Brian Eno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brian Eno
Brian Eno Profile Long Now Foundation 2006.jpg
Eno at The Long Now Foundation, 26 juni 2006
Verkeleg namn Brian Peter George St. John le Baptiste de la Salle Eno
Fødd 15. mai 1948
Woodbridge, Suffolk, England
Instrument Synthesizer, piano, tangentinstrument, vokal, organ, saksofon, gitar, bass
Sjanger Eksperimentell rock, ambient, minimalisme, elektronisk, kunstrock, glamrock
Aktive år 1970 til i dag
Yrke Produsent, musikar, låtskrivar, artist
Tilknytte artistar Roxy Music, David Bowie, Coldplay, Talking Heads, Robert Fripp, Cluster, Devo, U2, David Byrne, Robert Wyatt, 801
Plateselskap Island, Polydor, EG, Obscure, Opal, Virgin, Astralwerks, All Saints Records, Rykodisc
Nettstad brian-eno.net

Brian Peter George St. John le Baptiste de la Salle Eno[1] (fødd 15. mai 1948), ofte berre forkorta til Brian Eno og tidlegare berre kjend som Eno, er ein engelsk musikar, låtskrivar, plateprodusent, musikkteoretikar, songar og visuell artist, mest kjend som ein av artistane som skapte ambient musikk.[2]

Eno studerte ved kunstskule, og henta inspirasjon frå minimalistiske måleri, men hadde lite musikalsk utdanning eller erfaring med å spele musikk før han vart med i Roxy Music på tangentinstrument og synthesizerar tidleg i 1970-åra. Suksessen til Roxy Music i glamrockmiljøet kom raskt, men Eno vart raskt trøytt av konfliktane med songaren Bryan Ferry, og av turnelivet, så han forlet bandet etter dei gav ut For Your Pleasure (1973). Han starta så ein solokarriere med kunstrockplatene Here Come the Warm Jets (1974) og Taking Tiger Mountain (By Strategy) (1974).

Eno gjekk så inn i meir eksperimentell musikk med No Pussyfooting (1973) og Evening Star (1975), begge samarbeid med Robert Fripp, The Lamb Lies Down on Broadway (1974) av Genesis der han er tilskriven med «Enossification», og dei viktige soloalbuma Another Green World (1975) og Discreet Music (1975). Pionerarbeidet hans innan ambient med «lydlandskap» starta å ta opp meir av tida hans, frå og med Ambient 1/Music for Airports (1978) og seinare Apollo: Atmospheres and Soundtracks (1983) som vart komponert for dokumentarfilmen For All Mankind. Eno heldt likevel fram med å synge på nokre av platene sine, som på Before and After Science (1977) til Wrong Way Up (1990) med John Cale til det nyaste Another Day on Earth (2005).

Soloarbeidet til Eno har hatt stor innverknad, og han har vore ein pioner innan ambient og generativ musikk, innovative produksjonsteknikkar og ved å legge vekt på «teori over praksis».[3] Han medverka òg til å gjere konseptet tilfeldig musikk populært, delvis gjennom samarbeid med andre artistar.[4] Mot slutten av 1970-åra hadde Eno arbeidd med David Bowie på «Berlintriologien», hjelpt til imed å gjere det amerikanske punkrockbandet Devo og den punkaktige «No Wave»-sjangeren populære, og ofte arbeidd med Harold Budd, John Cale, Cluster, Robert Fripp og David Byrne, som han produserte det påverkande My Life in the Bush of Ghosts (1981) med. Han produserte og spelte på tre album av Talking Heads, mellom anna Remain in Light (1980); produserte sju album for U2, inkludert The Joshua Tree (1987); og arbeidd på plater med James, Laurie Anderson, Coldplay, Depeche Mode, Paul Simon, Grace Jones og Slowdive, blant andre.

