Bay gjekk under namnet Ny-Sandefjord blant dei norske kvalfangarane.

I sesongen 1912–1913 etablerte kvalfangstselskapet Hektor A/S frå Tønsberg ein landstasjon i Whalers Bay, Hektor Hvalfangststasjon, med bygningar som vart tekne med frå Noreg.[11] Medan kvalspekket vart teke hand om bord i kokeria, vart kvalskrottane kokte på landstasjonen og lagra på store jerntankar. Fram til då hadde kvalskrottane berre vorte liggjande langs skutesidene etter flensing og låg i tusental langs stranda og rotna.

Bilete av kyrkjegarden før øydeleggingane.
Foto: Harley D. Nygren (1962)

Ein kyrkjegard vart laga i 1908, og denne inneheldt 35 graver, samt ti minnesmerke over menn som vart borte på sjøen. Av desse var 38 nordmenn, tre svenskar, ein brite, ein chilenar, ein russar og ein av ukjent opphav. Gravene vart i likskap med mykje anna sterkt øydelagde av vulkanutbrotet i 1969.

Mesteparten av den antarktiske kvalfangsten gjekk føre seg ved Sør-Shetlandsøyane fram til 1926–1927, då den pelagiske fangsten for alvor var i ferd med å gjere landstasjonane overflødige. Då kvaloljeprisane sokk under den store depresjonen, vart drifta ved stasjonen ulønsam. Han vart stengd i 1931, men framleis finst det spor etter rustne kjelar og oljetankar, i tillegg til fleire bygningar.

Suverenitet og konfliktar[endre | endre wikiteksten]

Storbritannia har gjort formelt krav på Sør-Shetlandsøyane sidan 1908, og i 1962 vart dei ein del av bilandet Britisk Antarktis. Argentina og Chile gjer òg krav på øygruppa. Argentina innlemmar øyane i provinsen Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur, medan chilenarane definerer dei som ein del av Provincia dei Antártica Chilena. Ifølgje Antarktistraktaten skal dei tiltredde partane verken hevde, støtte eller fornekte territoriale krav om suverenitet over området, som kan nyttast fritt til ikkje-militære føremål.

Frå sesongen 1912–1913 vart det av guvernøren på Falklandsøyane utnemnt ein magistrat som også fungerte som postmeister, med tilhaldsstad på landstasjonen i Whalers Bay.[12] Den fyrste magistraten var Edward B. Binnie.

I februar 1942 segla det argentinske skipet «Primero de Mayo» til Deceptionøya og andre øyar i området, samstundes som styresmaktene proklamerte at området sør for 60° S og mellom 25° og 68°34' V høyrde til Argentina. Dette vart formelt rapportert til dei britiske styresmaktene sju dagar seinare. Britane reagerte ved å sende skipet HMS «Carnarvon Castle» for å fjerne alle argentinske markeringar og setje opp britiske markeringar og heise unionsflagget. I mars 1943 returnerte «Primero de Mayo» og fjerna dei britiske merka. Denne gongen svara britane med å setje i verk Operasjon Tabarin, ein militærekspedisjon med føremål å etablere permanente basar i Antarktis. 3. februar 1944 vart Basa B etablert nær den forlatne norske landstasjonen.[13]

Situasjonen spissa seg til igjen då Argentina og Chile i 1952 oppførde kvar sin bygning ved britane si flystripe i Whalers Bay. Britane sende i 1953 marinefartøy og fekk fjerna bygningane og tok deretter med seg to argentinarar til Sør-Georgia. Desse vart utviste og returnerte til Argentina. Året etter var det stasjonert britiske marinesoldatar ved basen.[9][14]

I 1961 besøkte presidenten i Argentina, Arturo Frondizi, Deceptionøya for å vise at landet var interessert i området.[15]

Ekspedisjonar og forsking[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste vitskaplege ekspedisjonen til Deceptionøya vart gjord i 1829 med orlogsskipet «Chanticleer» under leiing av kaptein Henry Foster, som har gjeve namnet sitt til hamnebassenget Port Foster. Ekspedisjonen gjennomførde gravitasjonsmålingar, gjorde magnetiske observasjonar og kartla øya.[16]

