Flesh and Blood
| Flesh + Blood Studioalbum av Roxy Music |
||
| Utgjeve | Juni 1980 | |
| Innspelt | 1980 | |
| Sjanger | Poprock New Romantic |
|
| Lengd | 41:56 | |
| Selskap | EG Atco/Reprise (USA) |
|
| Produsent | Rhett Davies & Roxy Music | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Roxy Music-kronologi | ||
| Manifesto (1979) |
Flesh + Blood | Avalon (1982) |
Flesh + Blood er det sjuande studioalbumet av Roxy Music og vart gjeven ut i juni 1980. Albumet nådde toppen av den britiske albumlista ei veke i juni og så igjen i august for tre nye veker. Totalt låg det 60 veker på den britiske albumlista. Det nådde 35. plass i USA, 10. plass i Australia og 6. plass i Noreg.
Før albumet kom ut, kom singelen «Over You», som nådde 5. plass i Storbritannia og 80. plass i USA. Fleire singlar følgde: «Oh Yeah» (UK #5) og «Same Old Scene» (UK #12, AUS #35). Flesh + Blood inneheldt òg to coverversjonar: The Byrds sin «Eight Miles High» og Wilson Pickett sin «In the Midnight Hour». Sistnemnde vart gjeven ut som singel i enkelte område.
Albumet vart laga etter at trommeslagar Paul Thompson gjekk frå bandet, så på denne tida var det berre tre medlemmar att i Roxy Music: Bryan Ferry, Andy Mackay og Phil Manzanera.
Innhaldsliste |
[endre] Innhald
Alle songar er skrivne av Bryan Ferry, bortsett frå der andre er nemnde.
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «In the Midnight Hour» | Wilson Pickett, Steve Cropper | 3:09 |
| 2. | «Oh Yeah» | 4:51 | |
| 3. | «Same Old Scene» | 3:57 | |
| 4. | «Flesh and Blood» | 3:08 | |
| 5. | «My Only Love» | 5:16 | |
| 6. | «Over You» | Ferry, Phil Manzanera | 3:27 |
| 7. | «Eight Miles High» | Gene Clark, David Crosby, Roger McGuinn | 4:55 |
| 8. | «Rain, Rain, Rain» | 3:20 | |
| 9. | «No Strange Delight» | Ferry, Manzanera | 4:44 |
| 10. | «Running Wild» | Ferry, Manzanera | 5:03 |
[endre] Medverkande
- Bryan Ferry – vokal, klaverinstrument, piano, synthesiser på 4, gitar på 4 og strykeinstrument på 5
- Phil Manzanera – gitar, bass på 6
- Andy Mackay – saksofonar og obo
[endre] Andre medverkande
- Allan Schwartzberg – trommer på 1, 2, 6–10, perkusjon på 4, 5
- Andy Newmark – trommer på 4, 5
- Simon Phillips – perkusjon på 5
- Alan Spenner – bass på 3–5, 8, 10
- Neil Jason – bass på 2, 7, 9
- Gary Tibbs – bass på 1
- Neil Hubbard – gitar på 1, 2, 5, 7–10
- Paul Carrack – strykarar på 2, orgel, piano på 10
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Flesh and Blood (Roxy Music album)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. "allmusic ((( Flesh + Blood > Review )))". Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r48355. Henta 6. april 2011.
- ↑ Brackett, Nathan. "Roxy Music". The New Rolling Stone Album Guide. November 2004. s. 705
- ↑ Christgau, Robert. "Roxy Music". robertchristgau.com, henta 6. april 2011.