Hera Björk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hera Björk
Hera Björk - Island (cropped).jpg
Verkeleg namn Hera Björk Þórhallsdóttir
Alias Hera Björk
Fødd 29. mars 1972, ReykjavíkIsland
Sjanger Pop og soul
Aktive år 2000–i dag
Yrke Songar

Hera Björk Þórhallsdóttir (fødd 29. mars 1972 i Reykjavík) er ein islandsk songar.

Dansk Melodi Grand Prix[endre | endre wikiteksten]

Hera Björk deltok i Dansk Melodi Grand Prix 2009 med songen «Someday» og enda på andreplass. Ho representerte Danmark i OGAE Second Chance Contest 2009 med den same songen som i Dansk Melodi Grand Prix, og denne gongen vann ho.

Söngvakeppni Sjónvarpsins[endre | endre wikiteksten]

Ho vann Söngvakeppni Sjónvarpsins 2009 med songen «Je ne sais quoi» og fekk representere Island i Eurovision Song Contest 2010. Som opningsnummer i Söngvakeppni Sjónvarpsins 2012 song ho vinnarsongane frå Eurovision Song Contest 2007 og 1988, høvesvis «Molitva» og «Ne partez pas sans moi».

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Ho var støttevokalist for Eurobandið i Eurovision Song Contest 2008 og for Jóhanna Guðrún Jónsdóttir i Eurovision Song Contest 2009. Båe bidraga representerte Island. Etter å ha vunne Söngvakeppni Sjónvarpsins 2010 representerte ho Island i Eurovision Song Contest 2010 med songen «Je ne sais quoi». I den fyrste semifinalen fekk bidraget 19. poeng og enda på tredjeplass av totalt 17 bidrag og i finalen fekk bidraget 41 poeng og enda på 19. plass av totalt 25 bidrag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]