Gallehus-horna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Kopiar av gullhorna.

Gallehus-horna, også kjende berre som Gullhorna, er to gullhorn frå jernalderen (truleg frå 400-talet) som vart funne i jorda på den danske garden Gallehus i Slesvig (Sønderjylland). På det eine hornet er det skrive ei relativt lang og tydbar setning på urnordisk språk. Horna er difor viktige innanfor nordistikk og germanistikk i tillegg til at dei er interessante oldtidsminne. Dei opphavlege horna er borte i dag, men det finst avteikningar og skildringar av dei. Kopiar av horna, lagd på grunnlag av desse skildringane og teikningane, står i dag på utstilling på Nationalmuseet i København. Om kopiane er rette i alle detaljar, er uvisst og har vore diskutert.

Funnet[endre | endre wikiteksten]

Det fyrste hornet vart funne av ei tenestejente, Kirsten Svendsdatter, den 20. juli 1636, og dette var det lengste av dei. Nesten hundre år seinare, 21. april i 1734, fann husmannen Erich Lassen det korte hornet. Kirsten Svendsdatter tinga funnet til kongen, og fekk eit skjørt som løn for det. Lassen gav sitt funn til grevenSachackenborg, som igjen gav det vidare til kongen. Kongen gav 200 riksdalar til greven, som igjen gav festgarden sin til Lassen. Skatten blei oppbevara på Det Kongelige Kunstkammer ved Christiansborg i Rigsarkivets noverande bygning.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ole Worm si teikning frå 1641 av det store hornet.
Teikning lagd av Krysing av det minste hornet, publisert i 1734 i ei avhandling som J. R. Paulli skreiv om dette hornet.

Det lange hornet målte 75,8 cm langs ytterkanten og vog 3,2 kg. Opphavleg har begge horna vore like lange, men spissen på det eine vart funnen og omsmelta ei stund før. På kanten av munningen på det eine hornet stod det ein setning med runeskrifturnordisk språk.

Ornamenta på gullhorna var inndelte i fleire panel og synte mytiske førestillingar om menneske, dyr og fantasivesen. Oldtidsforskaren Ole Worm meinte at ornamenta fortalde moralske allegoriar. Willy Hartner kom med si forklaring frå 1969: han meinte dei var astronomiske oppteikningar av ei solformørking i 413, og ei rekkje alternative tolkingar har vorte lagt fram.

Gullhorna vakte oppsikt frå fyrste stund, og allereie i 1641 utgav Ole Worm ei avhandling om det fyrste hornet, ’’De aureo cornu’’, som òg inneheld den eine av to bevara teikningane av originalane. Hornet blei òg omtala i Det Franske Vitskapsakademis tidsskrift ’’Journal des Savantis’’ i 1678. Det andre hornet blei skildra av arkivar Richard Joachim Pauli i 1734.

Etter at horna forsvann i 1802, blei ein kopi av horna framstilt ut frå teikningar og samtidige skildringar. Nøyaktige gipskopiar vart laga og sendt med skip på bestilling frå kardinalen i Roma, men skipet med kopiane forliste utanfor Korsika. Nye kopiar av gullhorna vart laga i 1980-åra. Då fekk horna ei vridd form, noko som truleg er nærare originalforma. Kopiane er i dag utstilte på Nationalmuseet i København.

Runeinnskriftene[endre | endre wikiteksten]

Horna er datert til 400-talet, på slutten av romersk jernalder, og representerer det best kjende eksempelet på ein urnordisk tekst. Den fullstendige innskrifta på hornet ser slik ut: «ek hlewagastiR holtijaR horna tawido». Det finst fleire tydingar av denne setninga, ein av dei er: «eg, Lægjest av Holt, gjorde hornet». Ordet 'holtijaR' har óg vorte tolka som 'skogsmannen' eller 'son av Holt'.

Enkelte meiner at Lægjest må vera kongen Liutgast som er kjend frå folkevandringstida i Danmark om lag 450, og som skal ha vore rik på gull. Det edle materialet og utsmykkinga tyder på at horna hadde ein rituell funksjon. Det fanst på denne tida importerte drikkehorn av glas med liknande form, og ein laga drikkehorn av oksehorn og utsmykka dei med bronsekappe. Ein brukte òg trehorn som blåseinstrument, og desse kan minna om gullhorna. Ein 78 cm lang lur frå 400-500 etter vår tidsrekning, blei funnen utanfor Herning i 1993.

Urnordisk er ei så arkaisk språkform at ein frå tysk side har hevda at gullhorninnskrifta like gjerne kunne vera urgermansk. Men om gullhorna er frå 400-talet etter vår tidsreikning og urnordisk då hadde vore skilt frå urgermansk i over to hundre år, vert denne påstanden lite truverdig, sjølv om likskapar med urgermansk er å finna.

Tjuveri[endre | endre wikiteksten]

Men I see kun Guldets Lue,
Ikke det ærværdigt Høie;
Sætte dem som Pragt til Skue
For et mat nysgierrigt Øie.

Himlen sortner, Storme brage;
Visse Time! du er kommen.
Hvad de gav, de tog tilbage.
Evig bortsvandt Helligdommen.

avsl. av Guldhornene, Adam Oehlenschläger

Kvelden den 4. mai i 1802 blei gullhorna stolne, og tjuveriet vakte stort oppstyr. Tjuven blei etterlyst i både aviser og skillingsviser. Ein dusør på 1000 riksdalar blei utlova. Nær eit år seinare, den 27. april 1803 blei den fattige gullsmeden Niels Heidenreich pågripen, og tre dagar etter tilstod han å ha stole horna. Fleire medlem av gullsmedlauget hadde i lang tid mistenkt Heidenreich for å ha stått bak illgjerninga. Det viste seg at smeden hadde låst seg inn til rommet der horna låg, ved hjelp av nykelen til si eiga inngangsdør og ein nykel som han hadde forlenga skaftet på. Heidenreich vart dømd og sett i tukthus i 1840, og han døydde i 1844.

I året som var gått mellom tjuveriet og pågripinga hadde smeden smelta om horna heime på sitt eige kjøkken og brukt gullet til å framstilla mellom anna smykke og skospenner. Kjøparar av «gullhornsgull» leverte gullet attende, og det blei smelta om på Den Kongelige Mønt. Soleis forsvann spora etter Gullhorna for alltid. Berre ein liten rest av gullhornsgull kan framleis vera bevart i eit par øyreringar som i dag finst på museet i RingeFyn.

Tjuveriet av gullhorna gav nasjonalromantikaren Adam Oehlenschläger inspirasjon til diktet Guldhornene, kanskje det viktigaste diktet frå romantikken i Danmark. Diktet blei skrive rett etter tjuveriet, på eit tidspunkt då Oehlenschläger budde berre nokre få hus ifrå Heidenreich. Etter tapet av gullhorna blei dei eit symbol på «Danmarks glorværdige fortid».

Den 17. september 2007 vart kopiane av Gallehus-horna igjen stolne, då dei var på utstillinga Kongernes Jelling i Jelling. Dei kom tilbake i rette hender allereie to dagar etter, den 19. september 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]