Rondane nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rondane
Område Oppland og Hedmark
Oppretta 21. desember 1962
Utvida 2003
Areal 000000000000963.0000000000963 km²

Rondane nasjonalpark er den eldste nasjonalparken i Noreg, oppretta 21. desember 1962 og utvida i 2003. Landskapet i parken er prega av Rondemassivet med tindar, tronge juv og djupe botnar.Berggrunnen er karrig, og lav og lyng dominerer vegetasjonen. Området har rike spor etter gammal fangstkultur.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Rondane nasjonalpark er knytt til fjellområdet Rondane aust for Gudbrandsdalen og omfattar areal i kommunane Dovre, Sel, Nord-Fron, Sør-Fron, Ringebu i Oppland fylke og Folldal og Stor-Elvdal i Hedmark fylke.

Verneformål[endre | endre wikiteksten]

Formålet med vernevedtaket er mellom anna å ta vare på

  • eit stort, samanhengande og i det vesentlege urørt fjellområde
  • eit høgfjellsøkosystem med eigenarta og variert biologisk mangfald
  • ta vare på sentrale leveområde til villreinstammen i Rondane.

Bruk av nasjonalparken[endre | endre wikiteksten]

Verneforskrifta tillèt bruk av fjellområda til husdyrbeite og tradisjonelt friluftsliv.

Den norske turistforening driv fleire hytter innanfor eller i utkanten av parken, deriblant Rondvassbu, Bjørnhollia, Grimsdalshytta, Peer Gynt Hytta, Dørålseter og Eldåbu. Kjende turistmål er m.a. Mysusæter, Høvringen, Kvitskriuprestinn, Skranglehaugane, Smiubelgen, Rondeslottet, Verkildalsbotnen, Jutulhogget og Ulafallene.

Pilegrimsleia frå Oslo til Nidaros går gjennom parken.

Fjelltoppar[endre | endre wikiteksten]

Det er ti fjelltoppar i Rondane som ragar over 2 000 moh.:


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rondane nasjonalpark