Eno driv med multimediaføretak parallelt til musikkarrieren, med kunstinstallasjonar, faste spalter i avisa The Observer og Prospect og «Oblique Strategies» (skriven med Peter Schmidt), som er kortstokk med kryptiske kommentarar eller tilfeldig innsikt som er meint å løyse forskjellige dilmema. Han samarbeider framleis med andre musikarar, produserer plater og gjev ut sin eigen musikk.

Utdanning og tidleg musikkarriere[endre | endre wikiteksten]

Brian Eno vart fødd i 1948 i Woodbridge i Suffolk, og fekk utdanning ved St Joseph's College i Birkfield i Ipswich, som vart grunnlagd av St John le Baptiste de la Salle-ordenen, Ipswich Art School i Roy Ascott's Groundcourse; og Winchester School of Art, der tok eksamen i 1969. I skulen nytta han lydbandopptakar som musikkinstrument og eksperimenterte med sine første, ofte improvisasjonsbaserte band. Læraren på St. Joseph's College teacher og målaren Tom Phillips oppfordra han, og hugsa å spele «Piano Tennis» med Eno, der dei samla saman piano, kledde av dei og plasserte dei i ein hall, der dei kasta tennisballar på dei. Frå dette samarbeidet vart han involvert i Cornelius Cardew sitt Scratch Orchestra. Dei gav først ut ei innspeling der Eno spelar kalla The Great Learning (Feb. 1971). Ei anna tidleg innspeling var filmmusikken til Berlin Horse av Malcom Le Grice som kom ut i 1970 og vart presentert i 1971.[5]

Roxy Music[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Roxy Music.

Den profesjonelle musikkarrieren til Brian Eno byrja i London, som medlem (1971–1973) av glam/kunstrockbandet Roxy Music, i starten ikkje med dei på scenen i det heile, men opererte miksebordet, og laga lydar for bandet med ein VCS3-synthesizer og bandopptakar, samt song korvokal. Han vart sidan med dei på scenen og spelte som eit medlem av bandet, ofte i prangande kostyme. Han slutta i bandet etter å ha gjort ferdig turneen deira etter det andre albumet, For Your Pleasure etter usemjer med songaren Bryan Ferry og at han var lei av livet som rockestjerne.[6]

I 1992 skildra han perioden i Roxy Music som viktig for karrieren: «Etter at eg gjekk inn på ein undergrunnsstasjon og møtte Andy [saksofonist Andy Mackay], vart eg med Roxy Music, og som følgje av dette fekk eg ein karriere innan musikk. Om eg hadde gått ti meter lenger på den perrongen, eller ikkje nådd toget, eller vore i den neste vogna, så hadde eg truleg vore ein kunstlærar no.».[7] I perioden med Roxy Music, og på dei tre første soloalbuma sine, vart han berre omtalt som 'Eno'.

Soloarbeid[endre | endre wikiteksten]

Eno la ut på ein solokarriere nesten like etter han forlet Roxy Music. Mellom 1973 og 1977 spelte hann inn fire album med stort sett elektroniske popsongar – Here Come the Warm Jets, Taking Tiger Mountain (By Strategy), Another Green World og Before and after Science. Dei to sistnemnde inneheld songar med mininmale instrumentstykke i såkalla ambient-stil. Tiger Mountain inneheld den galopperande «Third Uncle», ein av dei mest kjende songane til Eno og seinare spelt av Bauhaus. Kritikar Dave Thompson skildrar songen som «eit nær punk-åtak med gitarriff og skramlande perkusjon, og kunne i andre hender ha vore ein heavy metal-klassikar, sjølv om tekstinnhaldet ville ha gjort dei mest slaviske luftgitaristane mållause.»[8]

Desse fire albuma vart nymastra og gjeven ut på ny i 2004 av Virgin sitt Astralwerks. Sidan Eno ikkje ønskte å legge til ekstraspor, er det ein handfull opphavleg gjevne ut som singlar, som ikkje er gjevne ut på CD.

I denne perioden spelte òg Eno tre konsertar med Phil Manzanera i bandet 801, ei «supergruppe» som spelte meir eller mindre omforma versjonar av songar frå albuma til Eno, Manzanera og Quiet Sun, i tillegg til songar av The Beatles og The Kinks.

I 1972 utvikla Eno ein forseinkingssystem først nytta av Eno og Robert Fripp (frå King Crimson), skildra som 'Frippertronics', og paret gav ut eit album i lag i 1973 kalla (No Pussyfooting). Det er sagt at teknikken vart lånt frå minimalistmusikaren Terry Riley, som laga eit forseiknikngssystem med eit par Revox-opptakarar (eit system Riley på denne tida kalla «Time Lag Accumulator») og som først vart nytta på Riley-albumet Music for the Gift i 1963.[9] I 1975 gav Fripp og Eno ut eit nytt album, Evening Star, og spelte fleire konsertar i lag i Europa.

Eno var eit viktig medlem i performance art og det klassiske orkesteret Portsmouth Sinfonia – etter å ha starta å spele med dei i 1972. I 1973 produserte han det første albumet til orkesteret, The Portsmouth Sinfonia Plays the Popular Classics (utgjeven i mars 1974) og i 1974 produserte han konsertalbumet Hallellujah! The Portsmouth Sinfonia Live At The Royal Albert Hall på den kjende konserten deira i mai 1974 (utgjeven i oktober 1974.) I tillegg til å ha produsere begge albuma deira, spelte Eno klarinett på begge innspelingane. Eno nytta òg den kjende disharmoniske strykeseksjonen i orkesteret på det andre soloalbumet hans Taking Tiger Mountain (By Strategy). Orkesteret hadde på denne tida andre musikarar som han seinare gav ut soloalbum med på selskapet sitt Obscure, Gavin Bryars og Michael Nyman. Dette året komponerte han òg musikk for albumet Lady June's Linguistic Leprosy, med Kevin Ayers, som akkompagnement for diktaren June Campbell Cramer.

Eno heldt fram karrieren med å produsere stadig meir ambiente elektroniske og akustiske album. Han er i hovudsak rekna som opphavsmannen til omgrepet «ambient musikk»,[10] ein lågmælt musikk som er utforma for endre oppfatninga ein har av omgjevnadane sine.

Det første verket hans i denne stilen, Discreet Music frå 1975 (igjen skapt med utførleg forseinkingsteknikkar, som Eno skisserte på baksida av plateomslaget), vert rekna som eit landemerke innan sjangeren. Dette vart følgd opp av Ambient-serien hans (Music for Airports (Ambient 1), The Plateaux of Mirror (Ambient 2), Day of Radiance (Ambient 3) og On Land (Ambient 4)). Eno var den viktigaste musikaren på desse platene, med unntak av Ambient 2 der Harold Budd spelte tangentar, og Ambient 3 der den amerikanske låtskrivaren Laraaji var den einaste musikaren på sitar og dulcimer med Eno som produsent.

I 1980 laga Eno filmmusikken til Herbert Vesely sin Egon Schiele Exzess und Bestrafung. Den ambient-aktige musikken var eit uvanleg musikkval for eit historisk stykke, men det fungerte effektivt med temaa i filmen om seksuelle tvangstankar og død.

