Den norske grunnlova
Den norske grunnlova er den høgste rettskjelda i Noreg. Andre åtgjerder som kjem i strid med denne, må vike. Grunnlova inneheld åtgjerder om statsforma, om menneskerettar, om den lovgjevande makta (Stortinget), den utøvande makta (regjeringa) og den dømmande makta (domstolane).
[endre] Historie
Kongeriget Norges Grundlov blei vedteken av Riksforsamlinga på Eidsvoll den 17. mai 1814 av 112 menn og sanksjonert av den valde kongen, Christian Frederik (kronprinsen av Danmark), to dagar seinare. Etter ein kortvarig krig med Sverige vart Noreg tvunge inn i personalunion med Sverige og måtte revidere grunnlova i høve til dette 4. november 1814. Desse endringane blei omgjorde ved oppløysinga av den vel 90-årige unionen 7. juni 1905 – byrjinga på sjølvstendet til det moderne Noreg.
Grunnlova var inspirert av den amerikanske sjølvstendeerklæringa i 1776 og menneskerettserklæringa frå den franske revolusjonen i 1789, og dei påfølgjande amerikanske og franske konstitusjonane. Då ho blei til var den norske grunnlova blant dei mest radikale grunnlovene i Europa.
[endre] Bakgrunnsstoff
| Wikikilden:Grunnloven på Wikikilden (frie originaltekstar) |
- Den gjeldande grunnlova frå Lovdata sine nettsider
- Den opphavlege grunnlova (17. mai 1814) frå Stortinget sine nettsider
- Digital utgåve av originaldokumentet frå 17. mai 1814 på Stortinget sine nettsider