Anne Enger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Anne Enger (tidlegare Anne Enger Lahnstein, (fødd 9. desember 1949) er tidlegare leiar for Senterpartiet og var statsråd i Kulturdepartementet (kulturminister) i Regjeringa Bondevik I. I ein periode var ho fungerande statsminister for Kjell Magne Bondevik under eit lengre sjukdomsfråver. Ho kjem opphavleg frå Trøgstad i Østfold. Ho er no fylkesmann i Østfold. Ho har tidlegare vore leiar i Redningsselskapet.

Enger var ein av dei mest innflytingsrike politikarane på 90-talet, men ho er nok mest kjend for kampen mot norsk medlemskap i EU fram mot valet i 1994. I denne perioden vart ho av media kalla «Nei-dronninga».

Enger tok artium i 1968 og har utdanning både som sjukepleiar (1972) og sosionom (1975) frå Det norske diakonhjem.

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk