Fostertal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sau har to spener, og to lam per svangerskap blir derfor rekna som ideelt.
Foto: Keven Law

Fostertal eller kullstorleik er det talet på ungar eit hodyr ber fram gjennom fostertida.

Pattedyra vert delte i to grupper:

  • dei unipare eller monotoke, som til vanleg berre føder ein unge kvar gong. Her finn me mellom anna menneske.
  • dei multipare, pluripare eller polytoke, som til vanleg føder to eller fleire ungar kvar gong.
Mus er polytoke, og kan dermed lett amma fleire ungar.

Monotoke hodyr har éin spene eller eitt spenepar, medan dei polytoke har 4-7 spenepar, slik at dei kan die mange ungar i gongen.

Ved avl av husdyr har ein systematisk unngått fleirfødslar hos typiske monotoke husdyr, som hest og ku, medan ein har forsøkt å fremje fostertalet hos polytoke husdyr, som gris.

Oversyn over fostertal[endre | endre wikiteksten]

Husdyr Vanleg fostertal Grensetal
Kanin 4-8 1-13
Mink 4-6 1-10
Tamkatt 4-5 1-7
Hund 4-8 1-17
Svin 10-12 1-24
Geit 1-2 1-4
Sau 1-3 1-6
Kyr 1 1-4
Hest 1 1-2
Kamel 1 1-2
Ville dyr Vanleg fostertal Grensetal
Mus 4-7 ..
Rotte 6-9 -11
Ekorn 4 3-7
Røyskatt 7-9 6-13
Ulv .. 4-12
Tiger 2-3 1-6
Løve 2-3 1-6
Bjørn 2-3 1-5
Sjimpanse 1 1-2
Isbjørn 2 1-3
Mår 2-3 1-4
Elefant 1 1-2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]