Folgefonna nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Folgefonna nasjonalpark
Område Hordaland
Oppretta 2005
Areal 000000000000545.0000000000545 km²

Folgefonna nasjonalpark er ein nasjonalpark prega av den tredje største isbreen i Noreg. Baroniet i Rosendal ligg like utanfor nasjonalparken. Slottet er frå 1600-talet og har vore freda sidan 1920-åra. Dette er det einaste baroniet Noreg har hatt, og bygningane med den vakre, kringliggjande rosehagen er i dag ein av Noregs aller største turistattraksjonar.

Nasjonalparken vart oppretta i 2005 og omfattar areal i Etne, Kvinnherad, Odda, Jondal kommunar og Ullensvang herad i Hordaland fylke.

Vern og bruk av parken[endre | endre wikiteksten]

Formålet med nasjonalparken er å:

  • ta vare på eit stort og tilnærma urørt naturområde, som sikrar heilskapen og variasjonen i naturen frå låglandet til høgareliggjande område med fjell og bre
  • ta vare på verdfull vassdragsnatur
  • sikre det biologiske mangfaldet med økosystem, artar og bestandar
  • sikre viktige geologiske førekomstar
  • sikre verdfulle kulturminne.

Ålmenta skal ha høve til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv utan særleg teknisk tilrettelegging.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]