Jemen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Yemen)
Gå til: navigering, søk
[endre]
الجمهوريّة اليمنية
Al-Jumhuriyyah al-Yamaniyah

(norsk: Jemen, jemenittisk)

Det jemenittiske flagget Det jemenittiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen


Motto Allah, al-Watan, ath-Thawra, al-Wehda (Gud, Fedreland, Revolusjon, Einskap)
Geografisk plassering av Jemen
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad San'a
Styresett
Republikk
Ali Abdullah Saleh
Abdul Qadir Bajamal
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
527 968 km² (49.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
24 771 809 (48.)
46,9 /km² (-.)
Samla
22. mai 1990
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
61 880 mill. USD (83.)
2 600 USD (143.)
Valuta Jemenittisk rial
Tidssone UTC +3
Toppnivådomene .ye


Republikken Jemen er eit land på den arabiske halvøya.

Politikk [endre]

Republikken Jemen si grunnlov vart ratifisert i 1991. Republikken Jemen si lovgjevande forsamling består av to kammer. Shurarådet består av 111 seter og vert utpeika av presidenten. Representantane sitt hus består av 301 sete og vert valt på grunnlag av ei folkeavstemming. Representantene sit i ein seks års periode. Presidentval vert avhelde kvart 7. år. Statminister og regjering vert utpeika av presidenten.

Guvernement [endre]

Republikken Jemen er delt inn i 19 guvernement i tillegg til hovudstaden San'a som vert behandla som eit eige guvernement.

Klima [endre]

Jemen har eit forholdsvis fuktig klima, i alle fall til Arabia og vere. Kvar sommar strøymer ein vind frå Somalia mot India. Når denne vinden strøymer over dei høgareliggande områda i vest, kan det utløyse ein god del nedbør og torebyger. Desse områda er òg forholdsvis fuktige resten av året, og ein kan få snø på dei høgaste toppane. Enkelte område her kan få rundt 500 mm nedbør i året. Kysten av Adenbukta kan få enkelte regnbyger om sommaren, men dei indre ørkenområda er like tørr som resten av den arabiske halvøya.