Den franske polarforskaren Jean-Baptiste Charcot vitja Deceptionøya på sin andre antarktisekspedisjon i 1908. Han skildra den hektiske aktiviteten i Whalers Bay og var imponert og forbløffa over det han såg. Det låg då fire kvalkokeri og ei rekkje kvalbåtar og flensebåtar i bukta, og stanken var uuthaldeleg. Her møtte han kaptein Andresen og overleverte verdifull informasjon med omsyn til kvalførekomstar, nye kartlagde farvatn og hamnemoglegheiter og dessutan vêrobservasjonar.[17]

Under Endurance-ekspedisjonen i 1916 gjorde Ernest Shackleton eit forsøk på å nå Deceptionøya med livbåtane sine, etter at ekspedisjonsskipet «Endurance» hadde vorte skrudd ned i isen og knust i Weddellhavet. Ugunstige vind- og straumforhold førde dei likevel til Elefantøya, der mannskapet var stranda medan Shackleton og seks andre segla til Sør-Georgia for å varsle norske kvalfangarar.[18]

Hangaren som vart oppførd sommaren 1961–62

16. november 1928 tok australiaren George Hubert Wilkins av frå ei flystripe som var laga til eit par hundre meter vest for landstasjonen i ein Lockheed Vega og drog ut på ein 20 minutt lang flytur. Ein månad seinare, 20. desember, gjennomførde han ei flyging på 2 100 kilometer langs Antarktishalvøya til omtrent 71°20'S.[9] Sommaren 1933–1934 var Deceptionøya utgangspunkt for Lincoln Ellsworth og Bernt Balchen sitt forsøk på å fly tvers over det antarktiske kontinentet, frå Weddellhavet til Rosshavet, men på grunn av vanskelege vêrforhold og motorproblem måtte dei gje opp forsøket. Året etter lukkast det Ellsworth å gjennomføre den fyrste kryssinga av kontinentet med flyet sitt, «Polar Star», denne gongen med Dundee Island som utgangspunkt.[19]

I 1944 etablerte britane ein permanent base (Basa B) ved den forlatne kvalstasjonen som ein del av Operasjon Tabarin. Etter at krigen var slutt vart basen overlevert til Falkland Islands Dependecies Survey, som seinare vart omdøypt til British Antarctic Survey (BAS), og sesongen 1946–1947 vart stasjonen bygd opp att etter at han hadde vorte øydelagt av brann i september 1946[16]. Sommaren 1961–1962 vart det bygd ein hangar ved flystripa vest for landstasjonen. Hangaren er verna, men flykroppen til ein de Havilland Otter vart fjerna i 2004 fordi det vart frykta at han ville verte stolen.[20] 5. desember 1967 gjorde eit vulkanutbrot til ei mellombels fråflytting. Basen vart igjen nytta frå 4. desember 1968 til 21. februar 1969, då meir vulkansk aktivitet medførde at britane gav opp basen. Forskingsaktivitetane omfatta mellom anna meteorologi og geologi.[21]

Den chilenske basen Pedro Aguirre Cerda ved Pendulum Cove, øydelagd under vulkanutbrot i 1967.
Foto frå januar 1958

Argentina sette opp stasjonen Decepción i Fumarole Bay sørvest i Port Foster 25. januar 1948.[16] Stasjonen er framleis i sommardrift, og den noverande kapasiteten er på 65 personar.[22]

I sesongen 1947–1948 sende Norsk Hvalfangstselskapers Forbund ein ekspedisjon under leiing av Holger Holgersen og kaptein Nils Larsen med «Brategg» for å gjennomføre oseanografiske undersøkingar vestover frå Peter I Øy til 174°31'. Dei gjekk i land på Peter I Øy og Deceptionøya for geologiske og zoologiske undersøkingar.[16]

I 1955 etablerte Chile ein stasjon, Pedro Aguirre Cerda, ved Pendulum Cove for å auke nærværet sitt i området som landet gjer krav på. Ein de Havilland Beaver vart nytta for å skaffe forsyningar frå Punta Arenas. Chile oppretta òg forskingsstasjonen Gutierrez Vargas på 1960-talet, men stasjonane vart øydelagde under vulkanutbrota i 1967 og 1969 og er ikkje bygde opp att.