I 1981 kom Eno attende frå ei reise til Ghana og før On Land, oppdaga han Miles Davis-songen «He Loved Him Madly» frå 1974, ein melankolsk hyllest til Duke Ellington påverka av både afrikanske musikk og Karlheinz Stockhausen. Som Eno skreiv i plateomslaget til On Land, «den revolusjonerande produksjonen til Teo Macero på dette stykket verka for meg å ha den «romlege» kvaliteten eg var etter, og som Federico Fellini-filmen Amarcord frå 1973, vart det ein prøvestein eg stadig vendte attende til.»[11]

Eno skildrar seg sjølv som «ikkje-musikar» og var opphavet til uttrykket «handsamingar» for å skildre endringane han gjorde i lyden til musikkinstrument. Dette var for å skilje rolla si frå dei tradisjonelle musikarane. Han nytta «studio som eit låtskrivarverktøy»[12] og førte delvis til karrieren hans som produsent. Metodane hans vart på midten av 1970-åra rekna som unike, til så stor grad at han på Genesis-albumet The Lamb Lies Down on Broadway, er han tilskriven med 'Enossification'; på Robert Wyatt sitt Ruth Is Stranger Than Richard med ein Direct inject anti-jazz raygun og på John Cale sine Island-album som berre å vere «Eno».

Obscure Records[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Obscure Records.

Eno starta Obscure Records i Storbritannia i 1975f or å gje ut album av mindre kjende artistar. Den første i gruppa av tre utgjevingar inkluderte hans eige Discreet Music, og det no kjende The Sinking of the Titanic (1969) og Jesus' Blood Never Failed Me Yet (1971) av Gavin Bryars. Den andre sida av Discreet Music bestod av fleire versjonar av Pachelbels Kanon, komposisjonen Eno tidlegare hadde valt ut til å spelast før Roxy Music kom inn på scenen. Her hadde han nytta algoritmiske transformasjonar slik at verket nesten ikkje var til å kjenne att. Side 1 bestod av ei bandsløyfe for å generere musikk frå relativt sparsamt instrument. Desse lydbanda hadde vorte nytta som bakgrunn i samarbeida hans med Fripp, mest merkbart på Evening Star. Det vart berre gjeven ut 10 album på Obscure, inkludert album av John Adams, Michael Nyman og John Cage. På denne tida var han òg tilknytta artistar i Fluxus-miljøet.

Samarbeid[endre | endre wikiteksten]

I 1975 samarbeidde Eno med the Wolf i ein rockeversjon av Sergej Prokofijev sin klassiske Peter og ulven. Produsert av Robin Lumley og Jack Lancaster, deltok Gary Moore, Manfred Mann, Phil Collins, Stephane Grapelli, Chris Spedding, Cozy Powell, Jon Hiseman, Bill Bruford og Alvin Lee på albumet. I 1975 spelte òg Eno synthesizer og gjorde handsamingar på Quiet Sun-albumet Mainstream i lag med Phil Manzanera, Charles Hayward, Dave Jarrett og Bill MacCormick, og han spelte og medverka med songar og vokal på Phil Manzanera-albumet Diamond Head.

I 1980–1981 samarbeidde Eno med David Byrne frå Talking HeadsMy Life in the Bush of Ghosts, som var bygd kring radiosendingar Eno samla inn då han budde i USA, i lag med samplingar frå innspelingar frå heile verda, hovudsakleg inspirert av afrikanske og arabiske rytmar.

Han arbeidde med David Bowie som låtskrivar og musikar på den viktige «Berlintriologien» hans, albuma Low, "Heroes" og Lodger, samt det seinare albumet Outside, og songen «I'm Afraid of Americans». I 1980 utvikla Eno ei interesse for alternative gitarstemmingar, som førte til «gitarkitektur»-diskusjonar med Chuck Hammer, tidlegare gitarist for Lou Reed. Etter å ha vore involvert i No-Wave som førte han i kontakt med den «fråfalne» artisten Greg Belcastro, som introduserte han for gitarteknikkane til Sonic Youth, har Eno òg samarbeidd med John Cale, tidlegare medlem i Velvet Underground, på triologien hans Fear, Slow Dazzle og Helen of Troy, Robert Wyatt på hans Shleep, med Jon Hassell, med den tyske duoen Cluster, med låtskrivararane Harold Budd, Philip Glass og Roberto Carnevale. Eit nytt samarbeidd med David Byrne kalla Everything That Happens Will Happen Today kom ut digitalt i august 2008.

