Gamal Abd al-Nasser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nasser og den Sovjetrussiske leiaren Nikita Khrusjtsjov

Gamal Abd al-Nasser (arabisk جمال عبد الناصر — Gamāl ‘Abd an-Nāṣir) (15. januar 191828. september 1970) var ein egyptisk militær og politikar. Han var statsleiar i landet frå 1952 til 1970.

Nasser fekk den reelle makta i Egypt då kong Farouk vart styrta i 1952. I 1954 etterfølgde han Muhammad Naguib som statsminister. I 1956 vart han president, ein posisjon han hadde under Suezkrisa same året. I 1967 leid han eit militært nederlag i seksdagarskrigen, men han heldt likevel fram som statsleiar til han døydde i 1970.

Under Nasser reiv Egypt seg laus frå britisk styre, og gjennom revolusjonen skapte han det moderne Egypt. Han var ein sterk motstandar av vestleg imperialisme. Han var tilhengjar av panarabismen, den arabiske nasjonalismen. Han er rekna som ein av dei viktigaste arabiske leiarane gjennom historia.

Nasser var gift med Tahia og dei hadde tre søner; Khaled, Abdul Hamid og Abdul Hakim, og to døtrer; Mona og Hoda.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Foto frå ungdommen

Nasser vart fødd i Alexandria som son av ein posttenestemann. Frå ungdomsåra av deltok han ofte i demonstrasjonar mot regjeringa og det britiske styret.

Etter skolen byrja Nasser å studere jus ved universitetet i Kairo, og i 1937 kom han inn på militærhøgskolen. Etter eksamen i 1938 vart han fenrik, og han fekk teneste ved regimentet i Mankabad. Her danna det seg ei gruppe av offiserar som var blitt kjende med kvarandre under utdanninga, mellom dei Anwar Sadat. Dei diskuterte politiske spørsmål som det britiske styret i Palestina og Irak, det arabiske opprøret i Palestina og den egyptiske kong Faruk.

Nasser i hæren, 1940

Under andre verdskrigen tenestegjorde Nasser i Sudan, sidan ei tid i El-Alamein. I 1942 tvinga britane kong Faruk til å setje inn ei meir britiskvenleg regjering. Krinsen rundt Nasser vart opprørd over at den britiske ambassadøren Sir Miles Lampson hadde inntatt det kongelege palasset for å tvinge gjennom krava sine. Anwar Sadat leidde då ei løynleg politisk gruppe som med hjelp av Nazi-Tyskland skulle bli kvitt britane. Gruppa vart avslørt og Sadat vart dømd til fengsel. Like før var Nasser ført attende til Sudan, og han vart ikkje knytt til denne gruppa.

I februar 1943 kom Nasser til Kairo og fekk teneste som lærar ved militærhøgskolen.

Etter andre verdskrigen kravde statsminister Mohammed Nokrashy Pasha at Storbritannia skulle trekkje seg ut av Egypt og Sudan. Britane avslo dette kravet, og i opptøyane som følgde i Kairo, vart 170 mennekse drepne i kamp med politiet.

Den 14. mai 1948 proklamerte jødane i Palestina Israel som ein eigen stat. Den egyptiske hæren gjekk då til åtak på Israel, med Nasser som stabsmajor ved den sjette bataljonen. Han deltok i kampar ved Falluja, og etter hard strid vart egyptarane omringa. Dei bad då om forhandlingar, og 24. februar 1949 vart det innleidd ei våpenkvile og garnisonen fekk forlate staden.

For Nasser vart dette eit idelologsk vendepunkt. Han vart gripen av panarabiske idear. Han meinte at arabarane var truga av imperialsmen, som med Israel hadde etablert seg med ein ikkje-arabisk stat i Midtausten.

Nederlaget i krigen svekte den egyptiske regjeringa, og det muslimske brorskapet tok til orde for opprør mot jødar og europearar i Kairo. Statsminister Nokrashy gav ordre om at brorskapet måtte oppløysast, men 28. desember 1948 vart han drepen. Det hemmelege politiet arresterte eit hundretals mistenkte medlemmer i brorskapen, og dei leita òg etter kontaktane deira blant offiserane.