I sesongen 1989–1990 etablerte Spania forskingsstasjonen Gabriel de Castilla i nærleiken av Argentina sin stasjon, Decepción, for å oppretthalde nærværet sitt i regionen og drive polarforsking. Sidan 2000 har Gabriel de Castilla og Decepción vore drifta i sommarhalvåret. Forskinga fokuserer hovudsakleg på overvaking av vulkansk aktivitet og bentiske studium.

Vern og turisme[endre | endre wikiteksten]

Turistar tek seg eit bad i ei varm kjelde.
Foto: Lyubomir Ivanov

Deceptionøya vart i 2005 vedteke som eit Spesielt forvaltingsområde i Antarktis (Antarctic Specially Managed Area, ASMA) for å setje omsyn til natur, forsking, turisme og kulturvern i fokus. Ei gruppe som var samansett av representantar for Argentina, Chile, Noreg, Spania, Storbritannia og USA vart etablert for å overvake implementeringa av ein forvaltingsplan for øya.[3]

Kvalfangststasjonen i Whalers Bay og restane av gravplassen same stad er oppført på lista over historiske stader og kulturminne i Antarktis som er anerkjend av antarktistraktatsystemet. Restane etter forskingsstasjonen Pedro Aguirre Cerda står òg på denne lista. Riksantikvaren utarbeidde i 2003 ein forvaltingsplan for kulturmiljøet i Whalers Bay.[23]

MS «Nordkapp» i Antarktis.
Foto: PhilWolpe (2006)

Deceptionøya er mellom dei mest besøkte stadene i Antarktis, fyrst og fremst på grunn av nærleiken til Sør-Amerika, dei kulturhistoriske minna og vulkansk opphav og aktivitet. I løpet av sesongen 2006–2007 var om lag 20 000 turister i land, ein firedobling på 15 år.[24] Turistane kan stige i land i Whalers Bay, Pendulum Cove, Baily Head og Telefon Bay. Deceptionøya gjev dei besøkjande ei unik moglegheit til å lære om vulkanar, geotermisk aktivitet, antarktisk forsking og kvalfangsthistorie. Det er utarbeidd reglar for korleis ein skal oppføre seg for dei som gjestar øya.

30. januar 2007 grunnstøytte hurtigruteskipet MS «Nordkapp» ved Deceptionøya. Det ytre skroget vart skadd og sprang lek, og det vart sleppt ut om lag 500–750 liter lett dieselolje. Grunna dårleg vêr vart ikkje dei 294 passasjerane evakuerte før 24 timer seinare. Dei vart tekne om bord i systerskipet MS «Nordnorge» som var i farvatnet, og tekne med til Argentina. Det er ikkje observert teikn som tyder på at dyrelivet er skadd som følgje av utsleppet.[25]

Ei rekkje taggingar på bygningane og tankane i Whalers Bay har i den siste tida vorte rapporterte. Skribleri på desse historiske minnesmerka er forbode og vert sett på som å øydelegge den historiske verdien av området.[26]

