Stabbursdalen nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stabbursdalen nasjonalpark, på nordsamisk Rávttošvuomi Álbmotmeahcci, ligg i Finnmark fylke og har verdas nordlegaste furuskog. Parken vart oppretta i 1970 og utvida i 2002. Han omfattar areal i kommunane Porsanger og Kvalsund i Finnmark fylke.

Stabbursdalen nasjonalpark
Område Finnmark
Oppretta 1970
 - Totalt 000000000000747.0000000000747 km²

Vern og bruk[endre | endre wikiteksten]

Formålet med vernet er å sikre eit område nært fritt for tekniske inngrep, og å sikre biologisk mangfald med økosystem, artar og bestandar. I dette inngår blant anna å bevare ein del av verdas nordlegaste furuskog, variert vassdragsnatur og gáisáene med sitt karakteristiske preg, samt geologiske førekomstar og kulturminne.

Naturgrunnlaget innanfor nasjonalparken er viktig for samisk kultur og næring. Området skal kunne brukast til reindrift, naturoppleving og tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]