Juan Fernández-øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Robinson Crusoe-øya i 2008.

Juan Fernández-øyane (spansk: Archipiélago Juan Fernández) er ei spansk vulkansk øygruppe som ligg sør i Stillehavet, om lag 600 km vest for den chilenske kysten. Øyane tilhøyrer Chile, og utgjer ein eigen kommune i provinsen Valparaíso. Likevel har øyane status som eit spesialterritorie i Chile frå og med 2007.

Samfunn og geografi[endre | endre wikiteksten]

Øygruppa består av tre større øyar: hovudøya Robinson Crusoe-øya 93 km2, Alejandro Selkirk-øya (85 km2) og Santa Clara-øya (5 km2). I tillegg kjem fleire småøyar, m.a. Juananga, rett ved hovudøya. Santa Clara-øya ligg om lag ein km unna hovudøya, medan Alejandro Selkirk-øya befinn seg 168 km vest for henne. Det høgaste punktet på øyane er Los Innocentes på Alejandro Selkirk; 1319 m.o.h. Øyane hadde 633 innbyggjarar i 2002. Øybuarane lever hovudsakleg av turisme og fiske, og det er berre Robinson Crusoe-øya som er busett. Øygruppa har ein rik flora og fauna, og det finst fleire endemiske artar her av både planter og dyr.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kart over øyane og den chilenske kysten.

Øyane ber namn etter oppdagaren sin, den spanske sjøfararen Juan Fernández. Han oppdaga øyane 22. november 1574 på veg frå Peru til Valparaíso, og kalla dei tre større øyane for Más Afuera, Más a Tierra, og Islote de Santa Clara. Den skotske sjøfararen Alexander Selkirk har gjort øyane kjende etter at han vart verande stranda på Robinson Crusoe-øya i fire år (1704-1708). Dette har truleg vorte til inspirasjon for Daniel Defoe sin verdskjende roman, Robinson Crusoe.

Dei moderne namna på øyane vart gjevne av den chilenske regjeringa i 1966 for å appellera til turistane. I røynda sette aldri Selkirk beina sine på øya som ber namn etter han, men berre på Robinson Crusoe-øya; Más a Tierra. Øyane vart også vitja av den britiske sjøfarande admiralen George Ansonsi jordomsegling frå 1740 til 1744.

Italienaren Alessandro Malaspina slo endeleg fast posisjonen til øygruppa i 1790. Utover 1800-talet vart øyane særleg interessante for jakt på pelssel. Den endemiske Juan Fernández-pelsselen vart jakta så mykje at ein trudde han vart utrydda. Heldigvis overlevde ei stamme på rundt 200 sel, og pelsselen tel i dag minst 10,000 eksemplar. Seinare vart det oppretta ein straffekoloni på både Robinson Crusoe og Alexander Selkirk.

Frå og med 1818, då Chile erklærte seg som ein uavhengig stat, har øyane vore underlagt Chile. I 1834 vart øyane vitja av amerikanaren Richard Henry Dana jr.. I ei bok skriv han om korleis han vart vitne til at straffangane på øya hadde gjort opprør, drepe fangevaktarane sine, og rømt til fastlandet der dei seinare vart jakta på og skotne. Chile tok til å senda nybyggjarar til øya i 1877. [1]

I 1908 vitja den svenske botanikaren Carl Skottsberg øyane under den svenske magellanekspedisjonen. Ein trur at Skottsberg vart den siste som fekk sjå sandeltreet Santalum fernandezianum før det vart utrydda. Dette treet var endemisk til Chile, men var ettertrakta for den aromatiske lukta frå veden. Under fyrste verdskrigen vart øyane vitja av tyske stridsfolk i samband med slaget ved Coronel og slaget ved Falklandsøyane i 1914.

Moderne historie[endre | endre wikiteksten]

I 1977 fekk øyane status som biosfærereservat av UNESCO. [2] Den 27. februar 2010 vart øyane råka av eit jordskjelv på 8,8 på richterskalaen med episenter utanfor Maule i Sentral-Chile. Skjelvet resulterte i ein tsunami som tok livet av minst åtte øybuarar. Den 2. september 2011 krasja eit chilensk militærfly då det forsøkte å landa på øyane i dårleg vêr. Alle dei 21 ombord omkom, mellom dei fleire kjende nasjonale TV-journalistar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]