Turid Birkeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei ung Turid Birkeland (t.h.) saman med William Engseth og Roger Ingebrigtsen i 1985
Foto: Troms Arbeiderparti

Turid Birkeland (fødd 5. november 1962), fødd i Haugesund) er ein tidlegare norsk politikar frå Arbeiderpartiet.

Turid Birkeland var statsråd i Kulturdepartementet (kulturminister) i Thorbjørn Jagland si regjering frå 25. oktober 1996 til 17. oktober 1997.

I perioden 1986 til 1989 var Turid Birkeland fast møtande vararepresentant på Stortinget. Ho var leiar for AUF i åra 1989-1992. Ho var leiar for Ja-aksjonen for norsk EU-medlemskap i 1994.

Turid Birkeland har skrive bøker, og har arbeidd for LO sitt kontor i Brüssel. Ho har elles mellom anna arbeidd som kultursjef i NRK og programleiar i kulturavdelinga i NRK. Ho leia programmet «Silikonfri sone» på TVNorge, og har også vore programleiar på TV+ i 1995, i tillegg til verv som leiar for programrådet i P4. Ho har også vore leiar for Kammermusikkfestivalen i Risør. Frå 2008 er Turid Birkeland seniorrådgjevar i Telenor.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Turid Birkeland og Sigurd Sandvin. Alle fakta på bordet. Oslo, 1992 EU-fakta
  • Stockholm - Din guide til storbyen!. Damm, 2001 ISBN 82-517-8792-0
  • London - Din guide til storbyen!. Damm, 2005. ISBN 82-496-0701-5

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]