1990-åra[endre | endre wikiteksten]

I 1992 gav Eno ut eit album med tungt synkoperte rytmar kalla Nerve Net, med bidrag frå fleire tidlegare samarbeidspartnarar som Robert Fripp, Benmont Tench, Robert Quine og John Paul Jones. Albumet vart i siste augneblink gjeve ut til fordel for My Squelchy Life, som hadde meir pop-orienterte songar, med Eno på vokal. Fleire songar frå My Squelchy Life kom ut i 1993 på boksen Eno Box II: Vocals. Eno gav òg i 1992 ut verket The Shutov Assembly, innspelt mellom 1985 og 1990. Dette albumet omfattar atonalitet og unngår dei mest vanlege toneartar, skalaer og tonehøgder. Mykje av musikken endrar seg gradvis og utan merkbar fokus, og er ein av dei mest varierte ambiente samlingane til Eno. Eno nytta ikkje vanlege instrument, bortsett frå handsama tangentinstrument.

I 1990-åra vart Eno i stadig aukande grad interessert i sjølvskapande musikksystem, som førte til det han kalla generativ musikk. Grunnlaget for generativ musikk er ei blanding av fleire sjølvstendige lydspor, med forskjellige lydar, lengder og i somme tilfelle stillheit. Når kvart individuelle spor er ferdig, starta det opp att og blandar seg inn med andre spor som gjer at lyttaren kan høyre ein nesten uendeleg kombinasjon av lydspor. I eit tilfelle av generativ musikk rekna Eno ut at det ville ta nesten 10 000 år å lytte gjennom alle dei mogelege kombinasjonane for eit enkelt stykke. Eno har presentert denne musikken som seg sjølv og for andre artistar, samt i kunst- og lydinstallasjonar, mellom anna «I Dormienti (The Sleepers)», Lightness: Music for the Marble Palace, Music for Civic Recovery Centre, The Quiet Room og «Music for Praha».

2000-åra[endre | endre wikiteksten]

I 2004 gav Fripp og Eno ut eit nytt ambient samarbeidsalbum, The Equatorial Stars.

Eno kom attende i juni 2005 med Another Day on Earth, det første store albumet hans sidan Wrong Way Up (med John Cale) med vokal (ein trend han heldt fram med Everything That Happens Will Happen Today).

Tidleg i 2006 samarbeidd Eno med David igjen for ei nyutgjeving av My Life in the Bush of Ghosts i samband med 25-årsjubileet for albumet. Åtte spor som tidlegare ikkje var gjevne ut, spelt inn i 1980-1981, vart lagt til albumet, medan ein song, «Qu'ran», vart fjerna etter krav frå muslimar.[13] Då albumet kom ut kunne ein gå til den offisiell nettstaden for albumet og lovlege laste ned lydspora til to av songane frå albumet, «A Secret Life» og «Help Me Somebody». Ein kunne så mikse songane på ny og laste dei opp på nettsida slik at andre kunne lytte til dei og kommentere dei.

Seint i 2006 gav Eno ut 77 Million Paintings, eit program for generativ video og musikk for PC. Som tittelen indikerer er det mogeleg å sjå 77 millionar måleri med programmet.

I 2007 vart musikken til Eno nytta i filmutgåva av Irvine Welsh-samlinga Ecstasy: Three Tales of Chemical Romance. Han spelte òg tangentinstrument på Voila av Belinda Carlisle, der ho syng alle songane på fransk.

I 2007 gav Eno òg ut ein komposisjon kalla «Grafton Street» på det tredje albumet til Dido, Safe Trip Home, som kom ut i november 2008.[14]

I 2008 gav han ut Everything That Happens Will Happen Today med David Byrne, skreiv lydar og musikk for dataspelet Spore og skreiv eit kapittel til Sound Unbound: Sampling Digital Music and Culture, redigert av Paul D. Miller (òg kjend som DJ Spooky).

