Love Is the Drug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Love Is the Drug
singel av Roxy Music
frå albumet Siren
B-side «Sultanesque»
Utgjeve September 1975
Innspelt Sommaren 1975
Sjanger Kunstrock
Lengd 3:58
Selskap EG Records
Låtskrivar(ar) Bryan Ferry/Andy Mackay
Produsent Chris Thomas
Roxy Music-kronologi
«The Thrill of It All»
(1974)
Love Is the Drug «Both Ends Burning»
(1975)

«Love Is the Drug» er ein song frå 1975 av Roxy Music frå albumet Siren. Songen vart gjeven ut på singel og nådde andreplassen i Storbritannia. Han vart òg den første hitten deira i USA, der han nådde 30. plass tidleg i 1976.

Songen starta som ein instrumental av Andy Mackay, men Bryan Ferry skreiv så tekst til songen. Ferry sa at songen kom til han då han var ute og sparka lauv i Hyde Park.

«Love Is the Drug» står på lista til The Rock and Roll Hall of Fame over 500 songar som forma rock and roll. Ingen andre singlar av Roxy Music nådde like høgt på lista i USA, medan han i Storbritannia vart forbigått av John Lennon sin «Jealous Guy».

B-sida i dei fleste land var «Sultanesque», ein instrumental som ikkje finst på noko album, skriven av Ferry.

Lydklippet i starten av songen er henta frå opningsscenen i filmen Duel , der Dennis Weaver går til garasjen sin og går inn i bilen.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Grace Jones-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Love Is the Drug
Singel av Grace Jones
frå albumet Warm Leatherette
B-side «Sinning»
Utgjeve 1980
Sjanger Pop, rock
Lengd 4:40
Selskap Island Records WIP 6605
Låtskrivar(ar) Bryan Ferry, Andy Mackay
Grace Jones-kronologi
«A Rolling Stone»
(1980)
Love Is the Drug «Private Life»
(1980)

Grace Jones spelte inn «Love Is the Drug» for albumet Warm Leatherette i 1980 og songen vart gjeven ut som singel. Han nådde ikkje singellista, men ein remix av songen kom ut i 1986 i samband med samlinga Island Life og vart då ein liten hitt i Storbritannia med ein 35. plass.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre som har spelt songen er Divinyls, Kylie Minogue, The Hot Rats, Ali Campbell og Carla Gugino og Oscar Isaac.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]