Avalon av Roxy Music

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Avalon
Studioalbum av Roxy Music
Utgjeve Mai 1982
Innspelt 1981–82
Sjanger Poprock, New Wave, New Romanticism
Lengd 37:31
Selskap Warner Bros./Virgin/E.G.
Produsent Rhett Davies and Roxy Music
Kritikk
Roxy Music-kronologi
Flesh and Blood
(1980)
Avalon The High Road
(1983)

Avalon er eit album frå 1982 og det siste og åttande studioalbuemt til Roxy Music. Det vart spelt inn i 1981-82 i Compass Point Studios i Nassau i Bahamas, og vert rekna som høgdepunktet i den glattare, meir vaksne stilen frå den siste perioden til bandet. Det vart ein stor kommersiell suksess og nådde førsteplassen i Storbritannia (tre veker ) og låg på albumlista i over eit år. I Noreg låg albumet heile 12 veker på førsteplassen. Sjølv om det berre nådde 53. plass i Storbritannia, er albumet det einaste albumet deira som har seld til platinaplate i USA. Den dåverande (og snart kona) til Bryan Ferry, Lucy Helmore, er på framsida av omslag kledd i ei hjelm og med ein falk i handa. Dette var ein referanse til den siste reisa til Kong Arthur til det mystiske landet Avalon. Dei svulstige arrangementa og synthesisarprega stilen på Avalon tok Bryan Ferry med seg vidare til det soloalbumet Boys and Girls i 1985.

Singelen «More Than This» kom ut før albumet og nådde 6. plass i Storbritannia og Australia, og ein 2. plass i Noreg. Ein versjon av denne songen av 10,000 Maniacs med songar Mary Ramsey vart ein hit i USA i 1997 då han nådde 25. plass der.

Tittelsporet vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet og denne nådde Topp 20 i Storbritannia. Ein tredje song, «Take a Chance With Me» med ein nymiksa versjon av albumsongen «The Main Thing» som B-side, nådde 26. plass i Storbritannia og vart den siste hitsingelen til bandet i heimlandet.

I 2003 gav Virgin ut Avalon på Hybrid Super Audio CD med ny 5.1-kanals kringlyd produsert av Rhett Davies og Bob Clearmountain.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

I 1989 vart albumet rangert på 31. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 beste albuma i 1980-åra. I 2003 plasserte same magasinet albumet på 307. plass på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Avalon er det Roxy Music-albumet som ligg høgast på denne lista.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bryan Ferry, bortsett frå der andre er nemnde. 

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «More Than This»     4:30
2. «The Space Between»     4:30
3. «Avalon»     4:16
4. «India»     1:44
5. «While My Heart Is Still Beating»   Ferry/Mackay 3:26
6. «The Main Thing»     3:54
7. «Take a Chance with Me»   Ferry/Manzanera 4:42
8. «To Turn You On»     4:16
9. «True to Life»     4:25
10. «Tara»   Ferry/Mackay 1:43

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. «allmusic ((( Avalon > Review )))». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r17018. Henta 6. april 2011. 
  2. Brackett, Nathan. "Roxy Music". The New Rolling Stone Album Guide. November 2004. s. 705
  3. Christgau, Robert. "Roxy Music". robertchristgau.com, henta 6. april 2011.
  4. Scaruffi, Piero. "Roxy Music". pieroscaruffi.com (italiensk). Henta 6. april 2011.