Erik Solbakken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erik Solbakken

Fødd17. november 1984 (39 år)
FødestadHemsedal kommune
Aktive år2005–
Verka somskodespelar, programleiar, journalist, arrangementvert
PrisarGullruten for beste programleder

Erik Solbakken (fødd 17. november 1984 i Hemsedal) er ein norsk programleiar. Han har jobba i NRK sidan 2005. Frå desember 2007 har han vore sentral i den nye barnekanalen til NRK, NRK Super, og har medverka i barneprogramma Barne-TV, Julemorgen, Liga og Superkviss. Sidan hausten 2009 har han vore programleiar for programmet Utfordringen og Krem Nasjonal på NRK Super.

I mai 2010 leidde han den internasjonale songkonkurransen Eurovision Song Contest 2010 i Telenor Arena saman med Haddy N'jie og Nadia Hasnaoui.

8. januar 2011 var han programleiar for Idrettsgallaen 2011 i Hamar OL-Amfi saman med Haddy N'jie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Erik Solbakken