Grårygglire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grårygglire

Status i verda: VU Sårbar

GrårygglireFoto: Wikipedia-brukar Aviceda
Grårygglire
Foto: Wikipedia-brukar Aviceda

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae
Slekt: Puffinus
Art: P. bulleri
Vitskapleg namn
Puffinus bulleri
Salvin, 1888

Grårygglire (Puffinus bulleri) er ein pelagisk fugl og ei stor lire i stormfuglfamilien. Som hekkefugl er ho endemisk til øygruppa Poor Knights Islands aust for Northland på New Zealand, og ho migrerer til vide område av nordlege og austlege Stillehavet.

Fuglen har ei kroppslengd på 46 centimeter, og veg ca. 425 gram. Oversida er mellomgrå og undersida med undervengene er kvite. Hovud og nakke er mørk brune, same mørke farge ligg i ein markert 'M'-figur på oversida av venger og rygg. [1]

Hekkesesongen startar med egglegging på øygruppa Poor Knights Islands i slutten av november månad. Dei hekkar i koloniar blanda med alvekvalfuglar. Reiret ligg inne i ein opptil 3 meter lang utgraven reirkanal eller nokre gonger i ei fjellhòle eller sprekk. Begge kjønna rugar det eine egget på skift i til saman ca. 51 dagar. Når ungen er ca. 90 dagar, i siste delen av mai månad, flyg han ut.[1]

Eit lite fugletrekk av grårygglirer til austkysten av Australia skjer i desember, hovudtrekket går nord og aust i Stillehavet i april og mai og returnerer i september. Fuglar som ikkje hekkar kan vere att i Stillehavet gjennom den australske sommaren eller dei beitar i Perustraumen, utanfor Chile og Peru.[1]

Grårygglirer har ein diett av små kril, fisk, og planktoniske kappedyr og stormaneter. Dei har lært å ta fiskeavfall frå båtar.[1]

Populasjonen blei estimert til totalt 2,5 millionar individ i 1990, men er trudd å vere lågare i dag.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Heather og Robertson, 2005
  2. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]