Fuglen munk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Munk
Munk
Hannfugl av munk
Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Sylviidae
Slekt: Sylvia
Vitskapleg namn
Sylvia atricapilla
L., 1758


Munk (Sylvia atricapilla) er ein trekkfugl som høyrer til hagesongarslekta.

Innhaldsliste

[endre] Utsjånad

Munken er ca. 14 cm og veg ca. 19 gram. Både ho og han har kalott. Hos hannen er denne svart og hos hoa raudbrun. Nebbet er svart.

[endre] Læte

Songen liknar på hagesongaren sin.

[endre] Utbreiing

Arten er utbreidd i Europa frå midt i Fennoskandia til Nordvest-Afrika i vest, i aust til Ural, og til Lilleasia og Midtausten i søraust. Fem underartar er skildra, og i Nord-Europa lever nominatunderarten atricapilla. Bestandane i nord og aust er trekkfuglar, fuglane i sør er berre delvis trekkfuglar. Fuglane i vest overvintar på den iberiske halvøya og i det sørlege Frankrike, medan dei i aust overvintrar på Kypros og kysten av Lilleasia. Det er slik at fuglane som hekkar lengst nord overvintrar lengst sør. I Europa reknar ein bestanden til 25-49 millionar par. I Fennoskandia har bestanden auka, og også lengre sør ser det ut til å ha vore ein auke dei siste tiåra.

[endre] Biotop og utbreiing i Noreg

Munken trivs best i lauvskog eller frodig kratt, sjølv om han også er å finne i blandingsskog. Arten er mest talrik i Sør-Noreg til og med Trøndelag, men kan også finnast på gode lokalitetar i Nord-Noreg.

[endre] Næring

Føda er insekt og andre smådyr. I trekktida òg bær.

[endre] Hekking

Hoa legg 5 egg i siste del av mai eller juni. Begge kjønn rugar i 14 dagar. Ungane blir i reiret 11 dagar.

[endre] Trekkvanar

Hausttrekket startar i august, og norske fuglar finn vegen til begge overvintringsområda, både det i søraust og det i sørvest. Nokre fuglar overvintrar i Noreg. Ein del av desse er ungfuglar frå den kontinentale bestanden, som i større grad ikkje trekker, men spreier seg i fleire retningar. Dei første fuglane flyg frå vinterkvartera i februar/mars, og kjem til Noreg i mai, lengst sør i landet kanskje allereie i april.

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelder

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fuglen munk
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk