Roger McGuinn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Roger McGuinn
Roger McGuinn.jpg
Verkeleg namn James Joseph McGuinn III
Fødd 13. juli 1942
Chicago i Illinois i USA
Instrument Tolvstrengsgitar, sjustrengsgitar, gitar, banjo, mandolin
Sjanger Rock, folkemusikk
Aktive år 1960–i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, produsent
Tilknytte artistar The Byrds, Chad Mitchell Trio
Plateselskap Columbia
Nettstad www.rogermcguinn.com
Kjende instrument
Rickenbacker 370/12
Martin HD-7
Martin D12-42RM

James Roger McGuinn (profesjonelt kjend som Roger McGuinn, tidlegare Jim McGuinn og fødd James Joseph McGuinn III (fødd 13. juli 1942)[1] er ein amerikansk songar, låtskrivar og gitarist. Han er mest kjend som frontmann i The Byrds. Han er medlem av Rock and Roll Hall of Fame for arbeidet sitt med The Byrds.

Med tolvstrengsgitaren sin vart Roger McGuinn ein viktig del av lydbiletet til gruppa. Eit av varemerka hans var rektangelforma solbriller som han alltid hadde eit stykke ned på nasa. Då Gene Clark forlét The Byrds i 1966 tok McGuinn over som leiande vokalist og komponist i gruppa.

Nokre av dei mest kjende songane hans frå denne tida er «It Won't Be Wrong», «5D (Fifth Dimension)», «Mr. Spaceman», «So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star», «Ballad Of Easy Rider» og «Chestnut Mare». Han var òg den drivande krafta bak dei populære arrangementa av Bob Dylan-songar som «Mr. Tambourine Man» og «All I Really Want To Do» og dessutan versjonane av Pete Seeger sine «The Bells Of Rhymney» og «Turn! Turn! Turn!».

McGuinn stod for musikk til filmen Easy Rider frå 1969.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Roger McGuinn (1973)
  • Peace On You (1974)
  • Roger McGuinn & Band (1975)
  • Cardiff Rose (1976)
  • Thunderbyrd (1977)
  • Back From Rio (1991)
  • Live From Mars (1996)
  • Treasures From the Folk Den (2001)
  • Limited Edition (2004)
  • The Folk Den Project (2006) 4 cd-boks

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Encyclopedia Britannic Online

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Åtvaring: Standardsorteringa «Macguinn, Roger» tar over for den tidlegare sorteringa «Mcguinn, Roger».