Thorhild Widvey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thorhild Widvey (2014)

Thorhild Widvey (fødd 9. januar 1956) er ein norsk politikar for Høgre og kulturminister i regjeringa Solberg. Ho var statsråd for Olje- og energidepartementet i Bondevik II-regjeringa frå 18. juni 2004 til 17. oktober 2005.

Widvery er busett i Oslo. Ho budde lenge i Karmøy kommune i Rogaland fylke.

Utdanning, yrke og verv[endre | endre wikiteksten]

Etter vidaregåande skule studerte Thorhild Widvey eitt år ved Idrætshøjskolen i Århus. Ho har tidlegare vore stortingsrepresentant for Rogaland fylke (1987-97) og var vararepresentant stortingsperioda før dette. I tillegg har ho vore statssekretær i både Fiskeridepartementet (juni 2002 - januar 2003) og Utanriksdepartementet (januar 2003). Hun har òg site i Karmøy kommunestyre og har delteke i politikken på fylkeskommunalt plan.