Eno avslørte på radio i mai 2009 at ein hudtransplantasjon han fekk etter ein alvorleg brannskade delvis bestod av menneskehud og delvis karbonfiber.[15]

I juni 2009 vitja Eno Luminous Festival i Sydney Opera House, som var den første konserten hans på mange år. «Pure Scenius» bestod av tre improviserte konsertar same dagen, med Eno, og den australske improvisasjonstrioen The Necks, Karl Hyde frå Underworld, den elektroniske artisten Jon Hopkins og gitarist Leo Abrahams.

Eno skreiv musikk for Peter Jackson-filmen The Lovely Bones, som kom ut i desember 2009.[16]

2010-åra[endre | endre wikiteksten]

I mai 2010 spelte den same Pure Scenius-besetninga som i 2009 'This is Pure Scenius!' på Brighton Festival i England.

Eno gav ut eit nytt soloalbum på Warp Records seint i 2010. Small Craft on a Milk Sea vart laga i lag med samarbeidspartnaren Leo Abrahams og Jon Hopkins, og kom ut i november.[17]

Plateprodusent og andre prosjekt[endre | endre wikiteksten]

Plateproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Frå byrjinga av solokarrieren sin i 1973, vart Eno ein etterspurd produsent – sjølv om mangementet hans i dag skildrar han som ein «lydlandskap-skapar» i staden for produsent. Det første albumet Eno er tilskriven som produsent på er Lucky Leif and the Longships av Robert Calvert. Eno har produsert album for ei rekkje artistar, som Talking Heads, U2, Devo, Ultravox og James. Han produserte delar av albumet When I Was a Boy av Jane Siberry i 1993. I 1994 og 1996 vann han prisen som beste produsent på BRIT Awards.

Trass i at han skildrar seg sjølv som «ikkje-musikar» har Eno medverka på innspelingane til artistar så varierte som Nico, Robert Calvert, Genesis, David Bowie og Zvuki Mu med studio/synthesizer/elektronikk-handsamingar, vokal, gitar, bassgitar, og stundom berre som 'Eno'. I 1984, komponerte han (i lag med fleire andre) musikken «Prophecy Theme» for David Lynch-filmen Dune; resten av filmmusikken vart skriven og framført av Toto. Eno produserte Laurie Anderson-albumet Bright Red, samt medverka med musikk til albumet. Eno spelte på musikken til David Byrne for The Catherine Wheel, eit prosjekt bestilt av Twyla Tharp for eit danseprosjekt for Broadway med same namn.

Eno var medprodusent på The Unforgettable Fire (1984), The Joshua Tree (1987), Achtung Baby (1991) og All That You Can't Leave Behind (2000) for U2 i lag med samarbeidspartnaren Daniel Lanois, og produserte i 1993 Zooropa for bandet aleine. I 1995 slo U2 og Eno seg saman for albumet Original Soundtracks 1 under namnet Passengers; songar frå OST1 inkluderte «Your Blue Room» og «Miss Sarajevo». Han produserte òg Laid (1993), Wah Wah (1994) og Pleased to Meet You (2001) for James.

Eno spelte i 1986 på albumet Measure for Measure av det australske bandet Icehouse. Han remiksa to songar for Depeche Mode, «I Feel You» og «In Your Room», begge singlar frå albumet Songs of Faith and Devotion frå 1993. I 1995 medverka Eno med ein av fleire remiksar av «Protection» av Massive Attack (opphavleg frå albumet Protection).

I 2007 produserte han det fjerde studioalbumet til Coldplay, kalla Viva la Vida or Death and All His Friends, som kom ut i 2008. Han arbeidde òg med Grace Jones på albumet hennar Hurricane, der han er tilskriven som «produksjonsrådgjevar» og bandmedlem. Han har ofte samarbeidd med Daniel Lanois, og arbeidde på det tolvte studioalbumet til U2, kalla No Line on the Horizon, som kom ut i 2009.