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

1819 – Sør-Shetlandsøyene vert oppdaga 19. februar av William Smith
1820 – Den amerikanske selfangaren Nathaniel Palmer brukar øya som hamn
1829 – Henry Foster gjennomfører den fyrste vitskaplege ekspedisjonen på øya
1906 – Adolf Amandus Andresen tek i bruk Whalers Bay som hamn for flytande kvalkokeri
1908 – Storbritannia gjer krav på Sør-Shetlandsøyane
1912 – Hektor kvalfangststasjon vert etablert i Whalers Bay
1931 – Landstasjonen vert nedlagd
1944 – Britane etablerer ein base i samband med Operasjon Tabarin
1948 – Argentina etablerer forskingsstasjonen Decepción i Fumarole Bay
1953 – Royal Navy fjernar argentinske og chilenske bygningar i Whalers Bay, og to argentinarar vert utviste
1955 – Chile etablerer forskingsstasjonen Pedro Aguirre Cerda i Pendulum Cove
1961 – Den argentinske presidenten Arturo Frondizi besøkjer Deceptionøya
1967 – Vulkanutbrot gjer stor skade på forskingsstasjonane på øya, og dei to stasjonane til Chile vert nedlagde
1969 – Vulkanutbrot medfører meir øydelegging på den britiske stasjonen i Whalers Bay, som vert nedlagd
1970 – Siste vulkanutbrotet på øya
1989–90 – Spania opprettar forskingsstasjonen Gabriel de Castilla
1992 – Seismisk aktivitet utløyser store deformasjonar i grunnen
2005 – Deceptionøya vert vedteken som eit spesielt forvaltingsområde i Antarktis
2007 – Hurtigruteskipet MS «Nordkapp» grunnstøyter ved øya

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Deception Island» hjå Smithsonian Institution Global Volcanism Program.
  2. «Volcanic Activity» hjå Deception Island Management Group.
  3. 3,0 3,1 3,2 «Deception Island Management Package» hjå Deception Island Management Group.
  4. «Flora and Fauna» hjå Deception Island Management Group.
  5. 5,0 5,1 A complete guide to Antarctic wildlife av Hadoram Shirihai (London: A&S Black Publishers Ltd, 2007 – ISBN 978-0-7136-6406-5), s. 442.
  6. 6,0 6,1 6,2 «Deception Island» hjå Eco-Photo Explorers.
  7. «Climate» hjå Deception Island Management Group.
  8. «Weatherbase: Historical Weather for Deception Island, Antarctica». Weatherbase. 2011. http://www.weatherbase.com/weather/weather.php3?s=83988&refer=wikipedia. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 Antarctica av Jeff Rubin (Lonely Planet, 2005).
  10. «Adolf Amandus Andresen» hjå Norsk Polarhistorie.
  11. «Tidslinje i norsk polarhistorie» hjå Norsk Polarhistorie.
  12. «The Polar Postal History Society» hjå The Royal Philatelic Society London.
  13. Antarctic Science av D. W. H. Walton (CUP Archive, 1987 – ISBN 0-521-26233-X).
  14. «‘RRS James Clark Ross’ Diary» hjå British Antarctic Survey.
  15. The International Politics of Antarctica av Peter J. Beck (Routledge, 1986 – ISBN 0-7099-3239-1), s. 129.
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 Chronological List of Antarctic Expeditions and Related Historical Events av Robert K. Headland (CUP Archive, 1989 – ISBN 0-521-30903-4).
  17. «Hvalfangstbase og kulturminne. Hektor Hvalfangststasjon – den sørligste av de norske landstasjonene i Antarktis» av Gustav Rossnes i Norsk sjøfartsmuseum. Årsberetning 1996 (1997 – ISBN 82-900089-55-4), s. 133–154.
  18. South av Ernest Shackleton (Kessinger Publishing, 2004).
  19. «Lincoln Ellsworth» hjå South-Pole.com.
  20. Antarctica – Clean up – dokumentarfilm av Rockhopper TV for BBC World.
  21. «Deception Island Station – History» hjå British Antarctic Survey.
  22. «Antarctic Facilities» hjå Council of Managers of National Antarctic Programs (COMNAP).
  23. «Antarktis» hjå Riksantikvaren.
  24. «Tourism and the human footprint at Deception Island» hjå The Antarctic and Southern Ocean Coalition.
  25. «Ingen skader på miljøet etter begrenset oljeutslipp fra hurtigruta i Antarktis» frå Norsk Polarinstitutt.
  26. «Grafitti» hjå Deception Island Management Group.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Deceptionøya

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Jeff Rubin (2005) Antarctica, s. 187–191 – Lonely Planet. ISBN 1741045495.
  • Ian B. Hart (2006) Whaling in the Falkland Island Dependencies 1904–1931. A history of shore and bay-based whaling in the Antarctic – Pequena. ISBN 0955292409 [Innehelder mellom anna ei rekkje unike bilete frå Whalers Bay].