Emil Richards

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emil Richards
Fødd2. september 1932
FødestadHartford
Død13. desember 2019 (87 år)
FødenamnEmilio Joseph Radocchia
OpphavUSA
Sjangerjazz, klassisk musikk
InstrumentPerkusjon, Vibrafon
PlateselskapImpulse!
Verka somjazzmusikar, perkusjonist, musikar
Perkusjon instrument frå Emil Richards samling

Emil Richards (fødd 2. september 1932 som Emilio Joseph Radocchia i Hartford i Connecticut) er ein perkusjonist som spelar forskjellige perkusjoninstrument.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Richards starta å spele xylofon då han var seks år gammal. Han gjekk ut frå Julius Hartt School of Music (no ein del av University of Hartford) og Hillard College. Richards gjekk i lære hos Asher George Zlotnik. Sjølv før det spelte han med Hartford Symphony Orchestra og med forskjellige jazzartistar i New England. I 1950- og 1960-åra spelte han med forskjellige jazz-ensemble, først i New York City og så i Los Angeles, der han slo seg ned permanent i 1959. Han vart ein av dei mest ettertrakta perkusjonistane innan både jazz, rock og anna popmusikk, og spelte i mange filmar og fjernsynsprogram.

I 1954 flytta Richards til New York der han spelte med Charles Mingus, Ed Shaughnessy og Ed Thigpen og i studio med artistar som Perry Como, Ray Charles Singers og Mitch Aires. I 1955 vart Richards med i George Shearing Quintet. Han var med gruppa i over fire år og spelte med dei 51 veker av året. I 1959 flytta han til Los Angeles der han arbeidde med Paul Horn Quintet, Jimmy Witherspoon, the Shorty Rogers Big Band, Don Ellis, Lenny Bruce og Lord Buckley. Han spelte med Frank Sinatra, Nelson Riddle, Judy Garland, Sarah Vaughan og Doris Day. I 1962, etter ei oppfordring frå president John F. Kennedy, slo Richards og ein liten jazzcombo seg saman med Sinatra og turnerte verda rundt[2] til støtte for underpriviligerte barn. Denne gruppa var med på å starte opp det første sjukehuset i Israel for jødiske og arabiske barn.[treng kjelde] Dette starta ei interesse for etniske perkusjonsinstrument for Richards. Han fekk etter kvart ei enorm samling perkusjoninstrument, kalla Emil Richards Collection.[3] På denne tida arbeidde han òg med Harry Partch.

Etter denne verdsturneen vendte Richards attende til Los Angeles der han spelte med artistar som the Beach Boys, Jan and Dean, Bing Crosby og Nat Cole. Han vart medlem av Frank Zappa sitt Abnuceals Emuukha Electric Symphony Orchestra og spelte på fleire album med dette store orkester, inkludert albuma Lumpy Gravy i 1967. Han arbeidde òg på filmmusikk for Jerry Goldsmith, John Williams, Henry Mancini, Elmer Bernstein, Johnny Mandel, Quincy Jones, Oliver Nelson, Neal Hefti, Lalo Schifrin, Dave Grusin, Michel Legrand, Alex North og Bill Conti, for å nemne nokre få.

Richards vart ein av dei mest nytta perkusjonistar for filmindustrien i Hollywood og har spelt på hundrevis av filmar. Han var involvert i konseptalbumet The Zodiac: Cosmic Sounds og spelte for mange grupper, som Blondie, The Doors, George Harrison og Frank Sinatra. Han har fleire periodar sete i styret for Percussive Arts Society, og donerte mange instrument til museet deira.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1961: Yazz Per Favore
  • 1968: Journey To Bliss (Impulse! Records)
  • 1969: Spirit Of 1976 (Impulse!)

Som sidemann (utval)[endre | endre wikiteksten]

Med Dizzy Gillespie

Med Alphonse Mouzon

Med Lalo Schifrin

Med Gábor Szabó

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic
  2. «NPR Music». NPR. Henta 5. juli 2014. 
  3. «Emil Richards Website». Emil Richards. Henta 19 juni 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]