Francisco Largo Caballero

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statue av Caballero

Francisco Largo Caballero (15. oktober 186923. mars 1946) var ein spansk politikar og fagforeiningsmann. Han var ein av dei historiske leiarane i det sosialistiske partiet PSOE og fagorganisasjonen Unión General de Trabajadores (UGT).

Caballero var fødd i Madrid. Han var bygningsarbeidar. Han vart medlem av sosialistpartiet i 1894. Caballero vart vald inn i bystyret i Madrid i 1905, og i parlamentet i 1917. Etter at partigrunnleggjaren Pablo Iglesias var død i 1925, vart Caballero etterfølgjaren hans som partileiar. Sidan 1918 hadde han då vore generalsekretær i UGT.

Frå førsten var han moderat i det politiske synet sitt, og han hadde ei pragmatisk line i forhold til general Miguel Primo di Rivera sitt diktatur, noko som gjorde at fagorganisasjonen kunne halde fram med å fungere under dette regimet. Han var òg starten på konflikten mellom Caballero og Indalecio Prieto, som var imot alt slags samarbeid med diktaturet.

Frå 1931 til 1933 var Caballero arbeidsminister i ei sentrum-venstre-regjering. Han var svært populær i arbeidarklassen, men omstridd mellom dei intellektuelle.

I 1933 vann høgresida valet. Den ekstreme høgresida kontrollerte i realiteten i stor grad den nominelt sentrumsorienterte regjeringa. Som følgje av dette vart Caballero radikalisert. Han byrja igjen å tale om ein sosialistisk revolusjon, og vart talsperson for venstresida innanfor PSOE og UGT. Då tre personar frå det ekstreme høgre vart tatt inn i regjeringa i 1934, var Caballero ein av leiarane for den mislykka væpna arbeidaroppstanden i Asturia og Catalonia, som vart slått ned med vald av regjeringa.

Caballero forsvarte alliansen med andre arbeidarparti og fagorganisasjonar, som kommunistpartiet Partido Comunista de España (PCE) og den anarkosyndikalistiske fagrørsla Confederación Nacional del Trabajo (CNT). Dette gjorde at han igjen kom i konflikt med Prieto, etter sigeren for folkefronten Frente Popular våren 1936. Caballero hindra at PSOE vart med i den republikanske, då sentrumsdominerte, folkefrontregjeringa til å begynne med. Caballero skal på denne tida ha meint at faren for statskupp frå høgresida var liten, og at dette om det likevel kom, skulle møtast med generalstreik og revolusjon.

Statskuppet kom 17. juli 1936, då den spanske kolonihæren under general Francisco Franco og høgresida gjorde opprør. Då kuppet ikkje straks vart vellykka, utvikla situasjonen seg til den spanske borgarkrigen, som varte i tre år.

Den 4. september 1936 vart Caballero utnemnd til stats- og krigsminister. Han gjekk inn for einskap mellom sosialistar, kommunistar, det venstresosialistiske POUM, anarkosyndikalistar og venstreorienterte katolikkar. Attåt krigføringa la han særleg vekt på å oppretthalde regjeringa sin autoritet i det republikansk-kontrollerte området. POUM og CNT var imot å oppløyse partimilitsane og gå inn i den republikanske hæren der politiske offiserar frå PCE etter kvart fekk stor innverknad.

Etter press frå Josef Stalin gjekk PCE 3. mai til 8. mai 1937 til væpna aksjon mot POUM, som vart kalla trotskistisk, og delvis òg mot CNT. Dette førte til regjeringskrise, der kommunistane fekk gjennom at Caballero gjekk av som regjeringssjef 17. mai. Den meir sentrumsorienterte Juan Negrin (også han frå PSOE) vart ny statsminister, då kommunistane meinte han var meir på line med dei slik stoda var.

Etter at republikken tapte borgarkrigen i 1939, flykta Caballero til Frankrike, der han i 1942 vart arrestert av den tyske okkupasjonsmakta og send til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Der vart han frigjord av Den raude arméen på slutten av krigen. Han døydde i eksil i Paris i 1946, då Franco-diktaturet ikkje vart fjerna av dei allierte, og kista vart ikkje tilbakeført til Spania før i 1978.

Fagorganisasjonen UGT kallar stiftinga si opp etter Francisco Largo Caballero.

Kjelde:[endre | endre wikiteksten]

Den tyskspråklege wikipediaen, art. med same namnet, som lesen 23. oktober 2008.