Microsoft-lyden[endre | endre wikiteksten]

I 1994 møtte Microsoft-designerane Mark Malamud og Erik Gavriluk Brian Eno og spurte om han kunne skrive musikk for Windows 95. Resultet vart den fire sekund lange oppstartsmusikken for operativsystemet Windows 95, The Microsoft Sound (.wav).

Generativ musikk[endre | endre wikiteksten]

I 1996 samarbeidde han med å utvikle systemet SSEYO Koan for generativ musikk (av Pete Cole og Tim Cole frå intermorphic) som han nytta på albumet Generative Music 1.

Anna arbeid[endre | endre wikiteksten]

Eno har òg vore aktive i andre kunstnariske felt, og produsert videoar for galleri og samarbeid med visuelle kunstnarar. Kortstokken «Oblique Strategies» som han og kunstnaren Peter Schmidt laga på midten av 1970-talet, er skildra som «100 Worthwhile Dilemmas» og meint som støtte for å vende opp-ned på tankeprosessen til skapande kunstnarar. Eit anna samarbeid var med Russell Mills på boka More Dark Than Shark. Han skreiv òg musikk for Robert Sheckley sin In the Land of Clear Colours, ei forteljande soge med musikk opphavleg publisert i av eit lite kunstgalleri i Spania.

Eno dukka opp som Father Brian Eno på «It's Great Being a Priest!»-konvensjonen i «Going to America», den siste episode av situasjonskomedien Father Ted, som vart sendt første gong 1. mai 1998 på Channel 4.

I mars 2008 samarbeidde Eno med den italienske kunstnaren Mimmo Paladino for eit show der lydlandskapa til Eno vart nytta på Ara Pacis i Roma.

I oktober 2008 samarbeidde Eno med Peter Chilvers for å skape ein applikasjon kalla Bloom, Trope, og Air for iOS-plattforma.[18]

«Lizard Point» frå On Land vart nytta i filmen Shutter Island i 2010.

Påverknad[endre | endre wikiteksten]

Eno vert ofte omtalt som ein av mest påverkande musikarane i popmusikken.[19] Ein kritikar hos Allmusic hevdar at Eno «for alltid endra måten musikk vert tilnærma, komponert, framført og oppfatta pp, og alt frå punk til techno til new age ber hans umiskjennelege påverknad»[3] Han har spreidd teknikkane og teoriane sine gjennom produksjonen sin. Den særeigne stilen hans har påverka dei mange prosjekta han var involvert i, som «Berlintriologien» til David Bowie (som var med å gjere minimalisme populært) og albuma han produserte for Talking Heads (med afrikansk musikk og polyrytmar som Eno foreslo), Devo og andre grupper.[20] Det første samarbeidet til Eno med David Byrne, My Life in the Bush of Ghosts i 1981, var ein pioner innan samplingsteknikkar og bana veg for verdsmusikk.[21] Eno og Peter Schmidt sin Oblique Strategies har vorte nytta av mange band, og produksjonsstilen til Eno har vore påverkande innan mange generelle område: «innspelingsteknikkane hans har vore med på å endre måten moderne musikarar – særleg elektroniske musikarar – nyttar studioet. Det er ikkje lenger eit passivt medium som ein kommuniserer ideane sine gjennom, men er i seg sjølv eit nytt instrument med tilsynelatande endelause mogelegheiter.»[22]

Han var ikkje berre oppfinnaren av ambient musikk, men vert rekna som ein stor bidragsytar til sjangeren. Ambient Music Guide hevdar at han førte musikken «frå mørket og inn i det populære medvitet fundamentale idear om ambient musikk, inkludert ideen om moderne musikk som ein subtil atmosfære, som chill-out, som impresjonistisk, som noko som skapar rom for roleg ettertanke og avslapping.»[22] Det banebrytande arbeidet hans innan elektronisk musikk har sagt å ha ført stor merksemd og nyskapingar i rolla elektronisk teknologi har for innspeling av musikk i dag.[23]

