Fabian Gottlieb von Bellingshausen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fabian Gottlieb von Bellingshausen

Fabian Gottlieb Thaddeus von Bellingshausen[1] (20. september 177825. januar 1852) var ein russisk sjøfarar og admiral, og skal ha vore den fyrste som såg kontinentet Antarktika.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Von Bellinghausen var fødd på Saaremaa i Estland av tyske foreldre.

I 1819 sette den russiske tsar Aleksander I i verk ein ekspedisjon til Sørishavet under leiing av Bellingshausen. Bellingshausen drog ut frå Kronsjtadt ved St. Petersburg med korvetten «Vostok» og støtteskipet «Mirnyi» i juli 1819. Reisa gjekk fyrst innom København og Portsmouth, før dei heldt fram sørover til Rio de Janeiro. Frå Rio de Janeiro gjekk turen nokså direkte sørover mot Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane. Ekspedisjonen kryssa polarsirkelen 26. januar 1820 og kom til farvatnet utanfor Dronning Maud Land 27. januar. Posisjonen vart oppgjeven som 69°21′S 2°14′W. Det tyder at Bellingshausen var om lag 30 km frå land, og mest truleg kunne sjå iskanten. Men Bellingshausen oppgav ingen direkte opplysningar om observasjon av fastland, berre posisjonar og meteorologiske observasjonar. Briten Edward Bransfield og amerikanaren Nathaniel Palmer kan også ha vore dei fyrste til å observere Antarktika, høvesvis 30. januar og 16. november same år.

Ekspedisjonen segla deretter rundt heile Antarktis, og dei var dei fyrste som gjorde dette sidan James Cook sin ekspedisjon i 1772–75. 11. januar 1821 oppdaga han Peter I Øy, som han kalla opp etter tsar Peter den store.

Bellingshausen vende tilbake til Russland 4. august 1821. Han var med i den russisk-tyrkiske krigen 1828–29 og oppnådde admiralgraden. I 1839 vart han utnemnd til krigsguvernør i Kronsjtadt. Her døydde han i 1852.

Oppkallingar[endre | endre wikiteksten]

Desse stadene og objekta er kalla opp etter han:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. russisk Фаддей Фаддеевич Беллинсгаузен, Faddej Faddejevitsj Bellinsgauzen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Fabian Gottlieb von Bellingshausen (1902): Fabian von Bellingshausens Forschungsfahrten im Südlichen Eismeer 1819-1821
  • Frank Debenham (1945): The voyage of Captain Bellingshausen to the Antarctic Seas, 1819-1821