Ei tid låg Nasser lågt politisk, men i oktober 1949 vart han leiar for eit selskap for frie offiserar. Selskapet arbeidde for total britisk tilbaketrekking frå Egypt og Suez.

Militærkuppet[endre | endre wikiteksten]

I juli 1952 fekk dei frie offiserane nyss om at det hemmelege politiet ville slå til mot opposisjonen, og dei bestemte seg for å gjere statskupp. 22. juli tok Nasser og Amer kontroll over forsvaret sitt hovudkvarter i Kairo, medan andre militære tok over regjeringsbygningane, kringkastingshuset og telefonsentralen. Kuppmakarane utnemnde Naguib til kommandant, og dei tvinga kongen til å abdisere til fordel for den seks månader gamle sonen sin. Kongefamilien forlet Egypt 26. juli 1952.

Britane trekkjer seg ut[endre | endre wikiteksten]

Etter statskuppet stod juntaen overfor tre hovudproblem:

  • Dei 75 000 britiske soldatane i Suez.
  • Krisa i økonomien; muslimske arvereglar gjorde at bøndene hadde jordeigedommar som var så oppdelte at det knapt lét eg gjere å leve av dei, slik at mange reiste inn til byane for eit liv i fattigdom.
  • Maktkonsentrasjonen hjå ei gruppe jordeigarar som hadde styrt landet gjennom Wafd-partiet.

I januar 1953 vart Storbritannia og Egypt samde om sjølvstende for Sudan, og det var klart for ei tilbaketrekking frå Egypt og Suez. Dei avtalte at britane skulle trekkje seg ut, men dei fekk halde på eit teknisk personale på om lag 1200 personar for å halde basen klar om ein ny konflikt skulle bryte ut i Midtausten.

Etter kuppet hadde offiserane lova å halde val i februar 1953, då dei oppheva grunnlova, vart vala utsett i tre år. I januar 1954 vart leiande medlemmer av Wafd, det muslimske brorskapet og kommunstane for å ha forsøkt å styrte regjeringa. Alle parti utanom det muslimske brorskapet vart forbodne. I staden fekk landet eit einaste parti med Nasser som leiar.

Den 26. oktober vart Nasser utsett for eit attentat i Alexandria. Nasser kom velberga frå det, og han svara med å forby den musliske brorskapen og arrestere leiinga deira. Det vart òg påstått at Naguib hadde vore innblanda i attentatet, og 14. november vart han tvungen til å gå av. Nasser overtok då postane som president og statsminister.

Den 13. juni 1956 trekte britane dei siste styrkane sine ut or Port Said, og 18. juni 1956 vart det egyptiske flagget heist av Nasser sjølv.

Najonsbygging og krig[endre | endre wikiteksten]

Ei folkerøysting godkjende ei ny grunnlov, og i eit presidentval med Nasser som den einaste kandidaten, vart han vald til presisdent med 99 % av røystene.

Suezkrisa i 1956–57 vart eit militært nederlag for Egypt, men ein ny politisk siger for Nasser. Trass i nederlaget, hadde han synt at arabarane kunne stå oppreist mot stormaktsmotstand.

Seksdagarskrigen vart ein militær storsiger for Israel. På kvelden den 8. juni kunngjorde Nasser i ein kringkasta tale at Egypt godtok våpenkvile, og med skjelvande røyst tok han på seg det fulle ansvaret for nederlaget og kunngjorde at han gjekk av. Etter talen vart gatene i Kairo fylde med menneskemassar som kravde at Nasser skulle halde fram som leiar. Denne folkelege støtta gjorde at han heldt fram som statsleiar.

Den 28. september følgde Nasser emiren av Kuwait til flyplassen. Etterpå fór han heim, det var sagt han kjende seg uvel. På kvelden døydde han av eit hjarteanfall, 52 år gammal.

Som statsleiar vart Gamal Abd al-Nasser etterfølgd av Anwar Sadat.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gamal Abd al-Nasser
  • Nasser, Gamal Abdel. The Philosophy of the Revolution (1954)
  • Stephens, Robert. Nasser. A Political Biography. Penguin 1971. ISBN 0-7139-0181-0