MGMT skreiv ein song om Eno, kalla «Brian Eno» for albumet Congratulations i 2010.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Estrella, Espie Ambient Music, about.com
  2. AllMusic, Explore Music, "Ambient"
  3. 3,0 3,1 Jason Ankeny, ((( Brian Eno > Biography ))), allmusic
  4. Prendergast, Mark The Ambient Century, Bloomsbury UK, 2000. ISBN 0747542139
  5. «Malcom Le Grice Installation». Wkv-stuttgart.de. http://www.wkv-stuttgart.de/en/programme/2006/exhibitions/expanded-media/malcolm-le-grice/. Henta 21. april 2011. 
  6. «Eno Left Roxy Music to do His Laundry». Contactmusic.com. http://www.contactmusic.com/new/xmlfeed.nsf/mndwebpages/eno%20left%20roxy%20music%20to%20do%20his%20laundry. Henta 21. april 2011. 
  7. Prendergast, Mark (2001). The Ambient Century: From Mahler to Trance: The Evolution of Sound in the Electronic Age. Bloomsbury Publishing. ss. p118. ISBN 1582341346. 
  8. Thompson, Dave. «All Music review». Allmusic.com. http://www.allmusic.com/song/t821132. Henta 21. april 2011. 
  9. «The Birth of Loop». Loopers-delight.com. 13 oktober 1996. http://www.loopers-delight.com/history/Loophist.html. Henta 21. april 2011. 
  10. Prendergast, The Ambient Century: s.93
  11. «''Ambient 4: On Land'' 1986 release notes». Music.hyperreal.org. http://music.hyperreal.org/artists/brian_eno/onland-txt.html. Henta 21. april 2011. 
  12. «Pro Session – The Studio as Compositional Tool». Music.hyperreal.org. http://music.hyperreal.org/artists/brian_eno/interviews/downbeat79.htm. Henta 21. april 2011. 
  13. Dahlen, Chris (17 juli 2006). «Interview: David Byrne». Pitchfork Media. Arkivert frå originalen den 2006-08-06. http://web.archive.org/20060806054656/www.pitchforkmedia.com/article/feature/37176/Interview_Interview_David_Byrne. 
  14. Aizlewood, John. "In The Studio". Q Magazine. oktober 2007.
  15. «Interview with Sydney University Radio Group, 18 May 2009». News.surgfm.org. http://news.surgfm.org/?page_id=178. Henta 22. april 2011. 
  16. «Brian Eno: The Lovely Bones». http://upcomingfilmscores.blogspot.com/2008/12/brian-eno-lovely-bones.html. 
  17. «Pitchfork: Source: Brian Eno Reveals Warp Album Details». Pitchfork.com. http://pitchfork.com/news/39830-brian-eno-reveals-warp-album-details/. Henta 22. april 2011. 
  18. «Eno and Chilvers Release Sweet Music App for iPhone | Listening Post». Blog.wired.com. 9 oktober 2008. http://blog.wired.com/music/2008/10/review-brian-en.html. Henta 22. april 2011. 
  19. Randall Roberts, "Brian Eno to Lecture CSU-Long Beach, Present 77 Million Paintings, Blow Our Minds", LA Weekly, 30 juli 2009
  20. Musikar Guide, "Brian Eno Biography"
  21. Gina Vivinetto, "Reasons to know Brian Eno", SP Times, 1 juli 2004
  22. 22,0 22,1 Ambient Music Guide, "Brian Eno"
  23. Richardson, Mark. "Pitchfork: Interviews: Brian Eno". Pitchfork Media. pitchfork.com. 1 november 2010. Henta 22. april 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Brian Eno